Meny

Veging og analyser av mjølkeprøver gir deg god produkjonsstyring

Tankmjølkprøver gir et grovt bilde for utviklinga av gjennomsnittsyting og korleis tørrstoffinnhaldet og celletalet utviklar seg utover i laktasjonen. Men god produksjonsstyring i besetninga krev at ein har gode registreringar på kvart enkelt dyr gjennom laktasjonen. Då kan ein styre både på enkeltdyrnivå, gruppenivå eller besetningsnivå alt etter behov.

Fyrste kontroll bør gjennomførast innan ein månad etter av hoveddelen av geiteflokken har kjea. Tilrådinga i Geitekontrollen er 15 dagar etter kjeing for enkeltgeiter. Deretter bør ein vege og ta ut prøver med om lag ein månad mellomrom fram til beiteperioden. Minst ei veging skal gjerast i beiteperioden og den siste veginga bør komme om lag ein månad før avsining (sjå famlegg til vegeplan i figur 1).

Ta speneprøver av geiter med høge celletal

For å ha god kontroll på jurhelsestatus bør ein ta ut prøver på alle vegingar sjøl om dette ikkje er krav i Geitekontrollen. Gjer det til rutine å sende inn speneprøver av geiter som har celletall over 1 million (i innefôringsperioden) for å sjekke om det er smittsamme mastittbakteriar som er årsaka. Se pris for analyse av speneprøver hos TINE Mastittlaboratoriet i Molde.

Kva gjer ein med geiter som har høge celletal?

Geiter med infiserte jur i starten av ein laktasjon må ein vurdere å behandle eller utrangere, eventuelt mjølke til slutt dersom dette er praktisk mogleg. Avsining og behandling med langtidsverkande antibiotika er aktuelt dersom geitene er komne noko ut i laktasjonen. Geiter med påvist mastittbakteriar i jur kan produsere mjølk med normal utsjånad, men har som oftast eit svært høgt celletal og stor variasjon frå dag til dag. Staphylococcus aureus, som er den mest vanlege masittbakterien hos geit, kan smitte frå dyr til dyr blant anna via mjølkeorgan. For å halde smittepresset nede er det difor svært viktig å komme tidleg i gong med prøvetaking for å identifisere geiter som er smittebærerar og hindre at smitten spreier seg i flokken.

Laktasjonsoversikt på tine.medlem

Laktasjonsoversikt viser nivå for flokken etter laktasjonsnummer for ulike parameter, blant anna yting, celletal, tørrstoff (PLF) og frie feittsyrer. Oversikten vert oppdatert etter kvar veging. Eit svært godt mål på kjeoppdrettet er så sjå på yting og tørrstoffproduksjon hos 1.laktasjonsgeitene. Dersom kjeoppdrettet har vore godt , bør åringane produsere minst 80 % av de vaksne sin produksjon.

Tabell 1.

Forslag til god vegeplan i Geitekontrollen (kjeing ved starten av året).

Vi tilrår å ta ut mjølkeprøver på alle vegingar.

1. veging  Innan 1 månad etter av hovuddelen av flokken har kjea (ca dato for 1. kontrolldato på kjeingsliste) 
2. veging Om lag 1 månad etter første veging
3. veging Om lag 1 månad etter andre veging
4. veging Midt i beiteperioden
5. veging Om lag 1 månad før avsining

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit juli

Kr 5,33

Snitt fettprosent kumelk juli

4,32%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås