Meny

Stølsdag på Anestølen i Sogndal

Indre Sogn Produsentlag er samansett av vel 70 medlemmar, og knapt tredjedelen av desse produsera geitemjølk. Denne søndagen var det produksjon av geitemjølka som stod i sentrum.

Leiar i produsentlaget, Per Hilleren yngste velkommen på ein av dei betre vèrdagane denne blaute vestlandssommaren. Målet med dagen var å ha ein triveleg dag i lag på stølen med god stølskost og sosialt samvær.

Ein av dei fire geitehaldarane på Anestølen, Ottar Husum, fortalde om drifta no i dag. Han hadde og hyra inn mor si, Jorlaug Husum som kunne fortelja om drifta i eldre tider, og segn og historia knytt til eldre tid. Ho fortalde mellom anna segna om Ane, som var budeie litt ovanfor der stølen no ligg, og som enda sine dagar då ho datt på elva. Ane sin kropp vart attfunnen i elvemunninga der Anestølen no ligg, derav namnet.  

Ein fin song høver seg i sosialt lag, og på denne stølen har ein kjend song sitt opphav. Margrethe Munthe skreiv «Å, jeg vet en sæter» etter å ha vitja Anestølen. Songvalet gjer seg sjøl ved ei slik tilstelling. I tillegg til allsong fekk me høyra to lokkar, ein til kyr og ein til geit. Birte Husum framførte desse på klingande sognamål.

Dette året vart det utdelt sølvtine til eit av gardsbruka som stølar på Anestølen. Nina og Jan Ove Selseng har levert feilfri mjølk i 15 år på rad. Per Hilleren overrekte i den samanheng ein TINE sekk, som han håpa på at Nina kunne få bruk for no når ho skulle farta rundt å marknadsføra osten sin. Nina har starta eige ysteri heime på garden, og sel no geitost i fleire variantar. Alle frammøtte på stølsdagen fekk høve til å sjå sommarfjøsen deira på stølen, og Jan Ove svara på spørsmål, og viste engasjert fram korleis mjølkeproduksjonen skjer på stølen.

Rømmagraut, lappar og hellekaker er god stølskost, og alle fekk servert nydeleg god mat denne dagen. Heimebaka flatbrød, og spekepølse laga av geitekjøt var det rette attåt. Enkelte kunne vel kanskje begynna å grubla i om maten var for god, det er ikkje enkelt verken å kasta hestasko eller mjølkespann om ein vert for «stremben» (stappmett). Men konkuransane gjekk som planlagt, og pallplassane i begge greinene fekk utdelt fine premiar med TINE effektar på. Og med det var ein triveleg stølsdag til endes.

Tekst og foto: Lise Elvagjeng

Bilder: 1)Utsikta frå Anestølen mot Langedalen. 2) Nokre av dei frammøtte på stølsdagen. 3) Reidun Leirdal og Bente Leirdal Sleen serverar rømmegraut 

 Fra Anestølen collage

 

 Bilder: 1) Gjensidig kjærleik. 2) Mjølkespann kasting. 3) Mjølkehenting frå fire geitefjøs også denne søndagen

 Fra Anestølen collage 2

Leiar i produsentlaget, Per Hilleren, gratulerte med sølvtina, og overrekte  Nina og Jan Ove Selseng ein TINE sekk frå produsentlaget.

 1

 

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter