Meny

Faste veterinærbesøk ga mer struktur på drifta

Nils Inge Stokland i Vaskevik samdrift.
Nils Inge Stokland i Vaskevik samdrift.

Vaskevik Samdrift i Nedre Vats i Vindafjord har hatt Gunnar Dalen på besøk som besetningsveterinær ein gong i månaden eller oftare sidan 2012. Dette er de ikke i tvil om at de vil fortsette med!

Stor utvidelse

Samdrifta har 5 medlemmer, med Nils Inge Stokland som den aktive brukaren i samdrifta. Produksjonen og bygningen vart utvida for 2 år sidan. Før utvidinga produserte de ca. 180 tonn i lausdrift med mjølkegrav. Kalvar og ungdyr var då i andre bygg. Etter utvidinga er kvoten ca. 500 tonn i lausdrift med robot. Det eksisterande kubygget vart utvida med ungdyrfjos og sinkuavdeling. No er det liggeplass til 60 kyr i mjølkeavdelinga.

Utfordringer med dyrehelsa

I samband med utvidinga vart det mykje nye dyr, mykje å halda styr på og til dels stor utskifting. Det var utfordrande å blanda inn kyr frå andre buskapar og læra opp alle i roboten meir eller mindre samtidig. Det vart og utfordringar med kalvehelsa. Dei minste kalvane hadde lett for å få lungebetennelse, medan dei avvendte kalvane lett fekk diaré.

Faste veterinærbesøk ga resultater

For å handtera utfordringane og sikra framtidig god drift, starta samdrifta med faste besøk av veterinær Gunnar Dalen .Opplegget gjekk ut på månadlege besøk med fokus på reproduksjon, mjølkekvalitet, kalvehelse og klauvhelse, som inkluderte bl.a.drektighetskontroll, seksuell helsekontroll, kalvestell (avhorning) og godt jur.

Det har vore betring på alle områder og Nils Inge seier han har god kontroll på drifta no. Dei månadlege besøka av fast veterinær held han fram med, då det fungerer så godt. I tillegg til månadlege veterinærbesøk har Vaskevik Samdrift fôringspakke på 30 timar per år levert av Anja Våg Skjold i Tine. Det er viktig med god kontroll på fôringa, ellers fungerer ingenting, seier den framtidsretta bonden.

Viktig med god struktur på arbeidet og forebygging

Rutinemessige veterinærbesøk har gitt betre dyrehelse og betre økonomi i Vaskevik Samdrift. I tillegg sparar ein tid på å fordela ansvar og å samla rutinearbeidet, seier Nils Inge. Nils Inge meiner det er ein veldig fordel at det er same personen som kjem kvar månad, då det gir ein god kontakt mellom bonde, rådgjevar og veterinær. Den faste veterinæren kjenner buskapen godt og oppdagar enklare endringar enn det bonden sjølv gjer. Det er og mykje lettare å diskutera med nokon ein kjenner og stoler på, enn å gå og grubla på det sjølv. Med faste besøk får ein tatt problema tidleg, samtidig som ein kan forbetra drifta i stadig større grad, avslutter Nils Inge.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit januar

Kr 4,95

Snitt fettprosent kumelk januar

4,34%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås