Meny

Holdvurdering av mjølkegeiter

Mjuke lendetakker med tydelig
fettlag. Først ved hardt trykk er det
mulig å få fingrene under dem
Mjuke lendetakker med tydelig fettlag. Først ved hardt trykk er det mulig å få fingrene under dem

Fôring og stell i siste del av laktasjonen og i tørrperioden verkar inn på mjølkeyting og mjølkekvalitet i neste laktasjon. Rett fôring og stell i denne perioden har betydning for kvaliteten på råmjølka, livskraft og vekstevne til kjea som vert fødde.

2 ½ månad før avsining

  • Holdvurder alle geiter
  • Ta grovfôrprøver
  • Planlegg disponering av grovfôr
  • Grupper geitene etter hold
  • Planlegg fôring i siste del av laktasjonen og tørrperioden
  • Legg en plan for avsining

Holdvurdering er eit godt hjelpemiddel til å vurdere fettreservene til geita og  bør alltid vere ein del av grunnlaget for korleis du fôrar geitene i siste del av laktasjonen og i tørrperioden.

Tørrperioden vert ofte for kort til å bygge opp godt hold

Det er vanleg at geiter mobiliserer opp til 1 kg av kroppsreservane per veke første månaden i laktasjonen og 0,5 kg per veke i andre månaden. Totalt betyr det ei mobilisering på opp til 6 kg i tidleg laktasjon, avhengig av mjølkeyting og fôrstyrke. Desse kroppsreservane skal byggast opp att, og unge geiter skal også ha dekka næringsbehovet til tilvekst første og andre året.

Næringsbehovet til fostertilvekst er lågt fram til om lag dag 100 i drektigheten men stig raskt dei siste vekene før kjeing. Samstundes går fôropptaket ned fordi fostera tek stadig større plass. Geiter med to eller fleire foster har sjelden moglegheit til å bygge opp hold siste månaden før kjeing. Dersom geitene er i dårleg hold ved avsining, vil ein tørrperiode på 8 veker bli for knapp til å bygge opp fettreserver. Planlegging av holdoppbygging må då starte i god tid før avsining.

Holdvurder geitene 2 ½ månad før avsining

Er tørrperioden 8 veker, og geitene tynne, må ein planlegge fôringa slik at ein del av holdoppbygginga kan skje dei siste månadane av laktasjonen.

Det er ikkje mulig å holdvurdere geitene berre ved å sjå på dei. Det er heilt naudsynt å kjenne på geitene og vurdere fettlaget. Med litt øving går det raskt å sette holdpoeng, kanskje 10 – 15 sekund per geit.

Holdpoeng vert sett etter ein skala frå 1 – 5, der 1 er ei sjukeleg tynn geit og 5 er overfeit. Last ned pfd som viser hvordan du holdvurderer på ein skala frå 1 - 5.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit april

Kr 5,05

Snitt fettprosent kumelk april

4,39%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås