Meny

Mjølkekvalitet i beiteperioden

Foto: Hege Gonsholt
Foto: Hege Gonsholt

Celletallet stig i beitetida – friske jur ved beiteslepp gir best utgangspunkt. Det kvalitetskriteriet flest produsentar er bekymra for er celletallsnivået i mjølka i beitetida. Celletalet stig i sommarmånadane.

Fleire tilhøve verkar inn på dette. Ei form for «stressreaksjon» akkurat ved beiteslepp verkar mykje inn. Det same gjeld brunstperioden men terreng,vær, temperatur og beitemønster har også betydning for variasjonar i celletalet. Har ein eit godt utgangspunkt med friske jur er utslaga av stressfaktorar eller miljøpåverknad mindre enn hvis ein har ein del geiter med jurinfeksjonar. Merksemda omkring jurinfeksjonar er blitt stor – særleg siste året ved overgang til teljing av enkeltbakteriar i mjølka. Mastittbakteriar kan gi store utslag på bakterieprøvane og geiter som er infiserte kan periodevis ha svært høge celletal som drar opp celletalet i tankmjølka betydelig.

Registreringane i geitekontrollen syner at høgt celletal er den klart viktigaste utrangeringsårsaka i geiteflokkane. (Fig1.) Under posten «andre årsaker» er det sannsynleg at det også er ein del geiter som havnar her pga jurhelse, til dømes koldbrann eller funn av bakteriar ved uttak av speneprøver. Utrangering av geiter med høge celletal og øvrig jurhelsearbeid ser ut til å gi tydelige resultat. Celletalet i tankmjølk dei første månadane i år ligg betydeleg lågare enn fjoråret og året før. (Fig.2)

 Utrangering av geiter registrert i 2017

 Fig 1. Utrangeringsårsaker i geitekontrollen

 Celletall tankmjølk geit

 Fig 2. Celletal tankmjølk siste tre år 

God jurhelsestyring er avgjerande for celletalsnivå og bakteriologisk kvalitet

Jurhelsestyring er ein særs viktig del av produksjonsstyringa og førebygging er alltid betre enn reparasjon i ettertid.

Uttak av mjølkprøver av alle geiter ved kvar mjølkeveging, og helst kvar månad, er det viktigaste styringsverktøyet ein har for å halde kontroll på jurhelsa.

Vi registrerer at besetningar som systematisk har arbeidd med jurhelse gjerne ligg på celletalsnivå under 200 – 300.000 dei første månadane av laktasjonen. Utgangspunktet før beitesesongen er då svært gunstig. Dette jurhelsearbeidet består ikkje berre av systematisk utrangering av «høgcelletalsgeiter» men også av førebyggande tiltak omkring kjeing, godt fungerande mjølkeanlegg, fokus på godt fjøsmiljø, lågt smittepress, god plass og lite stress for geitene.

PDF-dokument: Døme på celletalsutvikling i besetning med god jurhelse 

Gode rutiner før og etter beiteslepp:

Ta mjølkeprøver nær opp til beiteslepp slik at ein lettare kan identifisere «mistenkelige» geiter hvis det til dømes oppstår bakteriologiske problem i beiteperioden. Ta speneprøver av geiter med høge celletal (over ein mill.) Har desse S. Aureus-infeksjon bør dei utrangerast. Ein kan forvente at slike geiter kan bidra sterkt til forhøya celletal i tankmjølk utover i beiteperioden.

Bruk solkrem med høg solfaktor i starten av beiteperioden for å unngå såre jur og spenar.

Seinare i sesongen: smør etter behov hvis jura vert tørre og såre. Sår og sprekker kan vere   inngangsport for bakteriar til juret.

Stell av småsår og rifter på spenar og jur er viktig for å hindre vekst av sårbakteriar som også er bakteriar som kan infisere juret. Sink-salve er fint å bruke på småsår. Jodspray er et alternativ.

Mjølkeanlegg på stølen må fungere like godt som det som er heime. Kontroll av mjølkeanlegg på stølen er eit godt førebyggande jurhelsetiltak.

Gode mjølkingsrutiner som innbefattar god reingjering av jur og oppmjølking i prøvekopp høyrer til jurhelsearbeidet og kvalitetssikringa før mjølka går på tanken.

Frie fettsyrer

Nivået av frie fettsyrer i geitmjølka er lågt og svært stabil også i beitesesongen. Av figuren ser ein at innhaldet er høgast i juli men også her var nivået under 0,4 mmol per ml melk i 2017. Mjølka er svært godt råstoff med tanke på smak og lagringsdyktige produkt.

Frie fettsyrer_geit

 Fig3. Frie fettsyrer mmol per liter

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2018

Snitt melkepris ku og geit mai

Kr 5,01

Snitt fettprosent kumelk mai

4,24%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter