Meny

Har du godt kvigeoppdrett?

Alder ved 1.kalving bør vere 24 månader og kroppsvekta 560 kg dersom ein ønskjer at kvigene skal bli gode mjølkekyr. For å sjekke at kvigene blir fôra optimalt bør ein måle kvigene under oppdrettet og ha fokus på tilveksten på beite.

Tett oppfølging av kvigene frå dei er kalv er ein forutsetning for å få gode mjølkekyr. Lag fôrrasjonar i Optifor og bruk målebandet til å kontrollere tilveksten. Har du også fokus på tilveksten på beite og unngår at kvigene blir feite inn mot kalving, har du gitt kvigene eit godt utgangspunkt.

Her er nokre tips:

  • Ta fôrprøve og lag fôrrasjonar i TINE Optifôr Ungdyr. Du kan få hjelp av fôringsrådgjevaren i området
  • Brystmål kvigene. Aktuelle måletidspunkt kan vere:
    • ca. 100 dagar gamle
    • før og etter beiteslepp
    • ca. 15 månaders alder
    • før kalving
  • Rapporter målingane til kukontrollen og kontroller tilveksten i TINE Produksjonskontroll
  • Gjer følgjande tiltak på beite:
    • Tidleg beiteslepp
    • Kraftfor til kalvar yngre enn 6 månader i tillegg til beite
    • Snyltebehandling
    • God vanntilgang
    • Gi rundballar og kraftfôr når beiteveksten og kvaliteten på beite går ned
    • Kviger under 15 månader skal ha dei beste beita. Eldre kviger greier seg godt på utmarksbeite
  • Om beitetilveksten har vore dårleg så gi ekstra kraftfôr etter innsett (kompensasjonsvekst)
  • Pass på at kvigene ikkje blir feite inn mot kalving
  • Det er ein forutsetning at kviga har hatt det bra som kalv

Kvigebrosjyra gir deg meir utfyllande råd og tips om oppdrett av kvige. Der er også eksempel på fôrplanar for kviger født på ulik tid av året og med varierande beitekvalitet.

Planlegg kvigene

Det er viktig å planlegge kvigeoppdrettet. Avdråtten i fyrste laktasjon er meir avhengig av vekta ved fyrste kalving enn av alderen. For å oppnå 560 kg på 24 månader, må gjennomsnittleg dagleg tilvekst vere 714 gram, men anbefalt tilvekst i ulike aldersfasar er:

  • 0-100 dagar:                            700-750 g/dag
  • 100 dagar-15 månader:           770-900 g/dag
  • 15 månader – kalving:              400-600 g/dag

Dersom ein har spreidd kalving kan ein velge å bruke eit par månader ekstra på å få kviga stor nok viss tilgang på fjøsplass og grovfôr er god. 

Mål kvigene

Bruk TINE og GENO sitt nye brystmålebånd til å kontrollere vekta under oppdrettet dersom du ikkje har vekt. Rapporter målingane i Kukontrollen, då finn du att resultata i Tine Produksjonskontroll på www.medlem.tine.no dagen etter (velg Kjøtt, og så Livkvige under valget ”Type ungdyr”). Den raude kurva på figuren viser normal vektkurve for kviger som skal bli 560 kilo ved kalving 24 månader gamle. Punkta viser målingane som du har gjort på dine kviger og illustrerer godt korleis dei ligg an i forhold til den normale vektkurva. Låge slaktevekter på 1.kalvskyrne kan også vere ein indikator på at kvigene ikkje er så store som ønskelege.

Optifôr kvigetilvekst

Vèr obs på be i tetida

Mange har vel erfart at kvigene veks dårleg på beite. Da er det grunn til å ta brystmål av dei både før beiteslepp og ved innsett. Kvige nummer 696 i figuren vart målt ved beiteslepp 26. juni og ved innsett 5. september. I løpet av desse 71 dagane på inngjerda bra fjellbeite auka vekta berre 20 kilo. Det gjev ein dagleg tilvekst på 282 gram, medan ho voks 776 gram fra fødsel til beiteslepp, og 1081 gram etter heimkomst til 19. januar. Fleire kviger i buskapen hadde same tendens – liten tilvekst på beite, men stor evne til å ta att det tapte etter innsett. Dette blir kalla kompensasjonsvekst. For åringskviger med dårleg tilvekst i beitetida står bonden overfor tre moglege valg:

  •  Kompensasjonsvekst ved hjelp av ekstra kraftfôr for å ”ta att” det tapte; rundt 1000 gram tilvekst per dag ser ut til å vere realistisk. Så sterk tilvekst kan vi ikkje tilrå for kviger eldre enn 17-18 månader. Dei kan avleire feitt istadenfor kjøtt.
  • La kviga likevel kalve rundt 24 månaders alder, men lettare enn planlagt, og dermed sannsynlegvis lågare avdrått i fyrste laktasjon.
  • La ho bli eldre før inseminering, slik at ho likevel oppnår planlagt vekt ved kalving.

Unnga feite kviger

Feite kviger ved kalving kan få meir kalvingsvanskar og større risiko for ketose og fruktbarheitsproblem i fyrstelaktasjon. Dersom kvigene har fylgd normal vekstkurve, treng dei ikkje veldig høg tilvekst i siste del av drektigheita. Kvigene har stor kapasitet til a ta opp fôr, og på middels godt grovfôr vil dei ofte greie seg godt utan kraftfôr etter konstatert drektigheit.

Oppfôringa før kalving

Dei tre siste vekene før kalving må kvigene bli vant til dei fôrslaga dei skal ha etter kalving. Likeeins er det viktig at dei får tid til å finne seg til rette i ny avdeling; enten det er overgang fra binge til bås eller frå binge til ei stor lausdrift.

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås