Meny

Kvifor får geita diarè? – årsaker og løysingar

Geiter som eter grovfôr
Geiter som eter grovfôr
Marit Smistad held foredrag
Marit Smistad held foredrag

Analyser av avføringsprøver frå geiter med diarè i fleire besetningar på Sunnmøre syner at det oftast er fôringsbetinga årsaker til at diarè oppstår. Løysinga er fôrrasjonar som gir nok struktur og rett nivå av stivelse /sukker.

Veterinær Marit Smistad hadde teke initiativ til fagmøtet på Stranda 12. mars. Saman med sine kolleger Niek Schreijer og Gunnar Valdal, samt fagspesialist i TINE Helga Kvamsås vart årsaksfaktorar,  regimer for behandling og vaksinering og førebygging gjennom fôringstiltak gjennomgått.

Førebygging framfor behandling med antibiotika

Omfanget av problema med diarè i mjølkegeitbuskapane er ikkje godt nok kartlagt per i dag men tilbakemeldingar frå veterinærar, produsentar og rådgjevarar tyder på at i periodar er mage/tarmproblem ei betydeleg utfordring i ein del buskapar. Antibiotika vert brukt ved behandling men effekten varierer ut frå kor alvorleg situasjonen er.

I sitt foredrag påpeika Marit Smistad at det svært viktig at ein fylgjer ei restriktiv linje ved antibiotikabruk og at førebygging av mage/tarmproblem er den avgjort viktigaste strategien både for å unngå at sjukdom oppstår og for å redusere medisinbruken.

Både infeksjonar og fôringsfeil kan vere årsak til diarè hos kje og vaksne geiter

Bakteriar, virus og parasittar kan forårsake diarè hos geiter og kje. Avhengig av alder tenker ein på ulike årsaker.

 Tabell 1 - geit

Hos nyfødde kje kan ulike bakteriar og virus vere årsak til diarè og ofte er det vanskeleg å finne den direkte årsaka til diarè i denne aldersgruppa.

Den viktigaste enkeltfaktoren for å få utvikla mage/tarm-betennelse hos spedkje er for lite råmjølk innan 15 timar, deretter er mangelfull hygiene og problem med mjølkefôringa viktige faktorar. Mage/tarmsjukdommar på kje vil ofte gi varig svekka individ med nedsett produksjonspotensiale heile livet.

Koksidiar kan vere eit probem i geitebesetningar i innefôringsperioden

Ulikt sau kan koksidiose opptre i innefôringsperioden, - oftast på kje under 6 månader. Koksidiar er eincella parasittar som øydelegg tarmslimhinna. Begrensa areal og utfordringar med hygieniske tilhøve i bingane kan vere årsaker til koksidiose. Kje på talle er meir utsette. Det er lurt å ta avføringsprøver av kje med diarè. Sjuke kje skiller ut svært store mengder koksidier og bør isolerast.

Lite parasittar og store mengder clostridier i prøver frå vaksne geiter med diarè

For å kome årsakene til diarèproblema i enkelte buskapar noko nærare, har veterinær Marit Smistad gjennomført prøvetaking i fleire besetningar som har vore plaga med diarè. Det er teke avføringsprøver av geiter med diarè og kontrollprøver av friske geiter i same besetning.

Resultata i desse besetningane eintydige:

  • Parasittar vart funne berre i små mengder og er utelukka som årsak.
  • Det vart funne store mengder av bakterietypen Clostridium perfringens hos diarègeitene.
  • Hos dei friske kontrollgeitene vart det funne ein uspesifikk normal blandingsflora.

Kvifor vert det oppblomstring av clostridier?

Bakterien clostridium perfringens type D finns normalt i små mengder i tarmen.

Hvis foringsmessige tilhøve forårsakar stor oppblomstring av clostridier i tarmen kan bakteriane produsere store mengder giftstoff som kan gi betennelse i tarmslimhinner både i tynntarm og tjukktarm og andre kroppsvev. Tarmslimhinna kan truleg verte skada for lang tid avhengig av kor alvorleg og kor lenge geita er sjuk.

Ein ubalansert fôrrasjon med store mengder lettfordøyelege karbohydrat er den vanlegaste årsaka til sterk opppvekst av clostridier.

Ein annan effekt av store mengder lettfordøyelege kabohydrat i rasjonen er stor og rask produksjon av organiske syrer i vomma. Resultatet er synkande pH, favorisering av melkesyrebakterier som ytterlegare forsurar vommiljøet og sterk reduksjon av den delen av vomfloraen som fordøyer grovfôr. Ein kan risikere å fôre seg inn i eit problem med sur vom som er vanskeleg å rette opp. Fiberfattig grovfôr kombinert med kraftfôr med høg andel lettfordøyeleg stivelse/sukker er døme på en fôrrasjon som fort kan resultere i en situasjon med risiko for oppformeiring av clostridier i tarm og/eller sur vom.

Resultat av oppformeiring av clostridier i tarm

  • Produksjon av giftstoff
  • Betennelse i tarmslimhinne - > kolikksmerter og blodig diarè
  • Betent tarmslimhinne, giftstoff vert teke opp i systemet. Øydeleggelse av blodkar
  • Allmennpåkjenning, feber, sløvhet, kramper, pusteproblem (forgiftning)
  • Endotoksemisk sjokk, vevsdød, væskeansamling i hjerne, hjerte, lunge----->død

Resultat av sur vom  og melkesyreproduksjon i vom                                                          

  • Nedsett appetitt ,lågt og svingande grovfôropptak  
  • Væske dras fra systemet til vom/tarm ----> uttørking og diarè
  • Melkesyre: kjemisk skade på vomepitel , kan ta lang tid å lege, geita vert meir utsett for gjentaking

Diarèproblem hos mjølkegeit er samansett men heng saman med fôring

Dette var Marit Smistad sin konklusjon etter gjennomgang av årsakssamanhengar og resultat av prøvetaking i geitebesetningar i distriktet.

Clostridier er nesten alltid ein del av sjukdomsbildet.

Behandling med antibiotika er vanleg, men sterkt ynskjeleg å redusere til et minimum. Det er viktig at ein også prøver ut alternative behandlingsformer som kan gi bra effekt:

  • Væskebehandling for å gjenopprette saltbalanse
  • Antacider: får opp pH i vom
  • Kullpasta: binder giftstoff i tarm
  • Vomstimulerande midler
  • Bufferstoff som bidrar til å hindre pH-fall i vom ( bikarbonat m.m.)

Behandling er vanskeleg og fokus må ligge på førebygging

Førebyggande tiltak gjennom riktig og planmessig fôring der ein har kontroll på innhold av sukker/stivelsesnivå og strukturverdien i fôrrasjonen er det viktigaste førebyggande arbeid ein kan ta tak i.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit juli

Kr 5,33

Snitt fettprosent kumelk juli

4,32%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås