Fôrprøvesesongen er godt i gang og vi observerer høge verdiar på nitrat på enkelte prøver. Høgt innhald av nitrat kan gi forgiftning. Oksygentransporten i kroppen blir hemma, og resultatet blir oksygenmangel i vevet. Symptoma er pustevanskar, fråding fra kjeften, sjangling, slapphet og i verste fall død, (ved svært raskt inntak eller særs høge verdiar.)
Drektige kyr kan abortere, og aborter kan i enkelte tilfelle være einaste symptom. Forhøya nitratinntak over tid kan også gi redusert appetitt og produksjon.
Nitrat er et viktig næringsstoff for planter, og ved særlege klimatiske forhold kan innhaldet av nitrat i planter bli høgt. Forhold som påvirker nitratnivået er nitrogengjødsling, tørke, låg lysintensitet og låge temperaturar. Verdiane er derfor høgast på kraftig gjødsla og tidleg hausta fôr. Over 7 g nitrat/kg tørrstoff blir rekna for å utgjere ein fare for forgiftning hos drøvtyggarar (Eurofins). Løysinga vil ofte være å blande ulike grovforkvalitetar og/eller bruke risikofôr på dei mest robuste dyregruppene.
Dersom du har et grovfôr med høgt innhald av nitrat bør du nå vurdere å :
- Utsette siste slått med håp om å redusere nitratverdiane i graset før hausting, der det er mulig.
- Vurdere å kjøpe inn fôr til drektige dyr
- Få god oversikt over grovfôrlageret og ulike fôrparti. Ta fôranalysar og søk å finne ein rasjon med eit lågare totalt innhald
- Vomma kan ta unna en del nitrat, gitt at det er nok lettløyseleg karbohydrat tilgjengeleg i totalrasjonen. Ta gjerne kontakt med ein fôringsrådgjevar for hjelp til å utarbeide fôrplan
- Dyregrupper med låge kraftformengder er særleg utsett, så det kan være lurt å unngå fôr med høge verdiar til drektige kviger og sinkyr
- Pass elles på gode overgangar og tilvenning ved bruk av slikt fôr
Det vil være store lokale forskjellar på innhald av nitrat i grovfôr. Den beste måten å finne innhaldet i ditt grovfôr er ved en fôranalyse, og nitrat blir analysert ved en «vanlig» analyse for næringsinnhold/NIR.
Ta kontakt med din veterinær eller fôringsrådgjevar dersom du har behov for å diskutere tiltak, hjelp til fôrdisponering eller fôrplan.
Les også denne saken om Nitrat-/nitrittforgiftning hos storfe