Meny

Overgangsfôring omkring kjeing

Overgangen frå drektigheit til mjølkeproduksjon betyr ei enorm omstilling for ei høgtytande mjølkegeit. Ein produksjon på 4 -6 kg mjølk per dag krev forsyning av energi og næringsstoff som er 3 – 4 gonger høgare enn behovet til vedlikehald. For at geita skal greie omstillinga best mogleg må vi ha ein god plan for fôringa der vi tek omsyn endringar i fôropptak og til raskt aukande fôrtrong etter kjeing.

Ulike periodar i tørrperioden krev ulike fokusområde.

Tørrperioden kan deles i tre:

  1. Avsiningsperioden med fokus på gode avsiningsrutiner og jurhelse
  2. Førebuingsperioden med fokus på holdoppbygging og riktig næringstilførsel
  3. Overgangsperioden med fokus på overgangsfôring, tilvenning til ny rasjon og opptrapping med kraftfôr.

Overgangsperioden strekker seg frå 2 – 3 veker før kjeing til ca 3 veker etter kjeing.

Fall i fôropptakskapasitet set krav til fôrkvalitet og rasjonssammensetning

Fôropptaket går betydeleg ned i siste trimester ( siste 50 dagar)  i drektigheita, og særleg dei siste 2 vekene før kjeing. Årsaka ligg både  i hormonelle endringar som påvirkar stoffskiftet og i at fostera tek stor plass. Spesielt med tvillingar og trillingar blir  plassen fostera tek i bukhola  stor og minskar plassen som er tilgjengelig for fôr. Tilliks med storfe og sau kan ei nok rekne med ein reduksjon i tørrstoffopptak på minst 30 % i dei siste vekene før kjeing. Første dagane etter kjeing er fôropptaket også lågt og aukar så gradvis i vekene etter kjeing. Fôropptaket er kanskje ikkje på topp før etter 10 – 14 veker, avhengig av yting og om det er eldre geiter eller førstegangskjearar.

Geitene må få venje seg til alle fôrslag dei skal ha etter kjeing  2-3 vekre før kjeinga startar. Endringar i smakelegheit av fôr eller nye fôrslag kan gi midlertidige fall i opptaket og kan vere særs uheldig. I denne perioden må ein generelt  vere svært merksam på fôrkvalitet, tilgang til fôr, utfôringsrutiner for kraftfôr og samansetjing av rasjonen.

Vommiljø i overgangsperioden

Kraftfôrnivået i overgangsperioden må rette seg etter grovfôrkvalitet og at geita har ein lågare opptakskapasitet enn ellers. Vert kraftfôrnivået for høgt, vil det kunne setje ned grovfôropptaket ytterlegare og ein kan vere på veg til å fôre seg inn i eit uføre med sur vom og mage/tarm-problem som resultat. Utbyttingseffekten ved aukande kraftfôrmengder er høg i overgangsperioden. Følg med på appetitten til geitene. Første teiknet på dårlig vommiljø er at geitene eter grovfôret dårleg.

Stimuler til høgast mogleg grovfôropptak

Ein viktig del av heilheitleg  fôrplanlegging er å ta omsyn til det naturlege fallet i fôropptak omkring kjeing. Ein bør prioritere den beste grovfôrkvaliteten til overgangsperioden og dei første månadane av laktsjonen. Grovfôranalyser som syner innnhold av energi  og NDF i grovfôret er ei forutsetning for å kunne supplere med rett mengde og type kraftfôr.

Ein må også planlegge slik at ein ikkje kjem opp i eit markert skifte i grovfôrkvalitet den første tida etter kjeing. Fôrskifte som fører til nedsett grovfôropptak samstundes som kraftfôrmengda er den same fører ofte til vomproblem og diarètilfeller. Hyppig tildeling av friskt grovfôr i overgangsperioden og første månaden etter kjeing stimulerer grovfôropptaket og betrar vommiljøet og derved utnyttinga av fôret. Tildel grovfôr meir enn to gongar per dag i overgangsperioden og første månad etter kjeing.

Tilrådd kraftfôrnivå ved kjeing vil variere med storleiken og alder til geitene

Fôropptaket er også regulert av fysiske faktorar, først og fremst storleiken av vom og fordøyelsesorgan. Storleik av vom og fordøyelsesorgan heng saman med storleiken av dyret. Ei stor geit har større opptaksapasitet enn ei lita geit.

Aldersgruppe Åringar Eldre geiter som veg under 60 kg i høglaktasjon Eldre geiter som veg 60 kg eller meir i høglaktasjon
Kraftfornivå ved kjeing Maks 0,6 kg per dag Maks 0,7 kg per dag Maks 0,8 kg per dag

Opptrappingshastigheit for kraftfôr må rette seg etter grovfôrkvalitet og fôringssystem.

Etter kjeing stig energitrongen raskt etter som mjølkeproduksjonen aukar. Opptrappinga av kraftfôr skal skje i takt med stigande energitrong. Men ein må ta omsyn til at for rask opptrapping kan føre for høg vombelastning og problem med vommiljø mens for sein opptrapping kan gi stort energiunderskot og svært rask mobilisering av kroppsreserver.

Utgangspunktet kan vere at ein legg ein plan for opptrapping med 1 hg kvar 3. eller 4 dag. Har ein kraftfôrstasjonar bør ein nytte  muligheiten som ligg her til å legge geitene inn på eigna fôrplan /tabell eller kurve slik t ein får individuell opptrappingsplan for kraftfôr  frå kjeingsdagen.

Har ein grovfôr av særs god kvalitet,-  energikonsentrasjon over 0,90 FEm per kg tørrstoff og  NDF-nivå under 500 g per kg tørrstoff, kan ein trappe opp kraftfôret med 1 hg kvar 4. eller 5. dag. Substitusjonseffekten ved stigande kraftfôrnivå er høgare for grovfor av svært god kvalitet enn for grovfôr av middels eller svakare kvalitet.

Ta særleg omsyn til unggeitene

I fjøs med stor fellsebinge, bør unggeitene kome over i mjølkegeitavdelinga 4-6 veker før forventa kjeing for å venje seg til resten av flokken, ny fôringsplass og til eventuelle kraftfôrstasjonar i god tid før kjeing. Dette reduserer stresset omkring kjeing .

Hovedfokus i overgangsperioden er opprettholde et godt vommiljø samstundes som vomfloraen skal tilpasse seg den fôrrasjonen og det fôrnivået geitene skal ha etter kjeing. Å legge til rette for høgast mogleg grovfôroptak betyr også at ein skal  gi geitene god plass, appetittvekkande fôr , reint vatn og godt og tørt miljø. Trivsel og lågt stressnivå er ein særs viktig faktor for å oppnå god overgang frå dreiktigheit til laktasjon.


Topp Team Fôring Geit
Helga Kvamsås
Hege Gonsholt

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit januar

Kr 4,95

Snitt fettprosent kumelk januar

4,34%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås