Meny

Spennande feltforsøk startar no!

Veging av geiter hos forsøksvert Einar og Gøril Lie i Aurland.
Veging av geiter hos forsøksvert Einar og Gøril Lie i Aurland.
Forsøksvert Rune Myklebust , og TINE -rådgjevar  Ola Søgnesand, monterer værstasjon i Oldedalen
Forsøksvert Rune Myklebust , og TINE -rådgjevar Ola Søgnesand, monterer værstasjon i Oldedalen

Totalt deltek 22 geitebesetningar i et spennande feltforsøk. Hovudformålet er å undersøke korleis kraftfôrnivået i beitesesongen påverkar beiteaktivitet og utnytting av utmarksbeite.

Geitmjølkprodusentar over heile landet tek denne sommaren del i eit beiteforsøk der hovudformålet er å undersøke korleis kraftfôrnivået i beitesesongen påverkar beiteaktivitet og utnytting av utmarksbeite.

Dei viktigaste forsøksspørsmåla

  • Vil reduserte kraftfôrmengder i beitetida føre til økt beiteaktivitet?

  • Korleis påverkar reduserte kraftfôrmengder i beitetida mjølkemengde, kjemisk samansetning og innhold av frie fettsyrer?

  • Korleis vert beiteaktiviteten påverka av kraftfôrnivået tidlig kontra seint i beitesesongen?

  • Korleis påverkar vertilhøva beiteaktiviteten til geitene?

Reduserte kraftfôrmengder i beiteperioden

For å få svar på forsøksspørsmåla vil forsøksbesetningane ut frå eit etablert kraftfôrnivå i besetninga gjennomføre reduksjon i energitilførsel frå kraftfôr på 30 % i periodar tidleg og seint i beitesesongen.

Utvikle kraftfôrstrategiar

Totalt deltek 22 geitebesetningar frå Troms, Sogn og Fjordane, Hordaland, Telemark, Buskerud, Oppland og Hedmark i feltforsøket. Storleiken på besetningane varierer frå 40 til 160 årsgeiter. Over halvdelen av besetningane har støylsdrift.

Feltforsøket er ein del av det fireårige prosjektet «Produksjon av geitmelk med høy kvalitet ved økt bruk av norske fôrmidler og forbedret fôrutnyttelse ved Norges miljø og biovitenskaplige Universitet, NMBU.

Hovudformålet med forsøket er å utvikle kraftfôrstrategiar i beitetida som kan auke utnyttinga av naturlege beiteressursar samstundes som ein opprettheld naudynt avdrått og kvalitet på mjølka.

Utnytting av utmarksbeite er tradisjonelt viktig for norsk geitehald og bidrar positivt til næringa sitt omdømme og til kostnadseffektivitet. Mjølk og ost produsert på utmarksbeite har meir gunstig fettsyresamansetning og er meir aromatisk enn mjølk produsert på høy, surfôr eller kraftfôr.

Som beitedyr fungerer geita dessuten som landskapspleiar i tillegg til å være ein viktig del av den norske kulturarven.

Registreringar

 

Beiteaktivitet

Beiteaktiviteten til geitene vert registret ved at to av geitene i flokken vert utstyrt med GPS-klaver. Desse har ein aktivitetssensor som registrerer hovudrørsler og såleis beiteaktivitet og tid brukt til beiting.

Beitekvalitet

For å kunne vurdere beitekvaliteten vil ein vegetasjonskartlegge beiteområdet i etterkant av forsøket. Dette kan gjerast manuelt eller med detaljerte foto ved hjelp av en drone.

Dyreveging.

Geitene vil bli veid to gonger i løpet av beitesesongen, 1-2 veker før oppstart av første periode med redusert kraftfôrmengde og 1-2 uker etter siste periode.Totalt kjem ein til å vege over 2000 geiter i løpet av forsøket.

Utvikling i avdrått og mjølkekvalitet

Registrering av levert tankmjølk vil danne grunnlag for beregning av gjennomsnittlig mjølkemengde på enkeltdyrnivå gjennom sesongen. Tankmjølkanalyser frå kvar leveranse vil vise utvikling i mjølkekvalitet.

Vertilhøve

Vertihøve har sterk innverknad på beiteaktiviteten til geitene . Ver og klima vert difor registrert gjennom heile beiteperioden gjennom verstasjonar som vert sett opp ved fjøset ved forsøksstart.

TINE bidrar til det fireårige prosjektet gjennom eit tett samarbeid med NMBU, både fagleg og økonomisk. Fagsjef Harald Volden og spesialrådgiver Helga Kvamsås er representert i arbeidsgruppa for prosjektet. Kvamsås har hovudansvar for gjennomføring av feltforsøka.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit april

Kr 5,05

Snitt fettprosent kumelk april

4,39%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås