Meny

Auka eliteprosent på geitemjølk

Ved utgangen av oktober 2017 ser vi ein gledeleg reduksjon på celletal og frie fettsyrer i geitemjølka. Andelen av Elitemjølk er høgare enn i 2016. Hygiene og god jurhelsestyring er to viktige tiltak i denne utviklinga.

Dette stadfestar at det blir gjort mykje godt og grundig arbeid i dei fleste geitbuskapane. Denne innsatsen er heilt avgjerande for produksjon av gode produkt av geitemjølka. 

Sjå graf for utvikling av kvaliteten så langt i år, sammenlikna med i fjor nederst i saka.  

Mjølkingshygiene og jurhelse 

Oppsummering frå fyrste kvartal viser at halvparten av kvalitetsutfordringane hadde årsak i mangelfull vask og vedlikehald av mjølkingsutstyr, og resten hadde årsak i jurhelseutfordringar. Vi erfarte at mjølkingshygiena ikkje var god nok i uventa mange buskapar når det gjeld jurvask og visuell vurdering av mjølk i prøvekopp før påsett. Det var ikkje uventa at funn av bakteriar i kjeingsperioden var svært høg i mange flokkar med stor dyretettleik og konsentrert kjeing. I kombinasjon med mangelfull jurhelsestyringer er dette krevjande, seier Liv Sølverød, seksjonslederfor mlkekvalitet.    

Systematisk oppfølging – bruk geitkontrollen og rådgjevar 

Jurhelsestyring har vore tema i fagblad, mange fagmøte og på geitedagar dei siste fire fem åra. Rådgjevarane og veterinærane våre har fått opplæring i dette. TINE erfarer at i store geitbuskapar er rett bruk av geitkontrollen ein føresetnad for å klare å styre buskapen.  

Rådgjevarane og veterinærane i TINE har kunnskap til å hjelpe og etablere og drifte jurhelsestyring. Dette krev systematisk oppfølging fysisk i buskapen tre fire gonger pr. år. TINE rår alle leverandørar av geitmjølk til å vere medlemer i Geitkontrollen, og å ha tilstrekkeleg med analyser (av korrekt uttekne geitkontrollprøver), slik at det er eit grunnlag for å utføre jurhelsestyring. 

Kvifor er kvaliteten viktig? 

Føremålet med kvalitetsregelverket er å sikre at mjølka held god nok kvalitet til at TINE kan lage gode produkt. Når TINE satsar på ysting av geitemjølk set dette strengare krav til mjølkekvalitet enn om mjølka nyttast til brunost. Av omsyn til omdømet, er det og viktig at vi kan vise, at vi har ei profesjonell haldning til å redusere jurinfeksjonar i geitene, sidan desse bakteriane er å finne att i tankmjølka. Både høge og ustabile bakterietal,og svært høge celletal er indikatorar på dårleg kvalitet. 

Viktige tiltak  

  • Bruk Geitekontrollen som grunnlag for buskapsstyring 
  • Etabler god mjølkingshygiene og gode kontrollrutinar på mjølkeutstyr og tank. 
  • Bruk TINE- Rådgjevar og TINE- veterinær for regelmessig oppfølging i fjøset. 

 

I grafen ser vi utviklinga i andel elitemjølk i år samanlikna med i fjor.  

 

 

 

 Figur: Frie fettsyrer: % volum avregnet i elite

 

Figur: Celletall: prosent volum avregnet i elite 

 

 

Figur: Bakterier: % volum avregnet i elite.

*2016 gammal målemetode 

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås