Meny

Best grunnlag for optimal kraftfôrstrategi gjennom laktasjonen

Variasjon i mjølkemengde og innhald i mjølk er stor både mellom individ og mellom ulike grupper i same flokk. Skilnad i yting hos første laktasjonsgeiter og eldre geiter kan vere stor i enkelte flokkar og mindre i andre. Ulik strategi for oppdrettsfôring er ein viktig årsaksfaktor, men også fôringa etter kjeing har betydning for avdråttsutviklinga i dei to gruppene.

Figurane under syner mjølkekurver i to besetningar der avdråtten hos førstelaktasjonsgeiter i høve til eldre geiter er svært ulik. I den eine besetninga er ytinga hos førstelaktasjonsgeitene berre 60% av ytinga til dei eldre geitene. Når ein har regelmessige og riktige registreringar for mjølkeyting gjennom laktasjonen får ein gode tal for avdråttsnivå og avdråttsutvikling i ulike aldersgrupper. På dette grunnlaget kan ein analysere årsaksforhold og drive god produksjonsstyring.

optimal  kraftforstrategi  gjennom laktasjonen_1

Rett fordeling av kraftfôr mellom avdråttsgrupper gir betre utnytting av grovfôr

Skilnaden i yting og innhald i mjølk mellom geiter i ulike aldersgrupper er stor og trongen for energi og protein til mjølkeproduksjon er sjølvsagt svært ulik alt etter yting og tørrstoffinnhold i mjølka.

Dette kan illustrerast ved fylgjande eksempel :

optimal  kraftfôrstrategi  gjennom laktasjonen

 Skilnad i energibehov er ca 0,6 FEm. Uten å differensiere energitilførselen gjennom å differensiere krafttfôrnivå mellom avdråttsgrupper er det klart at ein får dårleg utnytting av det kraftfôret ein set inn i produksjonen. Fleire og fleire har mjølkesystem og fôringssystem som gir høve til ei rettare fordeling av kraftfôret mellom grupper av geiter med ulikt ytingsnivå ( energikorrigert mjølk) .

Vi veit også at kraftfôr har ein klar substitusjonseffekt .Det vil sei at for kvar kg kraftfôrtørrstoff ein gir vil dette redusere opptaket av grovfôrtørrstoff med ein viss del. Substitusjonseffekten er avhengig av grovfôrkvalitet og tidspunkt i laktasjonen. Substitusjonseffekten er størst i tidleg laktasjon og ved god grovfôrkvalitet.

Det er altså viktig for best mulig utnytting av grovfôr et at ein differensierer kraftfôrnivå etter yting og unngår overfôring med kraftfôr over lang tid til geiter som ikkje har behov for det.

Det er viktig å kome i gang med mjølkeveging og få oversikt over utviklinga i yting frå eit tidleg tidspunkt i laktasjonen .

Fordeler vi kraftfôret til besetninga på ein rett måte gjennom laktasjonen?

Geitene sin kapasitet til å ta opp grovfôr er låg omkring kjeing og stig så gradvis utover i laktasjonen.

Det er et viktig spørsmål om vi brukar kraftfôret vi gir gjennom laktasjonen på en slik måte at vi verkeleg utnyttar geita sin opptakskapasitet for grovfôr og at vi får mest mulig att for kraftfôret vi brukar i form av mjølk.

Gjennom strategifôring der fôringa er planlagt ut frå ei ønska/forventa mjølkekurve og kjent grovfôrkvalitet, er prinsippet at ein ved eit visst tidspunkt i laktasjonen reduserer kraftfôret gradvis og geitene kompenserer for den reduserte kraftfôrmengda med høgare grovfôropptak. Kvaliteten på grovfôret har betydning for kor mykje geitene greier å kompensere for med auka opptak.

Når geitene kjem 4- 5 mnd ut i laktasjonen vil dei naturleg prioritere meir energi til kroppsreservar, og mindre til mjølk. Kraftfôret vi gir i denne delen av laktasjonen vert mindre effektivt nytta til mjølk enn i tidleg laktasjon og samstundes har geitene høgare fôropptakskapasitet i denne tida. Ei fordeling av kraftfôret der ein gir meir i tidleg laktasjon enn i midt/ seinlaktasjon kan kanskje gi betre utnytting av både kraftfôr og grovfôr. Ein slik strategi krev at ein har kontroll på utviklinga i yting og tørrstoffproduksjon (energikorrigert mjølk) gjennom regelmessig mjølkeveging og prøvetaking.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit april

Kr 5,05

Snitt fettprosent kumelk april

4,39%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås