Hopp til innholdet

Nitrat-/nitrittforgifting hjå storfe

Publisert:
av Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær TINE Rådgiving
Omriss av en person
av Randi Therese Garmo
Spesialrådgiver/ veterinær TINE Rådgiving

Det er ikkje noko god registrering på førekomst av nitrat-/nitrittforgifting på storfe i Noreg, men ein skulle nok tru det førekjem ein gong iblant. I Kukontrollen blei det i tørkeåret 2018, rapportert 36 tilfelle av forgifting på storfe totalt.

Denne artikkelen tek for seg risikofaktorar, forløp og litt om anbefaling i forhold til fôring av fôr med høgt nitratinnhald.

Risikofaktorar

Når det gjeld risikofaktorar kan ein nemne fôr som er gjødsla sterkt med nitrogen som gjev høgt nitratinnhald i plantene og deretter tidleg hausting. Nullbeiting og innkjørt gras som blir liggande på fôrbrettet kan vera risikofylt. Der kan omdanning frå nitrat til nitritt i graset allereie starte på fôrbrettet.

Virkningsmekanisme

Nitrat blir i vomma raskt nedbrote til nitritt, som er meir giftig. Under normale forhold, det vi seie nitratinnhaldet ikkje er for høgt, så vil nitritt bli vidare omdanna til ammonium som vommikrobane utnyttar vidare til proteinproduksjon. Dersom nitratnivået er så høgt at vomma ikkje greier å ta unna nitritt slik at det hopar seg opp, så vil nitritt gå over i blodet. Og det er da det katastrofale skjer: Nitritt omdannar hemoglobin i blodet, som frakter oksygen, til methemoglobin som ikkje kan frakte oksygen ved at jernkomponenten i hemoglobin blir oksidert frå toverdig form (Fe2+) til treverdig form (Fe3+). I tillegg kan det oppstå utviding av blodkar og sluttresultatet er oksygenmangel i veva.

Symptomer

Symptoma er alvorlege pustevanskar, brunaktige slimhinner (for eksempel auge eller kjønnslepper), sjangling, slappheit og eventuelt kollaps og død innan få timar etter fôring. Dersom ein tek ei blodprøve av eit slik dyr, vil ein sjå «sjokoladebrunt» blod som får att normal farge dersom det blir ståande, fordi methemoglobin da blir omdanna att til vanleg hemoglobin som kan frakte oksygen. Den same fargeendringa skjer i blodet dyr som døyr, slik at undersøking av blod frå storfe som er blitt liggande har lite for seg. Det er viktig å få fjerna alt fôr så raskt som muleg frå fôrbrettet!  Dersom ei drektig ku overlever akutt nitrat-/nitrittforgifting, kan ho likevel abortere etter om lag 3-7 dagar. Årsaka er at fosteret er enda meir følsamt for oksygenmangel enn kua sjølv og dermed kan dø om kua overlever. I enkelte tilfelle kan abort vera einaste teikn på forgifting i besetninga.  

Innhald som gjev forgifting

Kor høgt innhald av nitrat i fôret som kan gje forgifting er avhengig av om dyra er tilvent fôringa, korleis resten av fôrrasjonen er samansett, og kor raskt fôrinntaket er. Typisk forløp er raskt inntak av mykje fersk gras som er sterkt gjødsla slik at innhaldet av nitrat er høgt. Mengde av tilgjengeleg karbohydrat er viktig. Kyr som er tilvent fôret og har bra opptak av kraftfôr, kan tåle høgare nitratnivå da mikrobane vil ta unna ein del.

Tiltaksgrenser for innhald av nitrat

I internasjonal litteratur er det beskrive følgjande om nitratnivå og risiko for forgifting: 5 gram/kg tørrstoff (0,5 prosent) er vanlegvis trygt uavhengig av samansetning på fôrrasjonen. Dersom om lag 10 gram/kg tørrstoff (1 prosent), er det noko høgt og ein bør tenke på risiko for forgifting, fôre i fleire rasjonar, etehastigheit, blande eller veksle med anna grovfôr, og sikre god forsyning av karbohydrat. Når ein nærmar seg dette nivået skal ein vera merksam på fôret dersom abort på ei eller fleire kyr. Nitratnivå på 30 gram/kg tørrstoff (3 prosent) er dødleg. Er du usikker på fôring utifrå resultat av fôrprøver så ta kontakt med ein fôringsrådgjevar.

Takk til Tore Sivertsen ved NMBU Veterinærhøgskolen for referansar og fagleg diskusjon.

Les også denne saken om høye verdier på nitrat i fôrprøver