TINE driftsplan er ein viktig del av vegvalsprosessen der bondefamilien bestemmer seg for kva driftsopplegg dei vil satse på framover.
TINE driftsplan kan du bruka som
- Eit grunnlag for å ta beslutningar når det gjeldt investeringar
- Grunnlag for søknad om BU-midlar og lån
- Økonomisk styringsverktøy etter utbygging
Arbeidsform
Rådgiver startar med ØRT programmet til TINE Rådgiving, og legg inn ressursane på garden og dagens drift. Du som produsent er heile tida aktiv i prosessen. I ØRT kan vi samanlikne økonomien ved ulike driftsopplegg. Når du har bestemt seg for eit opplegg, legg me dette inn i TINE Driftsplan. TINE Driftsplan syner kor mykje du kan investere ut frå inntening og ønsket privatforbruk dei neste sju åra.
Driftsplanen byggjer på gardsrekneskapen, og rådgiver startar med å legge inn tal frå siste rekneskapsåret. Så lagar me ein investeringsplan som syner nødvendige investeringar dei neste sju åra, og legg inn ønsket utbyte/ privatforbruk. Den ferdige planen syner mellom anna korleis eigenkapitalen og driftskreditten (betalingsevna) utviklar seg etter investeringa.
Ved bygging tilrår vi å fornye driftsplanen eitt år etter innflytting når produksjonen er komen godt i gang. Slik vert planen eit godt styringsverktøy.
Arbeidsomfang
Omfanget varierer og må avtales med rådgiver i hvert tilfelle. Nivået ligger gjennomsnittlig på over 10 timer for enkel driftsplan. Ein driftsplan som inbefatter mange vurderingar (vegvalsdiskusjoner) kan komme på over 40 timar. Se gjeldende timerpris for rådgiving.