Meny

Bruk pH-papir for å sjå når mjølka er sur nok

Syrning av kalvemjølk krever styring med pH-papir, ikkje minst når syrningskulturen i kulturmjølka oppfører seg annleis enn før.

 

Syrning av kalvemjølk med kulturmjølk - nye utfordringar?

I nokre områder i landet har meieria som lagar kulturmjølk skifta til ein annan bakteriekultur. Meieria i Bergen og på Byrkjelo er mellom desse. Dette gjorde dei fordi dei ville oppnå ein betre konsistens på kulturmjølka som skal ut til forbrukar. I etterkant har fleire som skal syrne mjølk til kalvane opplevd at konsistensen på mjølka har endra seg. Det vert rapportert om seigare og tjukkare mjølk.

Bakteriekulturen desse meieria brukar syrnar mjølka raskare enn den ein brukte for eit par år sidan. Kulturmjølka dei leverer til fôrbrukarane vert òg tjukkare no enn før. Meieria syrnar mjølka ved 22 grader og stansar syrningsprosessen ved kjøling ved ein viss pH.

Same framgangsmåte bør også bønder bruke når dei skal syrne kalvemjølk med «ny» kulturmjølk. Ein må med andre ord vere endå meir nøye med temperaturen og syrningstida med denne kulturmjølka enn med den kulturmjølka andre meieri har.

Råd til dei som skal syrne kalvemjølk med ei slik kulturmjølk

  • Syrninga bør føregå rundt 22 grader
  • Bruk pH papir for å sjå når mjølka er sur nok, pH 4,7  +/- 0,2
  • Sett den kaldt etter den er ferdigsyrna
  • Skift kultur jamnleg

Eit alternativ om ein ikkje lukkast med syrninga er å gå over til kjemisk syrning med til dømes Ensil1.

Bruk pH papir for å sjå når mjølka er sur nok

Vi vil minne om at pH –papir er eit nødvendig hjelpemiddel for å avgjere når den biologiske syrningsprosessen av kalvemjølka skal avsluttast. Det er dessutan ein god kontroll på om ein har tilsett rett mengde syre ved kjemisk syrning. Blir ikkje mjølka blir sur nok, eller syrningsprosessen tek for lang tid, kan uønska bakteriar komme inn i kalvedrikken.

Ein stikk pH-papiret ned i mjølka og fargeanvisninga på det midtre feltet på stixen fortel deg kva pH’en er. Som vist på bilde nedanfor er stixen til venstre blå; altså pH over 5,5, den i midten grøn; og pH 4,6, medan målinga på den siste stixen til høgre har blitt gul og tyder på pH verdi ned mot 3,8, som då er altfor sur kalvemjølk. 

ph papir skala pehanon

For få kontrollerer pH verdien i kalvemjølka

Høgskolen i Nord-Trønderlag har i samråd med TINE Rådgiving, gjennomført ei spørjeundersøking omkring kalvefôring og kalvedrikke-automatar. Eit av spørsmåla dei stilte, var kor ofte produsentane sjekka pH’en i dei syrna mjølkeblandingane dei laga. Av dei 76 bruka som fôra med syrna mjølk, var det kun 18 stykk som svarte at dei kontrollerte pH-verdien i mjølka for kvar ny blanding. Heile 21 stykk svarte at dei aldri kontrollerte kor sur mjølka vart.

Tabell 1: Kor ofte kvalitetssikrast syrna mjølk med pH-papir?

Tabell syrning av mjølk ph

 

Dette er ein tankevekkar. Vi meiner fleire bør innføre pH kontroll som ei fast rutine i kalvefôringa der det vert fôra med sur mjølk. Kalven er sensitiv for fôrendringar, og får fort diare om pH’en i mjølka vert endra mellom kvart måltid eller om mjølka vert ureina av uønska bakteriar.

Dei fleste rådgjevarkontor har pH-papir liggande for sal eller veit kvar ein kan kjøpe slike. Kvar boks inneheld 200 stix, og kostar ca. 250 kr + evt porto. Dette er ei billig og enkel investering i kalven si helse!

Vil du vite meir om kalvefôring, så les i brosjyra «Godt kalveoppdrett»!

Teksten er skrevet av rådgivere i TINE; Kari Margrete Sølvberg og Hege Overrein

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit mai

Kr 5,18

Snitt fettprosent kumelk mai

4,40%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås