I masteroppgåva «Konsekvenser av krav til økt dyrevelferd» ved Norges Handelshøgskole våren 2020 syner Ingrid Melstveit Larsson og Maria Natalie Jensen at gitt dagens finansieringsordningar, vil innføringa av lausdriftskravet endre norsk mjølkeproduksjon.
Underteikna var med-rettleiar for dei to studentane. Stortinget vedtok i 2003 at alt storfe skal vere i lausdriftsfjøs innan 2024. Fristen vart seinare utsett til 2034. Hovedmålsettinga med kravet var å betre dyrevelferda.
For bruk med båsfjøs, om lag 70 prosent av alle mjølkebruk i Vestland, medfører kravet behov for store investeringar. Velfungerande lausdriftsfjøs med god dyrevelferd krev gjerne større investeringar enn det som må til for å tilfredsstille minimumskrava i forskrifta. I tillegg kjem følgjeinvesteringar som resultat av vesentleg auka driftsomfang, t.d. nytt hausteutstyr, gjødselutstyr osb. I oppgåva rekna dei på lønsemda på 66 mjølkebruk i Vestland som har fått finansiering i Innovasjon Norge for å byggje om til lausdrift dei seinare åra. Utgangspunktet for oppgåva var ikkje å diskutere korvidt kravet bør innførast eller ikkje, men å få fram dei økonomiske følgjene.
For å rekne på lønsemda nytta dei netto noverdi-metoden, med eit avkastingskrav på 2 prosent realrente. I døma nytta dei to ulike avskrivingstider samla for både fjøsbygning og teknisk utstyr, 25 år og 30 år. For å vere lønsam, dvs. gje positiv netto noverdi, må bruka ha eit areal etter utbygging på mellom 320 og 420 dekar, avhengig av om avskrivingstida er høvesvis 30 eller 25 år. Det tilsvarar at bruka må ha mellom 29 og 38 kyr før utbygging, avhengig av avskrivingstida. Til samanlikning er middelarealet for mjølkebruka i Vestland om lag 265 dekar, og middel kutal er 21, lågast i landet. Politikarane har prioritert bruk med mellom 15 og 30 kyr for finansiering i Innovasjon Norge. Resultata syner at auka tilskot er avgjerande for å få til lønsam utbygging i denne gruppa.
Til saman 59 av 66 bruk måtte ha inntekt utanom bruket for å gjennomføre investeringa. Ut frå funna vil mange mjølkeprodusentar i Vestland kunne få vanskar med å innfri lausdrifts-kravet. Fleire område i Vestland har lite dyrka areal og teigane ligg gjerne spreidde. Å leige areal langt frå bruket for å auke produksjonen er både dyrt og lite klimavenleg.
Fleire andre område i Noreg har om lag tilsvarande naturgjevne vilkår for mjølkeproduksjon som i Vestland. Funna tyder difor på at med mindre rammevilkåra for investeringar vert endra, vil lausdriftskravet kunne komme i konflikt med målsettinga om landbruk i heile landet.