Meny

God utnytting av grovfôr krev god fôrplanlegging

Fôrplanlegging handlar om å få til den beste utnyttinga av det grovfôret ein har til disposisjon uansett kvalitet. Fôret, både grovfôr og kraftfôr, utgjer den største variable kostnaden i mjølkeproduksjonen, og både underfôring og overfôring kostar.

Godt planlagt fôring basert på fôranalyser er det beste grunnlaget for god næringsbalanse hos geitene og for at dei skal halde seg friske og produsere godt. Kjennskap til grovfôrkvalitet er naudsynt for å tilpasse kraftfôrmengde og kraftfôrkvalitet til avdråttsmål.

Fôropptaket er det som betyr mest for mjølkeyting og innhold i mjølka

Opptaket av fôr er knytt til eigenskapar hos geita, fôret og miljøet. Skal ein planlegge fôringa godt må ein kunne gjere ei god berekning av grovfôropptak på grunnlag av storleik på geitene, avdråttsnivå, fordøyelegheit av grovfôret, smakeligheit,og grad av appetittfôring.

Disponering av ulike grovfôrkvalitetar

Grovfôret frå ulike slåttar og ulike skifter varierer både i kvalitet og mengde. Geitene er som kjent svært vare for fôrskifter, særleg i tida omkring kjeing og i tidleg laktasjon. Dropp i avdrått eller vomproblem oppstår ofte nettopp i samband med fôrskifter. Jamnt og stabilt grovfôropptak denne tida krev at ein kjenner kvaliteten på grovfôret og aller helst kan unngå fôrskifter eller førebu seg på desse. Viktige spørsmål er: Kor godt er det beste grovfôret? Når skal ein bruke det? Kor mykje har ein av det? Kva anna grovfôr høver å kombinere det med dersom mengde er avgrensa?

Med utgangspunkt i to ulike grovfôrkvalitetar og avdråttsmål skal vi sjå på betydning for kraftfôrtype, kraftfôrnivå og ambisjonar for avdråttsnivå. 

Tabell 1 Grovfôranalyser

Grovfôr 1. Energirikt grovfôr

med relativt lite fiber og relativt høg proteinverdi. Tørrstoffinnhold er optimalt og innhold av sukker er høgt. Dette er grovfôr som er smakeleg og som gir grunnlag for høgt grovfôropptak så sant ein verkeleg fôrar etter appetitt. Ein skal vere merksam på at NDF-innholdet er lågt med tanke på at geita treng ein del fiber. Er fôrmengda knapp slik at ein ikkje kan praktisere 100 prosent appetittfôring bør ein bruke eit kraftfôr med gode vomstabiliserande eigenskapar i tillegg. I alle fall bør ein ha ein «buffer» klar om det syner seg at vomma ikkje fungerer optimalt. Dette kan til dømes vere betefôr/roesnitter som er rikt på fiber med høg fordøyelegheit.

Grovfôr 2.  Energifattig grovfôr

med høgt fiberinnhold og låg fordøyeligheit. Fôret fyller mykje i vom og tar lang tid gjennom fordøyelseskanalen Ein stor del av fiberen er ufordøyelig og har ingen verdi for geita. Proteinverdien er relativt låg. At sukkerinnholdet er lågt og at fôret er relativt vått verkar sannsynligvis negativt på smakelegheit og dermed på fôropptaket. Dette er faktorar som vi må ta omsyn til når vi skal berekne sannsynleg grovfôropptak og vurdere kva avdråttsnivå som er realistisk å oppnå.

Grovfôrkvaliteten avgjer kraftfôrtype og kraftfôrkvalitet

Fôrplanlegginga tar utgangspunkt i hovudfaktorane som verkar inn på fôropptak og i normer for fôropptakskapasitet. Rasjonen skal.tilfredsstille fastsette krav/ akseptable nivå  for energibalanse, AAT-balanse, maksimumnivå for sukker/stivelse og minimumskrav til tyggetid. I praktisk fôrplanlegging er det naudsynt å setje eit maximumsnivå på kraftfôr ut frå omsynet til vombelastning.

Fôrplan med energirikt grovfôr – kraftfôrtak : 1 kg

Dyregruppe: Vaksne geiter med levandevekt 60 kg og mjølk med tørrstoffinnhold på 11,8 %

Periode: Kjeing til ca 4 mnd ut i laktasjonen (fram til beiteslepp)

 Tabell 2 dagsavdrått

Tabell 3 Innhold og balanse

Med denne grovfôrkvaliteten bereknar vi at geitene kan ta opp 4,4 kg grovfôr per dag (1,5 kg grovfôrtørrstoff) Geiter med avdrått på 3,0 kg mjølk har energidekning med 0,8 kg kraftfôr mens 1 kg kraftfôr gir dekning til mjølkemengder opp til 3,5 kg. Når vi planlegg fôring er energimobilisering frå oppbygde kroppsreservare ein del av strategien. I ein periode aksepterer vi at energibalansen er negativ og tar høgde for at dei høgstytande geitene brukar relativt mykje energi frå eigne kroppsreservar i tidleg laktasjon for å dekke energitrongen. Vi set difor eit tak på kraftfôret for at vombelastninga ikkje skal verte for høg og for at vi skal utfordre geitene på grovfôropptak. AAT -balansen er akseptabel også ved mjølkemengde på 4,5 kg. (> 85%)

I dette tilfellet ynskjer produsenten å auke avdråtten for å fylle kvota og prøver eit kraftfôr som er tilpassa høg avdrått og normalt / høgt grovfôropptak frå tidleg slått grovfôr

Fôrplan med energifattig grovfôr – kraftfôrtak : 1,3 kg

Dyregruppe: Vaksne geiter med levandevekt 60 kg og mjølk med tørrstoffinnhold på 11,8 %

Periode: Kjeing til ca 4 mnd ut i laktasjonen,fram til beiteslepp

Tabell 4

Tabell 4b innhold og balanse

Med grovfôrkvalitet 2 som er energifattig, har høgt NDF-innhald, låg proteinverdi og i tillegg er sukkerfattig og relativt vått, må vi rekne med eit betydelig lågare grovfôropptak. Dermed må vi supplere med større mengde kraftfôr for å få energikonsentrasjonen i den totale rasjonen høg nok til å dekke næringstrongen. Utfordringa er å balansere rasjonen slik at vombelastninga ikkje vert for høg. For å halde vombelastninga på eit «sikkert» nivå er valget  kraftfôr med moderat stivelsesinnhold og relativt høgt NDF- innhold tilpassa middels/seint slått grovfôr og middels/lågt grovfôropptak.

Geitene har energidekning opp til knapt 3 kg mjølk og AAT-dekninga er akseptabel opp til 3,5 kg mjølk. Grovfôropptaket ligg på 1,1 kg tørrstoff, dels som resultat av svak grovfôrkvalitet, dels fordi meir kraftfôr også er med på å setje ned grovfôropptaket.

Kontroll av fôropptak - nøkkel for å vite om ein kan lykkast med planen

Dei to ulike grovfôrkvalitetane kan bety ein skilnad i grovfôropptak på 0,4 kg TS per dag og skilnad i kraftfôrnivå på 0,3 – 0,4 FEm per dag i denne laktasjonsperioden og ein kan ikkje forvente eller planlegge for høge avdråttsnivå ved den svakaste grovfôrkvaliteten.

Grovfôranalyser og fôrplanar er gode og naudsynte verktøy til planlegging. Like viktig er at ein fylgjer opp tidleg og kontrollerer om fôropptak og avdråttsutvikling går etter planen Ein dags fôrkontroll for å sjekke om geitene greier så høgt grovfôropptak som vi har forutsatt er svært viktig. Er fôropptaket for lågt, har ein moglegheit for å sette inn tiltak eller endre rutiner for å prøve å auke fôropptaket. 

tabell 5 grenseverdier

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2018

Snitt melkepris ku og geit mai

Kr 5,01

Snitt fettprosent kumelk mai

4,24%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter