Alle periodar gjennom ein laktasjon krev at ein har ein plan for viktige gjeremål, bestiller utstyr for prøvetaking og planlegg i god tid slik at ein er klar når tida for ulike tiltak er inne. Kunsten er å ligge et steg foran.
Ut frå tidspunkt i laktasjonen er det ulike gjeremål ein skal planlegge og gjennomføre.
Grovfôrkvaliteten bestemmer kraftfôrstrategien til ei kvar tid
Utan kjennskap til grovfôrkvaliteten har vi svært begrensa grunnlag for å velge rett kraftfôrtype og mengde. Å planlegge fôring for siste del av laktasjonen og i tørrperioden er like viktig som for tidleg laktasjon. For å få oversikt over årets grovfôrkvalitet, planlegg uttak av grovfôrprøver tidlegast mulig. Ein bør vente til ca seks veker etter slått før ein tek ut prøver av ensilert fôr. Då vil gjæringsprosessen vere ferdig og fôret er blitt stabilt.
God jurhelsestyring krev god planlegging
Ver tidleg nok ute med siste prøvetaking i geitekontrollen slik at det ikkje blir for seint å ta ut speneprøver . Geiter med celletall over 1 million på siste prøve og med vedvarande høge celletal («langtidsmillionærar» merka med rødt i Geitekontrollen) samt geiter der du kjenner kjertelforandringar skal ikkje gå inn i neste laktasjon utan tiltak. Sett dei på utrangeringslista eller fylgj dei opp med speneprøver som grunnlag for sintidsbehandling eller utrangering. Drøft tiltak med veterinæren.
Har kjea vokse godt ?
Mål for oppdrettet er å få robuste og produktive dyr som skal ete mykje grovfôr. Fôropptak har sterk samanheng med storleiken på dyret. Vi ynskjer gjerne at unggeitene skal vere 45–50 kg ved første kjeing. Sjekk tilveksten ved å vege eit representativt utval av kjea ved innsett. Har dei levandevekt som oppgitt i tabellen er det eit godt utgangspunkt for å nå tilvekstmålet. Drøft vidare fôringsopplegg for kjea med fôringsrådgjevar.
Planlegg rask og effektiv avsining
Ein bør bruke maksimalt fem-seks dagar på å avsine geitene. For å få ned mjølkeproduksjonen er det viktig at ein reduserer næringstilførselen. Reduser eller ta bort kraftfôret nokre dagar før ein startar sining og bruk grovfôr/beite av middels kvalitet. Geiter som er på et naturleg tidspunkt for avsining, ti månader ut i laktasjonen og har lite mjølk, kan avsinast brått. Ved avsining tidlegare i laktasjonen kan eit prøve å fylgje denne rutinen:
Dette er forslag til rutiner for geiter med friske jur:
Viktige lenker
Parasittpakke geit og sau:
http://www.animalia.no/Sauehelsenett/Diagnsotikk/Endoparasitter/Parasittpakken/
Til avføringsprøver som blir undersøkt for mage-tarm-nematoder, koksidier og lungeorm. Prøvetakingsutstyr, innsendingsskjema prøvetakingsveiledning og adressert/frankert konvolutt.
Godt jur geit - sjekk ved avsining