Meny

Innhaldsrike geitedagar i Harstad

Et hundretals deltakarar var samla til tre innhaldsrike dagar i Harstad. Fagtemaene var mange og varierte men med ein raud tråd som handla om ressursgrunnlag og strategi for framtida. Korleis ein produserer mjølka, korleis næringa framstår og ressursgrunnlaget den bygger framtida på er eit ansvar både for den enkelte og eit felles ansvar for næringa og TINE.

 

Norske mjølkeprodusentar har eit unikt utgangspunkt for dokumentasjon av drifta,  overvaking og produksjonsstyring

Omfattande datainnsamling om produksjon, helse, mjølkekvalitet, avl og økonomi gir grunnlag for å kombinere produksjons- og økonomidata på en måte som ingen andre er i stand til. Det finst i dag mange ulike styringssystem for mjølkepoduksjon på markedet, men som i stor grad  har meir preg av å vere verktøy for overvaking enn for planlegging og produksjonsstyring.  TINE sin ambisjon er å utvikle, uavhengig av dyreslag, gode verktøy for planlegging, styring og støtte for avgjersler på den enkelte gard. Første steget for geit er den nye geitekontrollen og påkobling til Råvaretorget der ein hentar leveransopplysningar, kvalitetsdata med meir. Et prognoseverktøy for mjølkeleveranse for både ku og geit vert lansert i løpet av 2016.

Grovfôrdyrking og norsk fôr til norske geiter

Under dette temaet vart nøkkelfaktorar for å oppnå gode avlingar og god grovfôrkvalitet presentert. Diskusjonen som vart reist om kva som er eit godt grovfôr til geit med tanke på grasartar og frøblandingar, tyder på at vi treng meir kunnskap men også at det finst moglegheiter for tilpassing av frøblandingar utenom standardblandingane viss ein ynskjer å prøve.

Potensialet for betre unytting av utmarksbeiter gjennom reduksjon i kraftfôrmengder og høgare opptak av grovfôr ved endring av kraftfôrstrategi omkring kjeing, er vist gjennom feltforsøk. Forsøk ved NMBU syner at det er mogleg å bruke norske fettkilder i kraftfôr til geit. Når andelen kraftfôr til geit er berre 0,5 % av det totale kraftfôrforbruket i Norge, - kvifor ikkje ha ambisjonar om at 100 % av kraftfôret skal vere basert på norske råvarer ?

«Vi må ha høge ambisjonar for geitemjølka – i framtida kan næringa bli utfordra på å levere meir»

Slik starta styreleiar Trond Reierstad si innleiing om TINE sin strategiplan for geit. Han la ikkje  skjul på at utfordringane er mange og at rammebetingelsane for norsk mjølkeproduksjon stadig vert hardare med utsikter til svekka tollvern og aukande import , - men geitmjølkproduksjonen kan ha potensiale til vekst på lengre sikt. Internasjonale trendar tyder på at geitmjølk og getemjølkprodukt blir meir etterspurt. Samstundes var bodskapen at ein må vere realistiske og det kortsiktige målet er å betre bruken og heve den totale lønsemda  i eksisterande geitmjølkvolum som grunnlag for vidare vekst. I eit meir langsiktig perspektiv har strategiplanen særdeles sterkt fokus på at forbrukarbehov skal styre utvikling og satsing.

Fagturar til vakre Vestbygd i Lødingen.

Utanom det faglege var det også tid til flotte opplevingar under besøk til to ulike geitebruk i Vestbygd. Naafs &Mørstad Samdrift med rein mjølkeproduksjon og «Den Sorte Gryte» med geitmelkproduksjon, gardsysteri, gardsbutikk og turisme gav eit bilde av mangfold og entusiasme i geitenæringa som imponerte

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås