Meny

Bakteriesporar i geitemjølk

I 2017 starta TINE å kartlegge innhaldet av sporar i geitemjølk. Interessa er særleg knytt til innhaldet av sporar frå anaerobe sporedannande bakteriar, der dei viktigaste er smørsyreproduserande klostridier. Det er sporar frå desse som i størst grad kan vere problematiske ved ysting av kvite faste lagringsostar.

Hittil i 2018 er det analysert 587 prøver frå 254 produsentar.

Ca 1/3 av desse produsentane (88 ) har vore «innom» ein høg eller middels verdi (2 eller 3) for innhald av sporar frå anaerobe bakteriar, men mange av desse har ved oppfylgingsprøvene hatt resultat lågt eller ikkje funn av sporar (1 eller 0).

Tal produsentar med resultat høg (3) eller middels (2) verdi  fordeler seg slik:

Resultat 2 eller 3 

Tal produsentar

1 gong påvist

59

2 gonger

23

3 gonger

3

4 gonger

3

 Resultata viser at mange har løyst problemet med høgt sporeinnhold ved hygieniske tiltak eller ved at dei er komne over på fôr med lågt sporeinnhold. Analysane viser likevel at det er viktig å arbeide med sporereduserande tiltak også i geitmjølk.  Merksemda no bør rette seg inn mot tiltak i våronn og slått med tanke på å hauste fôr med lågt innhald av sporar.

Analyser av sporedannande bakteriar i geitmjølk held fram med rettleiande prøver og fylgjer same uttaksregime ved middels eller høge resultat som for sporeanalysar i kumjølk. Det er så langt ikkje tatt noko avgjerd om sporeinnhald i geitmjølk skal inn i kvalitetsbetalingsregelverket i framtida, så uttak av prøver og rettleiing er så langt eit reiskap for at den einskilde kan gjera kvalitetsforbetrande tiltak og få erfaring. Det er i gang ein prosess med å lage nytt kvalitetsregelverk for mjølk, og om sporeinnhaldet i geitemjølk skulle bli vurdert som aktuelt å ta inn der må dei som står for produksjonen av geitostar melde tydeleg inn at ein er tent med det for å få betre kvalitet på produkta. Ei slik endring vil tidlegast kunne bli aktuell frå 2019.

I artiklane det er lenka til under,  finn du råd om tiltak for å redusere risiko for sporar i fôret. og råd om tiltak for å hindre overføring av sporar frå fôr og fjøsmiljø til mjølk.

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter