Meny

Grovfôr til geit – Grovfôr 2020

Geitmjølkproduksjon basert på norske ressursar er ein sentral del av geitmjølkstrategien i TINE. Høgare opptak av grovfôr gjennom betre kvalitet og meir grovfôr er den beste og enklaste måten å auke utnyttinga av norsk fôr og auke delen av norskprodusert fôr til geit.

Grovfôr til geit var ein av dei store programpostane på Geitedagane i år. Spørsmål om kva som er godt grovfôr til geit, kva grasartar eller frøblandingar skal ein satse på, rett fôrkvalitet for geita i ulike deler av laktasjonen og ved ulike avdråttsnivå er viktige tema.

Her finn du fagstoffet om grovfôr frå Geitedagane 2017:

Godt grovfôr til geit – vil du bidra med dine eigne erfaringar?

Praktiske erfaringar frå dykk som driv med geitmjølkproduksjon er det beste grunnlaget for kunnskap vi har. På Geitedagane vart det delt ut spørjeskjema frå Felleskjøpet Rogaland Agder om erfaringar og eventuelle målsetjingar for grovfôr til geit. Vi er interessert i så mange svar som mogleg og du finn skjemaet her.

Ny innsikt i eigen grovfôrproduksjon. Meld deg på regionale fagsamlingar!

Gjennom prosjektet  Grovfôr 2020 har alle gode krefter i «landbruksfamilien» gått ilag om å samle og formidle fagkunnskap og erfaringar om grovfôrproduksjon. Målsetjinga er 20 prosent auke i andelen grovfôr per kg mjølk og kjøtt produsert.

Prosjekt Grovfôr 2020 arrangerer i haust fleire regionale fagsamlingar for ku – og geitemjølkprodusentar som er ute etter å  finne gode tiltak for å auke grovfôrkvaliteten og betre økonomien i grovfôrproduksjonen på bruket. Det er framleis ledige plassar på alle samlingar og det er berre å melde seg på!

Tid, stad og opplysningar om samlingane finn du her.

Dei som melder seg på, går på førehand gjennom eigen grovfôrproduksjon i lag med rådgevar frå TINE eller Norsk Landbruksrådgiving.  Denne gjennomgangen talfestar mellom anna dyrkings-og haustekostnadar, tidsforbruk,kostnadar knytt til leigejord,, avlingsnivå og syner til slutt grovfôrkostnad per fôreining.
En slik gjennomgang kan i seg sjøl gi deg ny og god innsikt i grovfôrproduksjonen din og på fagsamlinga deler du praktiske erfaringar og nøkkeltal i diskusjonsgrupper. Ta kontakt med din TINE-rådgjevar eller rådgjevar frå NLR hvis du er interessert. 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter