Hopp til innholdet

Forsinka analyseresultater på grunn av IT-utfordringer

IT- utfordringer skaper problemer i overføring av analyseresultater fra Råmelkslaboratoriet til Husdyrkontrollen. Vi jobber med å løse saken. TINE beklager forsinkelsen.

Risiko og lønsemd ved utbygging til lausdrift

Publisert:
av Bjørn Gunnar Hansen Fagspesialist økonomi
Omriss av en person
av Bjørn Gunnar Hansen
Fagspesialist økonomi

Hovedkonklusjonen i ei masteroppgåve vi skreiv om i februar var at auka investeringstilskot er avgjerande for å få til lønsam utbygging i gruppa 15-30 kyr, og at utan auka tilskot vil lausdriftskravet kome i konflikt med målet om landbruk i heile landet.

Masteroppgåva til Ingrid Melstveit Larsson og Maria Natalie Jensen studerte økonomien ved utbygging til lausdrift ved ulike bruksstorleikar i Vestland (20-24 kyr jamført med 30-34 kyr)

I TINE rekna vi på risikoen ved utbygging til 20-24 kyr jamført med utbygging til 30-34 kyr, 10 bruk i den minste gruppa og 13 bruk i den største. Materialet er identisk med det studentane nytta; - driftsplanar for bruk som har fått finansiering i Innovasjon Norge dei seinare åra. Metoden for å måle lønsemd er òg den same, netto noverdi av investeringa. I døma er levetida for investeringa sett til 30 år, og rentekravet til to prosent avkasting på investert kapital.

I driftsplanane er dekningsbidraget vanlegvis eit fast årleg beløp over heile planperioden, etter ein innkøyringsperiode på to til tre år. I praksis varierer derimot dekningsbidraget både på det enkelte bruk og mellom bruk i same storleiksgruppe. Denne variasjonen utgjer ein risiko som påverkar lønsemda, og for å studere effekten let vi dekningsbidraget variere innafor eit intervall i båe gruppene. For å rekne ut variasjonen nytta vi tal frå driftsgranskingane. Resultata ser vi i figur 1 og 2. I figur 1 har vi òg lagt inn eit scenario med ein million kroner i auka investeringstilskott i gruppa 20-24 kyr.

I figur 1 ser vi at mesteparten av den raude kurven ligg på den negative sida av den vassrette aksen. Med dagens investeringstilskot er det såleis om lag 0.73, dvs. 73 prosent sannsyn for at ei utbygging til 20-24 kyr gjev negativ netto noverdi (punktet der den raude kurven skjer den loddrette aksen). Ei utbygging til 20-24 kyr er såleis mest sannsynleg ulønsam, gitt dei føresetnadene om levetid og avkastningskrav vi har lagt til grunn. Med ein million i ekstra tilskot ligg mesteparten av kurven på den positive sida, og no er det berre om lag fire prosent sannsyn for at utbygginga ikkje er lønsam (punktet der den svarte kurven skjer den loddrette aksen). Tilsvarande ser vi i figur 2 at med dagens investerings-tilskot er det berre om lag 0.02, dvs. to prosent sannsyn for at ei utbygging til 30-34 kyr ikkje er lønsam.

Med andre ord er lønsemda i denne gruppa om lag den same som for gruppa 20-24 kyr med ekstra investeringstilskot. Vi legg merke til at spreiinga i lønsemda er stor i båe storleiksgruppene. Resultata våre støttar opp under konklusjonane i masteroppgåva om at ekstra tilskot er nødvendig for at utbygging til lausdrift på bruk med færre enn 30 kyr skal vere lønsamt.