Meny

Tap ikkje pengar på overproduksjon!

Vi har for mykje mjølk for tida, og lagerstatusen er god. Det kan føre til ytterlegare tiltak for å få ned mjølkevolumet, og det kan fort slå ut både på mjølkeprisen og leveransen til den enkelte. Pass i alle fall på at du held deg innanfor kvota ved årsslutt og ikkje tapar pengar på overproduksjonsavgifta, det er kostbart.

Tapte kroner

Stor mjølketilgang førte til ei ned-justering av forholdstalet på kvota , frå 1.03 i 2015 til 1.00 for 2016. Kvotefyllinga for 2015 var på 91,7 %, men så mange som  2632 produsentar (32 %) leverte over kvota. Til saman vart det levert 16,6 millionar liter for mykje, eller cirka 6300 liter per produsent. Variasjonen er sjølvsagt stor. Av de som produserte over kvota i 2015 var det 36 % som også produserte over kvota også i 2014. Det betyr at det er mange «nye» kvart år som sprenger kvota. Overproduksjonsavgifta har lenge vore 3,20 kr per liter, men frå 1.januar 2016 vart den heva til 4,20 kr. Dette inneber at ein tilsvarande overproduksjon i 2016 vil gi 69,7 millionar kroner i pristrekk for produsentane, eller i gjennomsnitt 26 000 kroner per produsent med overproduksjon. Utbetalt pris på vintermjølk med overproduksjonsavgift og utan distriktstilskot blir veldig låg. Tar ein med fôr- og andre kostnader på 2,20 kr/liter sit ein fort att med eit netto tap.

Tips for å redusere leveransen

Overproduksjon inneber tapte inntekter for TINE fordi ein må finne alternativ bruk av mjølka, noko som gjerne gir mindre forteneste eller kanskje tap, enn når mjølka blir brukt i ordinær produksjon. Feittprosenten har aldri vore så høg som no, med over 4,28 % som gjennomsnitt hittil i år, og dette gir ytterlegare utfordringar for industrien. Eitt tiltak har vore å redusere feittbetalinga frå 7 til 6 øre/liter frå 1.april. Dersom mjølkeleveransane fortset i same takt utan at ein har alternativ bruk av mjølka vil det fort kunne bety redusert mjølkepris. Det er difor viktig at den enkelte mjølkeprodusent gjer det han eller ho kan for å halde seg innanfor kvota.

Her følgjer nokre tips om tiltak som kan vere aktuelle for å tilpasse seg mjølkekvota. Kva som passar for den enkelte vil nok variere både i forhold til volum og situasjon.

  1. Utrangering av kyr
  2. Reduser avdråtten med
    • betre utnytting av grovfôr – lågare kraftfôrmengde
    • lågare planlagt avdrått og seinare opptrapping av kraftfôr
    • begrens proteinforsyninga
  3. Tidleg avsining av kyrne
  4. Tankmjølk til kalvane

Ny spennande haustesesong

Ein del har kanskje starta med våronna, og tida går fort fram til innhausting av nytt fôr. Kva grovfôrkvaliteten blir i år er det ingen som veit endå; blir det tørke og lite fôr eller står vi overfor eit nytt godt fôrår? Det er nok mange som lar vere å tenke på kvotetilpassing før dei ser resultatet av årets grovfôr, og det er forståeleg nok. Men kanskje er det lurt å starte litt likevel? Har du ei ku du kan utrangere no er det betre enn å utrangere 3 på hausten.

Utrangering

Skal ein kvitte seg med dyr må ein passe på at ein ikkje kjem for langt ned i dyretal så det går ut over produksjon og rekruttering i neste kvoteår. Difor kan det vere lurt heller å ta ei kritisk runde i fjøset og sjekke om ein bør ta ut kyr med låg produksjon, dårleg jurhelse, dårlege bein, dårleg jur eller dårleg lynne allereie no så slepp ein kanskje eit rush til hausten.  

Utnytt grovfôret

I kukontrollen ser vi at den auka avdråtten som har vore dei siste åra blir produsert på auka kraftfôrforbruk og ikkje på betre utnytting av grovfôret. Tilpassing av kraftfôrmengdene ut frå kjennskap til grovfôrkvaliteten gjennom analyser er viktig for god produksjonsøkonomi, spesielt på gardar med rikeleg grovfôrgrunnlag. I vinter har mange rikeleg med fôr og kvaliteten på grovfôret er jamt over bra, så tida kan vere inne for å utfordre kyrne til å utnytte grovfôrkapasiteten. Sit ein på eit stort lager av grovfôr no før beitesesongen nærmar seg, er det viktig å få fôra opp mest mogleg i eigen buskap sidan prisane ved grovfôrsalg er pressa av overskotet i marknaden.  Kyr i normalt hold (3-3,5) vil ete meir grovfôr når det blir redusert på kraftfôrmengdene på grunn av substitusjonseffekten. Produksjonsverdien på grovfôr vil ligge på om lag 1,4 kg mjølk per kg ekstra grovfôrtørrstoff mot 1,8 kg for kraftfôr. Det kan i en slik situasjon være økonomisk interessant å senke mjølkeytelsen, for likevel å oppnå en høgare økonomisk differanse mjølk minus fôr, uttrykt i kroner per kg mjølk. Beregninger viser at gevinsten kan være 10-15 øre per kg mjølk. 

Kva respons ein vil få av å redusere kraftfôrmengdene vil vere avhengig av grovfôrkvaliteten, kua sitt laktasjonsstadium og holdet ho er i. Generelt bør ein vente til kyrne er over topp avdrått før ein reduserer kraftfôret fordi kyr i tidleg laktasjon lett får for stor mobilisering, som kan føre til sjukdom og nedsatt fruktbarheit. Men så snart dei er drektige er det verdt å utfordre grovfôropptaket ved å stramme inn litt på kraftfôrmengda. Er kyrne feite bør ein også prøve å redusere holdet så dei får eit godt utgangspunktet før neste kalving. På grovfôr med låg energiverdi (NEL20 5,6 MJ) vil ein reduksjon frå 17,5 til 14,5 kg kraftfôr til ei ku som i utgangspunktet mjølkar 40 kg redusere avdråtten med cirka 5 kg. Opptaket av grovfôr er forventa vil auke med berre 0,3 kg tørrstoff. Ein slik reduksjon i kraftfôret bør skje over 2-3 dagar. Med 25 kyr vil ein med dette kunne redusere leveransen med cirka 15 000 kg på 4 månader, og ein vil spare både kraftfôrkostnader og overproduksjonsavgift. Dersom grovfôret er godt og kyrne ikkje responderer som forventa når kraftfôrmengdene blir redusert, kan det vere aktuelt å blande inn mindre energirikt grovfôr som t.d. seint slått gras eller halm for å redusere energiforsyninga.

Planlegg avdråtten

Det beste er å legge ein strategi for avdråtten før kyrne kalvar. Då bør ein vite kva avdråttsnivå som løner seg for den enkelte og legge opp ein strategi etter det. Har ein mykje grovfôr bør ein maksimere grovfôropptaket, og for å få ei god grovfôrku må kyrne ikkje vere feite. Husk at det er mykje enklare å styre avdråtten på ei ku i normalt hold enn på ei som er feit og som lettare pådreg seg produksjonssjukdomar. Skal ein stimulere til høgt fôropptak så kan ein gjere det til dømes ved å redusere hastigheita på opptrapping av kraftfôret og/eller sette eit tak på kraftfôrmengda for å redusere avdråtten for alle nykalva kyr. Ei seinare opptrapping med til dømes 0,3 kg per dag gjer at kua har muligheit til å ete godt med grovfôr. Ei utprøving av opptrappingshastigheit i 25 buskapar for nokre år sidan viste ikkje store forskjellar i mjølkeavdrått om ein trappa opp med 1 kg per dag eller 0,3 kg per dag til maksimum kraftfôrnivå på 10-13 kg (Figur 1; Fjuk, 2012). Høgare grovfôropptak, større mobilisering av kroppsfeitt og fôring i sintida og overgang til kalving kan forklare noko av dette. Motsett kan hurtig opptrapping føre til dårlegare vommiljø og dei ulempene det medfører.

Lakt_kurver i feltforsøk_Fjuk2012Figur 1. Laktasjonskurver for eldre kyr med ulik opptrapping av kraftfôr i feltforsøk. (Fjuk, 2012).

Låg proteinforsyning

Proteinforsyninga er viktig til høgtytande kyr. Høg tilførsel av AAT til kyr etter kalving verkar drivande på feittmobilisering og avdråtten, og skal ein halde att på avdråtten bør ikkje AAT vere for høg. God forsyning og balanse mellom protein og energi i vomma er den viktigaste kjelda for AAT. Låg PBV reduserer mengda mikrobeprotein og bremsar mjølkeproduksjonen, men er det god forsyning med energi kan kyrne fort legge på seg i stadenfor å produsere mjølk.

Sinlegge kyrne tidligere

En annen strategi for å redusere produksjonen er å avsine kyrne tidlegare enn vanleg. Lange sinperiodar vil ikkje påverke avdråtten i neste laktasjon, men lange sinperiodar kan gi feitare kyr sidan det er vanskeleg å kontrollere holdet gjennom ein lang sinperiode. Dette kan medføre kalvingsvansker, auka risiko for jurbetennelse og ketose. Men har ein kontroll på holdet på kua så kan dette vere eit godt alternativ. Meir om avsining finn du i brosjyra «Sinkufôring – grunnlaget for neste laktasjon».

Kalvemjølk

Eit aktuelt tiltak for å tilpasse leveransen kan vere å gi kalvane tankmjølk i staden for å bruke mjølkeerstatning. Energi, råprotein og fordøyelegheit i heilmjølk er høgare enn i mjølkeerstatningane, og den er derfor ernæringsmessig betre til kalvefôr enn mjølkeerstatningane. Kalvane bør derfor få tankmjølk i heile mjølkefôringsperioden dersom mjølkekvota likevel ser ut til å bli fylt. Når alternativet er å levere overproduksjonsmjølk er tankmjølka billegare til kalvane enn det mjølkeerstatningane er. Skal kalvane ha ein tilvekst på 740-800 g/dag, og ein reknar 8 veker mjølkefôring med totalt 350 liter mjølk per kalv, vil tilvirkningskostnaden på mjølka vere 2,20 kr/liter eller kr. 770 per kalv. For mjølkeerstatning med tilsvarande energimengde og ein literpris på 2,90 kr, vil kostnaden per kalv bli 1580 kr. Meir om kalvefôring finn du i brosjyra «Godt kalveoppdrett».

Utnytt rådgjevarane

Kva tiltak som bør gjerast er sjølvsagt avhengig av kor mykje overproduksjon den enkelte har, og kva som lønar seg økonomisk hos den enkelte. TINE Mjølkeprognose er eit godt hjelpemiddel for å tilpasse kvota. Ta kontakt med din Nøkkelrådgiver for å få hjelp og oppfølging på mjølkeprognose. For å sette i gang fôringsmessige tiltak for å kontrollere og redusere avdråtten så er det vidare god hjelp å få frå fôringsrådgivaren.

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås