Meny

Vomacidose – et problem i geitefôringa?

Vomacidose eller sur vom kjem først og fremst av ein ubalanse i fôringa med mykje lettfordøyelege karbohydrat slik at pH i vomma synk og fiberfordøyinga blir redusert. Sur vom har betydning for grovfôropptak, mjølkeytelse, fett % og forekomst av diarè og forfangenhet.

I geitebesetningane har vi erfaring for at det lett oppstår diarè og forstyrrelsar i mage/tarm, noko som er eit av teikna på vomacidose. God overgangsfôring omkring kjeing og fôrrasjonar som gir låg vombelastning forebygger sur vom.

Tips for god overgangsfôring:

Denne perioden strekker seg frå 2-3 uker før kjeing til 3 uker etter kjeing. Legg til rette for høgt grovfôropptak og godt vommiljø for å unngå vomacidose.

  • Venn geitene til det fôret dei skal ha etter kjeing 2-3 uker før kjeing.
  • Bruk grovfôr av god kvalitet, helst over 0,87FEm per kg tørrstoff.
  • Ikkje over 0,8 kg kraftfôr per geit per dag ved kjeing
  • Gradvis opptrapping av kraftfôr etter kjeing. Opptrapping med 0,1 kg kvar tredje eller kvar fjerde dag, eller 40 gram auke per dag i automat. Følg med på grovfôropptak og senk opptrappingshastigheten om grovfôropptaket går mykje ned og/eller gjødselkonsistensen ikkje er god.
  • Kontakt leverandør eller TINE Rådgiver om du vil ha hjelp til innlegging av kurver eller fôrplanar i kraftfôrautomat.
  • Kraftfôrrasjonar over 0,8 kg per dag må alltid delast på fleire enn to fôringar per dag og det må gå 2,5-3 timar mellom fôringane.

Vomacidose gir skader på vomepitelet

I ei sunn vom er vomveggen innvendig kledd med ei slimhinne og med et stort antall 1-3 mm lange vompapillar. Vompapillane aukar overflata i vomveggen og bidrar til oppsuging og transport av gjæringsprodukta frå vomfordøyelsen der dei viktigaste sluttprodukta er eddiksyre, propionsyre, smørsyre. Desse flyktige syrene er den viktigaste energikilda til geita. Oppsuging av natrium, kalium, magnesium og væske fra vom til blod skjer også gjennom vompapillane.

Det er to former for vomacidose; akutt vomacidose og subakutt vomacidose.

sunn vom

Figur: Sunn vom med intakte vompapillar

Forholdet mellom kraftfôr og grovfôr påverkar vomfloraen

Kraftfôr innheheld mykje lettfordøyelege karbohydrat i form av stivelse og sukker, mens i grovfôret finn vi tungt fordøyelege karbohydrat i form av cellulose, hemicellulose og lignin (NDF). Stivelse og sukker vert raskt brote ned til hovudsakleg propionsyre og smørsyre. Høg andel kraftfôr i fôrrasjonen vil difor gi rask opphoping av syrer i vomma og forårsake pH-senking.

Bakteriane som fordøyer fiber, dei cellulolytiske bakteriane er svært følsomme for endringar i pH.  Dei trivs best ved pH rundt 6,5. Kjem pH ned mot 6, blir dei inaktive og døyr. Det betyr at fordøyelsen av grovfôr vert dårlegare og grovfôropptaket går ned.

Sjå etter signal på sur vom

Vi kan sjølsagt ikkje måle pH i vomma i praksis, så i staden må vi sjå etter signal eller symptom på sur vom. Geiter med sur vom et mindre og har dårlegare vomfunksjon. Viktige signal er lågt eller svingande fôropptak , unormal gjødselkonsistens, diarè og forfangenhet. 

Det er viktig å observere om geitene tygger drøv som normalt. I en geiteflokk er det normalt at minst 80 % av geitene eter eller tygger drøv til ei kvar tid.

Rett fôringsstrategi og rett samansette fôrrasjonar

For å unngå sur vom i besetninga er ein fôringsstrategi som gir tilstrekkeleg med struktur og riktig innhold av lettfordøyelege karbohydrat svært viktig. TINE Fôrplan Geit bereknar vombelastning, strukturverdi og innhold av sukker + stivelse i totalrasjonen og er et godt verktøy som bør brukast av alle som driv med geitefôring.

Kraftfôrautomatar gir svært gode mogelegheiter for god opptrapping av kraftfôr. Det krev at ein legg inn startdato for opptrapping for kvar einskild geit og kva for ein plan som skal fylgjast. Automatane påmarknaden er noko ulike, men alle kan styrast til trinnvis regulering av kraftfôrmengder opp mot eit ønska nivå eller fôring etter ein plan eller kurve som aukar kraftfôret gradvis.

Kraftforautomat geit 

Nokre automatar kan fôre ut mengder på 40 gram per posjon. Då kan opptrappinga med kraftfôr skje svært gradvis med små mengder per dag. Uansett opptrappingsmåte må ein fylgje med på at geitene et grovfôret godt og at gjødselkonsistensen er fin. Senk opptrappingshastigheten om dette ikkje er tilfelle. To til tre veker etter kjeing bør geitene ha nådd topp kraftfôrnivå.

Når kraftfôrmengdene kjem over 0,8 kg per dag må dei alltid delast opp i fleire enn to fôringar per dag, og det må gå minst 2,5-3 timar mellom fôringane. Feil fôring i fyrste del av laktasjonen kan gjere at ein kjem i eit uføre det er vanskeleg å komme ut av, med lågare grovfôropptak, dårlegare fôrutnytting og til sist lågare produksjon.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,28

Snitt fettprosent kumelk juni

4,32%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås