Meny

Satsar på høg avdrått med godt grovfôr

Sidsel og Leidulf Bogstad
Sidsel og Leidulf Bogstad

Sidsel og Leidulf Bogstad produserer geitmjølk i Årdalen i Gloppen kommune og har stor kvote i høve til det dyretalet som det er plass til i dag. Dei har difor satsa på høg avdrått. Tal frå geitekontrollen syner at dei har lukkast. Avdrått per årsgeit dei siste fem åra har vore 900 - 1000 kg mjølk med 11,5 % tørrstoff i gjennomsnitt. Les meir om korleis dei oppnår dette.

- Best mulig utnytting av geitene sin produksjonskapasitet og levering av mjølk i perioden med sesongtillegg, er driftsopplegget som gir best økonomi med dei forutsetningane vi har på garden i dag. Produksjonsapparatet vårt er fornya dei siste åra og vi har rasjonelle løysingar for fôring og mjølking som gjer det mulig å produsere mykje mjølk, seier paret.

Store geiter med høg fôropptakskapasitet og jamn fôring med godt grovfôr gjennom heile laktasjonen er ein av nøkkelfaktorane. I gjennomsnitt er vekta av eldre geiter 65 kg og 2.laktasjonsgeitene 59 kg. Førstelaktasjonsgeiter mjølkar om lag 80 % av dei vaksne, noko som tyder på god oppdrettefôring og evne til høgt fôropptak.

Gir grovfôr også i beitesesongen

Beitesesongen varer frå midt i mai til slutten av september. I denne perioden blir kraftfôrnivået redusert med 30 – 35 %. For å oppretthalde høg avdrått er det naudsynt med grovfôrtillegg også i beitesesongen. Geitene har tilgang både til utmarksbeite og innmarksbeite. Dei får alltid tilgang til grovfôr om kvelden etter mjølking, enten ved at dei slepp ut att på beite eller ved at dei vert fôra med ferskt gras eller rundballar. Full innefôring med rundballesurfôr morgon og kveld startar i slutten av september Geitene får likevel gå ute utover hausten og førjulsvinteren fram til snøen kjem. Dette er godt for trivsel og dyrehelse.

Differensierer kraftfôrnivå etter avdrått

Kraftfôret vert tildelt gjennom kraftfôrautomatar og ein differensierer kraftfôrnivået gruppevis etter avdrått. Forbruket av kraftfôr målt som FEm kraftfôr per 100 kg mjølk ligg ca 10 % lågare enn gjennomsnitt for landet.

Mål om å levere minst 20 % av kvota i månader med sesongtillegg

Hoveddelen av kjeinga skjer i midten av mars månad.  Slik oppnår ein levering av mjølk i alle månader med sesongtillegg. TINE stimulerer sterkt til levering i november, desember og januar gjennom pristillegget på kr 3,00 /liter. Med ei kvote på 120 000 liter og 20 % levert desse månadane, hevar ein gjennomsnittleg mjølkepris med nærare 70 øre /liter.   

Erfaringar med kontinuerleg mjølkeproduksjon er gode

Leidulf og Sidsel har dei siste åra levert mjølk alle månader i året.  I nokre år har dei praktisert ein utradisjonell produksjonsstrategi for å fylle kvota og levere mjølk i månader med høg pris. Dei har latt geiter som ikkje vert drektige om hausten mjølke kontinuerleg i 2 eller 3 år. Erfaringane er at produksjonen held seg godt oppe hos geiter som har gode mjølkeeigenskapar når ein fôrar dei godt utover hausten.  Det er ikkje noko som tyder på at desse geitene skiller seg ut med høgare celletal enn dei øvrige. Leidulf meiner at ein litt for stor andel av geitene har vore tomme dei siste åra og det er uansett viktig å finne ut kva som er årsak til at geitene ikkje tek kje.

Planlegg større plass til kje, ungdyr og bukkar

Med dagens fjøskapasitet er det ikkje mulig å auke tal mjølkegeiter og utvide produksjonen ytterlegare.  Leidulf og Sidsel ynskjer no å få betre plass til mjølkegeitene og å legge til rette for å kunne utvide mjølkeproduksjonen i framtida. Dei planlegg difor ei ny avdeling for kje, ungdyr og bukkar som gjer at dei frigjer plass til mjølkegeiter. Når dei først gjer dette, vel dei å utvide så mykje at dei kan ta vare på om lag alle kje som vert fødde og fôre dei fram til slakt ved 6 -7 vekers alder. Etter at slaktestilskotet til kje i fjor vart heva til kr 300,-  er det mulig å produsere kjekjøt med positivt dekningsbidrag under visse føresetnader. Når geitene kjear i mars kan Sidsel og Leidulf levere ein betydeleg del av slaktekjea til Nortura i veker med særskilt pristillegg på kjøt. Dei har også mulighet for å levere kjekjøt til lokal foredling i nærområdet, - noko som gir eit høgare dekningsbidrag enn levering til ordinær oppgjerspris hos Nortura.

Godt samarbeid med TINE Rådgiving om bygningsplanlegging og økonomi

I samband med sanering i geiteflokken i 2007/ 2008 gjennomførte Sidsel og Leidulf ein del større ombyggingar og oppgradering av driftsbygningen. I heile prosessen har dei hatt tett samarbeid med bygningsrådgjevar i TINE Ola Søgnesand. Når dei no er i ein ny fase med utbygging er det også Ola som er rådgjevar og diskusjonspartnar. TINE Produksjonsplan ØRT Geit og TINE Driftsplan vert brukt for å vurdere økonomien ved endring i driftsopplegg og nye investeringar.

Sidsel Bogstad produksjonsoptimalisering to bilder

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit april

Kr 5,05

Snitt fettprosent kumelk april

4,39%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås