Meny

Stort engasjement på Geitedagene

Jo Risløv frå Vik i Sogn innleiar om økonomien i kjøtproduksjonpå kje  i ei mjølkegeitbesetning
Jo Risløv frå Vik i Sogn innleiar om økonomien i kjøtproduksjonpå kje i ei mjølkegeitbesetning

Geitebøndene kviler ikkje på laurbæra etter den store innsatsen i "Friskare Geiter" og løftet på mjølkekvalitet. Ei engasjert forsamling på om lag 120 deltakarar på Geitedagane 2015 synte at dei har blikket retta framover og er opptekne både av fagleg utvikling og av dei overordna utfordringane for næringa.

Tydlig bodskap om produksjonsoptimlisering

Harald Volden, fag- og systemsjef i TINE Rådgiving var tydeleg i sin bodskap om at produksjonsoptimalisering på det enkelte bruk må ha stort fokus framover både hos geitbøndene og i TINE Rådgiving. Optimal bruk av ressursar og god produksjonsstyring er grunnlaget for å oppnå økonomiske mål og for å kunne prioritere det som er av størst verdi for den enkelte.  Eit viktig verktøy i produksjonsstyring er registreringar i geitekontrollen. Den nye geitekontrollen på internett vart presentert og den som ville kunne teste det nye progarmmet for sin eigen buskap hos TINE Rådgiving

Innlegg frå praktikarar

Eit  omfattande fagprogram belyste tema om økonomistyring og risiko, nye fôringssystem,   kjekjøtproduksjon, mjølkekvalitet og smittesikring. Det var lagt stor vekt på å få fram konkrete erfaringar gjennom innlegg frå  praktikarar .

Produksjon av kjekjøt og markedsbalansen for geitmjølk

Av dei tema som skapte størst engasjement var produksjon av kjekjøt og marknadsbalansen for geitmjølk. Viljen til å gå nye vegar og prøve ut alternative opplegg for kjekjøtproduksjon kom tydeleg fram. Samstundes var det klare signal om at ein ynskjer større innsats for kjekjøt frå NORTURA.

Dei same signala og utfordringane vart uttrykt overfor TINE når det gjeld geitmjølk. Utviklinga i  produksjon og avsetning skapte stort engasjement. Debatten syner ei  næring med stor innsatsvilje og som ser framover men som samstundes er bekymra for utviklinga når det gjeld marknadsbalansen for geitmjølk.

 geitedagene 2015 forsamling

(Presentasjoner og foredrag vil komme på medlem.tine.no etterhvert)

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås