Meny

Korleis treffe kvota?

Innvegingstala hittil i 2016 og prognosa vidare tilseier ein overproduksjon i høve til industrien sitt behov på cirka 20 millionar liter i år. Overproduksjon påvirkar mjølkeprisen negativt, og overfylling av kvote er dyrt for den enkelte bonde. Tida er inne for å ta fin-justering av kvotetilpassinga for å unngå avgift i 2016. Men kva er beste måte å bremse på for dei som ligg ân til overproduksjon ?

Mange leverer over kvote

Statistikk for 2015 viste at nesten 1/3 av alle produsentane leverte mjølk over kvote.  Det utgjorde i sum 16,6 millionar liter for mykje, eller i middel cirka 6300 liter per produsent og vil bety over 26.000 kr trekk med den nye avgiftssatsen på 4,20 kr/liter.  Utbetalt pris på vintermjølk med fråtrekt overproduksjonsavgift og utan distriktstilskott blir veldig låg.  Sjølv med elitetillegg vil det bli att berre 10-15 øre per liter i Fjord & Fjell-sona (fett-% 4,0 og protein-% 3,2) og 21-27 øre i landssona.  Etterbetaling kjem i tillegg.  Uansett utgjer fôrkostnader og andre variable kostnader mykje meir.

 

Mjølkeprognose

I disse dagar vil det bli lansert «Mjølkeprognose enkel» på medlem.tine.no (under arkfana «Styring og planlegging»). Der vil de få ei grafisk framstilling av leveranse og prognose på det enkelte bruket.   Figuren viser eksempel for eit bruk som ligg ân til å levere for mykje mjølk. Her vart kvota overfylt med ca. 36.000 liter i 2015, og per midten av august i år er det levert enda meir enn på same tid året før sjølv om mjølkekvota er litt mindre.  Med same innvegingsprofil per månad som i 2015 burde det vore levert knapt 75.000 liter, men faktum er rundt 96.000 liter.  Bremsene må kraftig på nå om ikkje kvota skal bli veldig sprengt. Nedanfor følgjer nokre tips om korleis ein kan få ned leveransane.

 

Mjølkeprognose for 2016

 

Færre kyr

De er no att cirka 3 månader av kvoteåret.  Å slakte ei ku som mjølkar 20 liter per dag vil dermed fjerne 1800 liter mjølk.  Det hjelper sjølvsagt, men kutalet kan ikkje sleppast for langt ned med tanke på neste års kvotefylling heller. Med «Mjølkeprognose» (dagens tilbod på medlem.tine.no) er det mogleg å simulere kvotetilpassinga for neste kvoteår også, og dermed få eit bilete av kor lågt kutal det er forsvarleg  å ha ved årsskiftet.  Tålast det færre kyr er det god grunn til å kvitte seg med problemkyr med dårleg jurhelse, dårlege bein, dårleg jur eller dårleg lynne i haust. 

 

Redusere avdråtten

I det meste av landet ser det ut til at 2016 vart eit bra grovfôr-år. Det gir grunn til å utfordre kyrne på høgt grovfôropptak og redusere kraftfôrmengdene. Tilpassing av kraftfôr ut frå kjennskap til grovfôrkvaliteten gjennom analyser er viktig for god produksjonsøkonomi uansett. I nokre tilfelle kan avdråtten til og med gå opp med mindre kraftfôr i rasjonen.  Da det skuldast at kyr har vore på grensa til sur vom / indigestion, og at vommiljøet og fôrutnyttinga blir betre som fylgje av høgare grovfôr-andel.  Her gjeld det uansett å ta småe steg om gongen.  Ein planlagt avdråttsreduksjon i haust kan dra med seg lågare avdrått også i neste kvoteår – det er ikkje alltid berre å «skruve opp krana» att etter nyttår.

Høg tilførsel av AAT til kyr etter kalving virkar drivande på fettmobilisering og avdrått.  Eit tiltak for å dempe evt. overfylling av mjølkekvota vil derfor vera å ikkje overdrive AAT-forsyninga.  I praksis havnar vi ofte over behovsnormene uansett, spesielt med berre eitt kraftfôrslag.  Ved bruk av to kraftfôrslag – f.eks. byggpellets pluss ei energirik blanding – kan vi som regel oppnå betre tilpassing til minimumskravet for gram AAT per MJ.

 

Avsine kyrne tidlegare

Dette er nok svært vanleg tilpassing – det blir mindre mjølk og kutalet er i god behold til neste kvoteår. Pass på at kyrne ikkje blir feite inn mot neste kalving for det kan lett gi problem med helse og avdrått i neste laktasjon. Godt tilpassa sinkufôring er derfor ein føresetnad for å kunne tilrå ei slik form for kvotetilpassing. Sjå brosjyra «Sinkufôring».

 

Meir tankmjølk til kalvane

Ny kunnskap tilseier at spekalvane godt tåler meir mjølk per døgn enn tidlegare tilrådd, og i «Kalvebrosjyra» inneheld dei konvensjonelle fôrplanane 300 – 380 liter mjølk per kalv før avvenning. Dersom tankmjølk elles vil utløyse overproduksjonsavgift er det billegare å bruke den til kalvar enn å kjøpe mjølkeerstatning.  Men vi skal aldri overdrive mjølkefôringa og gje store mengder til kalvar eldre enn tre månader. Dette vil føre til lågt opptak av kraftfôr og grovfôr, og slike kalvar vil få ein knekk når mjølkefôringa blir avslutta.

 

Kunsten er å starte i tide

Alle dei fire hovud-tiltaka i denne artikkelen har negative sider i overdrivi dose.  Enten ein ligg ân til låg kvotefylling eller til overproduksjon er det lettare å tilpasse dess tidlegare ein set inn tiltak, og kvotetilpassinga bør sjekkast med jamne mellomrom i heile kvoteåret. Det lønner seg.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås