Meny

Foreslå ein kandidat til verv i TINE

Leiar i sentral valnemd Nils Neteland
Leiar i sentral valnemd Nils Neteland

Har du eit forslag på ein mjølkeprodusent som du trur kan gjera ein god innsats for TINE? Sentral valnemnd ønsker innspel på kandidatar til arbeidsutvalet i produsentlaget, i rådet, i kontrollnemnda, i sentral valnemnd og i konsernstyret. Kandidaten kan du nominere enkelt via lenka under.

God eigarstyring

Samvirkeorganisasjonen TINE er eigd og styrt av norske mjølkeprodusentar.

Vi vert representerte av tillitsvalte på ulike nivå i organisasjonen. Tillitsvalte som kjem frå små og store bruk med ulike driftsformer, og frå heile landet. Det er kvinner og menn i ulik alder, med ulik bakgrunn og kompetanse. Alle har eit felles mål: Saman skape eit sterkt og slagkraftig TINE med god eigerstyring."

Trykk her for å nominer ein kandidat til tillitsverv i TINE

Trykk her for å finne oversikt over kven som er på val i styret, rådet, eierutvalgene og sentral valnemnd

Alle kan kome med forslag

Valnemnda sitt arbeid er å finne kandidatar som kan representere TINE og vera tillitsvalte på ulike nivå i eigarorganisasjonen.  Nokre forslag får vi som valnemd i direkte kontakt med medlemmane. Andre forslag kjem gjennom møter i eigarorganisasjonen der valnemndene er tilstades og ser og erfarer moglege kandidatar til ulike verv. Men ikkje alle ser vi. Eit døme er at vi ofte tenkjer på hovudbrukaren når vi leiter - kanskje er det medlem 2 på bruket som har akkurat den kompetansen vi er på jakt etter.

Her har du som mjølkeprodusent ein jobb å gjera med å nominere kandidatar som kan bidra til å løfte TINE vidare. 

Vi har laga ein link her på medlem.tine.no der ALLE mjølkerodusentane i TINE fritt kan kome med forslag. Gå inn på linken og nominer kandidaten du også!

All informasjon vert behandla konfidensielt. Forslag på kandidatar vert anten oversendt til den lokale valnemnda i aktuelt produsentlag, eller så vert forslaga lagt fram for sentral valnemnd.

På førehand takk for ditt forslag!

 

Med helsing

Nils Neteland - leiar i sentral valnemnd.

Nominasjonsmuligheten ligg fast under menypunktet medlem.

https://medlem.tine.no/praktisk-informasjon/eierdemokrati/foresl%C3%A5-kandidat

Sjå heile valnemnda

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås