Meny

Vei kjea før beiteslepp

Hos Rune Myklebust i  Oldedalen
Hos Rune Myklebust i Oldedalen

Legg til rette for en god beiteperiode. Vei kjea ved beiteslepp og innsett for å kontrollere tilveksten i sommar.

Like før beiteslepp er det lurt å sjekke levandevekta på kjea. Ei kontrollveging av eit representativt utval av kjea vil vise om ein har lukkast med fôringa dei første månadane. Hvis ein fylgjer opp med ei ny veging ved innsett, vil ein sjå kor god tilvekst kjea har hatt på beite og kan legge opp fôringa utover hausten på grunnlag av dette.

Kje og beite -tabell

Vektøkning

Ein må rekne med at tilveksten går ein del ned på beite, men kjea bør auke vekta med om lag 2,5 - 3 kg per månad i beitetida, d.v.s. ein dagleg tilvekst på 80 – 110 g. Kor godt kjea greier å nytte beitet er mykje avhengig av alder og storleik ved beiteslepp og beitekvaliteten gjennom sesongen. God overgangsfôring, god parasittkontroll og tilskot av kraftfôr ut frå beitekvalitet og alder på kjea er viktige faktorar for å få eit godt resultat. Kje under 6 mnd ved beiteslepp treng noko kraftfôrtilskot heile beiteperioden for å oppnå tilfredsstillande tilvekst.

 

Viktige punkt:

  1. Skånsom overgang frå innefôring til beite. Tilgang til høy i om lag to veker etter beiteslepp er gunstig. Brå overgang til kraftig beite kan føre til oppformeiring av giftproduserande bakteriar i tarmen å forårsake pulpanyre/enterotoxemi.

  2. Tilgang på godt og variert beite. På utmarksbeite må ein rekne at det trengs minst 2- 2,5 da per kje og på godt innmarksbeite, minst 1,5 da per kje.

  3. Kjea bør vere vaksinerte mot clostridieinfeksjonar 2 gonger om våren. Skal kjea på håbeite, bør siste vaksine setjast like før beiteslepp for å sikre verknad på ettersommar/haust.     

  4. Kraftfôrmengda dei første 2-3 vekene bør avgrensast til 0,3 kg for å stimulere til  beiting. Seinare i beitesesongen kan kraftfôrmengda ligge på 0,3 – 0,5 kg avhengig av kvalitet på beitegras, alder og storleik på kjea. Bruk ein fiberrik kraftfôrtype, for eksempel kraftfôr til lam eller intensiv kjøttproduksjon.

  5. Hvis kjea går på avgrensa beite som er i bruk som kje- eller geitebeite kvart år, kan det oppstå problem med snyltarar som gir utrivelege kje og dårleg tilvekst. Ein skal behandle minst mogleg for å unngå resistente parasittar, så ein bør då ta avføringsprøver 4 – 6 veker etter beiteslepp og drøfte eventuell behandling med veterinær. På utmarksbeite med variert vegetasjon er parasittar sjelden problem.  

  6. Kjea skal ha god tilgang til friskt vatn og salt eller saltslikkestein. For lite salt reduserer appetitten og setter ned fôropptaket. Friskt drikkevann er en forutsetning både for normale kroppsfunksjoner og aktivitet i vomma.

 Anbefalingene er utarbeida av Topp Team Fôring Geit.

Bruk gjerne kommentarfeltet til å dele erfaringer, spørsmål og kommentarer om temaet.

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2018

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,21

Snitt fettprosent kumelk august

4,25%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter