Meny

Auka mjølkeproduksjon krev større gardstank

Mange mjølkeprodusentar utvidar produksjonen med kvotekjøp og kvoteleige. Ofte resulterer slik utviding i behov for større mjølketank.

Men dette er det ikkje alltid ein tenkjer på. Skal du utvide produksjonen, har du behov for større tank – og ikkje minst har du plass til større tank?

Meld inn behov i god tid

TINE held gardstank, og set inn større tank når det er behov for det. Men då er det viktig at TINE Gårdstankservice får melding i god tid slik at dei tidsnok kan skaffe ny/større tank.

For at Gårdstankservice skal kunne sette inn stor nok tank, så forutset det at det er plass til større tank (både stor nok døropning, stort nok golvareal og stor nok takhøgde). Dessverre ser vi døme på at ikkje alle tenkjer godt nok på dette. Derfor er det viktig at ein ikkje berre gir beskjed om behov for større tank, men også at ein får mål og plassbehov for den tanken som skal erstatte den gamle.

Ta høgde for ein større tank i framtida

Også ved nybygg er det viktig at ein tek omsyn til dette – kanskje ikkje berre plassbehovet til den tanken som skal inn, men kanskje ta høgde for ein større tank ein gong i framtida.

Mjølkelevaransane frå kvar henteplass er om lag dobla dei siste 10 åra. Det får konsekvenser for gardstank og for krav til mjølkerom. 

Ekstrahenting av mjølk er ikkje løysinga på denne utfordringa. Ekstrahenting skal normalt ikkje forekome. Det skal vere ein gardstank på kvar hentestad som rommar minst 3-dagars mjølkeproduksjon. Overgong til 3-dagars-henting av mjølka, og avvikling av ekstrahenting gir ein stor økonomisk vinst til fellesskapet («mjølkeprisen»). Så tenk på tilrettelegging for dette når du eventuelt planlegg kvotekjøp eller kvoteleige.

Ta kontakt med TINE Gårdstankservice ved å ringe Medlemssenteret på 51 37 15 00 (tasteval 3)

 

 

 

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås