Meny

Beite og celletal i geitmjølk

Foto: Helga Kvamsås
Foto: Helga Kvamsås

Jamnlege prøveuttak av alle geiter er spesielt viktig gjennom heile laktasjonen for å ha god kontroll på jurhelsa. Les om tiltaka før beitesesongen og korleis celletalet påverkar produktkvaliteten.

Mjølk med høgt celletal minskar proteinkvaliteten, reduserer ystingseigenskapane og osteutbyttet. Geiter med jurinfeksjonar påverkar i svært stor grad celletalet i tankmjølk, er smittespreiarar i flokken og har redusert produksjon.

Geiter med jurinfeksjonar påverkar celletalet mest

Fleire undersøkingar har vist at geiter som står med jurinfeksjonar har svært høge og ustabile celletalsverdiar. Kjertlar med S.Aureus-infeksjonar(mastitt) kan ha frå 1 – 25 mill celler per ml og med 10 % av kjertlane i flokken infisert med S. Aureus kan tankcelletalet godt verte dobla. Det er også desse geitene som vert mest påverka av endringar i miljøtilhøve og «drar opp» celletalet i tankmjølka. Det er all grunn til å ha eit særskilt fokus på «langtidsmillionærane» også før beiteslepp.

Tiltak før beitesesongen:

God jurhelse reduserer tankcelletalet også i beitetida

Normalt celletal i friske jur i første del av laktasjonen ligg på under 200 000 celler/ml melk. Tankcelletalet i geitmjølk stig i sommarmånadane. Miljøpåverknad ved beiteslepp, endra aktivitetsmønster, brunst og variasjonar i ver påverkar celletalet. I buskapar med god jurhelsestyring ser vi imidlertid at tankcelletalet er meir stabilt og ligg på eit lågare nivå enn i buskapar der geiter med mange millionar i celletal får stå og produsere mjølk utover i beitesesongen.

God jurhelse får du med:

  • Riktig uttak av geitkontrollprøver ved kvar mjølkeveging. Dette gir grunnlag for utrangering og oppfylgjing med speneprøver og eventuell sintidsbehandling
  • God mjølkingshygiene
  • Godt fungerande mjølkeanlegg og god mjølkingsteknikk
  • Godt inneklima
  • God plass og lite stress i dyrerommet
  • God fôring som gir geitene god helse og god motstandskraft mot infeksjonar.

Har du eigne erfaringar du ynskjer å dele med andre geiteprodusentar? Bruk gjerne kommentarfeltet

Figurane syner tankcelletal gjennom laktasjonen og geometrisk middel i to buskapar med forskjellig kjeingstidspunkt. Begge buskapane har god jurhelsestyring. Sjølv med enkelte høge celletalsverdiar knytt til beiteslepp og brunstperiode, samt at celletalet stig noko i midt- og seinlaktasjon, ligg geometrisk middel betydeleg under elitemjølkgrensa.

Celletall geit graf

Korleis påverkar celletalet geiteprodukta?

Protein i geitemjølka består av ei kaseinfraksjon (ostestoff) og ein immunglobulin/albuminfraksjon. Frå et meieriteknologisk synspunkt ynskjer ein mest mogleg kasein til osteproduksjon mens dei andre proteina ikkje er ynskjelege. Ved stigande celletal vil den ugunstige proteinfraksjonen auke på kostnad av kaseinfraksjonen. Laktosesinnholdet i mjølka minkar med stigande celletal. Ved produksjon av kvite ostetypar er kasein avgjerande for osteutbytte og ostekvalitet. Celletalet vil også indirekte ha betydning for brunostkvaliteten viss proteinet har ujamn kvalitet og samansetning. Dette vil ha betydning for mjølkas varmefølsomhet, viskositet og driftstekniske tilhøve.

Den viktigaste årsaka til høgt celletal hos geit er mastitt med bakterien S.Aureus. Bakterien formeirar seg svært godt i mjølk og i celletalsmjølk ser vi difor også ofte varierande og høge bakterietal. Ved jurinfeksjonar skjer det lekkasje av blodkomponenter til mjølk. Celler og celleenzym kjem ut i mjølka og angrip bakteriar og mjølkekomponentar. Enzym bryt ned kasein og påverkar både koaguleringseigenskapar og ystingseigenskapar.

Celletalet er også påverka av ikkje-infeksiøse faktorar, som tidspunkt i laktasjonen, brunst, stress og brå miljøskifte. Dagens kvalitetsbetalingssystem gir rom for naturlege variasjonar i normal mjølk frå friske jur ved at ein nyttar løpande geometrisk middel som grunnlag for avrekning.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit april

Kr 5,05

Snitt fettprosent kumelk april

4,39%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås