Meny

Høgt tørrstoffinnhald i årets grovfôr

Tørkesommaren i store delar av Sør-Norge førte til låge avlingar, men sjølvsagt også god fortørking. Middel tørrstoff for heile landet er hittil 40,4 % tørrstoff i 1.slåtten, og det er mykje høgare enn i 2017.

I alle dei verst ramma områda (Østfold, Akershus, Hedmark, Oppland, Buskerud, Telemark, Agder, delar av Rogaland) ligg gjennomsnittleg tørrstoffprosent på godt over 40 både i 1.slått og 2.slått i grovfôranalysene så langt. Middel for heile landet er hittil 40,4 % tørrstoff i 1.slåtten (2049 analyser) og 41,3 % i 2.slåtten (380 analyser).  Vidare ser vi ein klar auke i protein-innhald, litt lågare NDF (fiber), meir sukker og mindre gjæringsprodukter i årets grovfôrprøver.  Energi-innhaldet er ørlite høgare enn året før. 

I grovfôrdatabasa var det pr 12.sept. kome inn 2433 surfôranalyser av 2018-avling.  Nokre  resultat for 1. og 2.slått på landsbasis er vist i tabell 1.  

Tabell 1.  Gjennomsnittleg næringsinnhald og gjæringskvalitet i 1. og 2. slått grassurfôrprøver hittil i 2018.

Tørre rundballar inneheld mykje fôr

Både tørrstoffprosenten og energinivået påvirkar mengde energi i ein rundball (og pr kubikk i siloar). Av desse betyr tørrstoffprosenten aller mest. Både i Østfold, Vestfold og Telemark ligg gjennomsnittet på over 50 % tørrstoff i 1.slått-analysene. I tabell 2 har vi samanlikna sannsynleg innhald i rundballar med hhv. 30 og 50 % tørrstoff ved likt energinivå 6,00 MJ/kg tørrstoff – berekna i «TINE Prissystem grovfôr».

Tabell 2.  Sannsynleg innhald i rundballar med 30 % og 50 % tørrstoff, og 6,00 MJ/kg tørrstoff, og presse med 1,20 m diameter og 1,20 m breidde.

Dei tørre rundballane inneheld i så fall knapt 50 % meir energi enn dei som «berre» har 30 % tørrstoff.  Derfor er det kjempeviktig med grovfôranalyser for å få god oversikt over mengde grovfôr på lager ! Vekt og innhald vil sjølvsagt variere noko bl.a. med pressetype.

Meir råprotein og sukker

Auken i råprotein-innhald er 10-15 g/kg tørrstoff. Dette er typisk når avlingane blir lågare enn det som var forutsatt i gjødselplanane. Gjennomsnittstala for råprotein varierer mellom fylka frå 138 gram i Troms til 170 gram i Vest-Agder, noko som samsvarar godt med korleis vekstsesongen har vore i ulike landsdelar. 

Sukker-innhaldet i surfôret har også auka.  Høgaste gjennomsnitt finn vi i Hedmark med 90 g/kg tørrstoff og lågast i Nordland med 50 g/kg tørrstoff.  Mykje sukker oppnår ein ved moderat gjæring, slik det gjerne blir ved god fortørking og evt. bruk av syrebaserte ensileringsmiddel når ein legg silo/pressar rundballar med lågt tørrstoffinnhald.  Sukkeret er bra for smakelegheit på fôret og for feittprosenten i mjølka.

Nok grovfôr til buskapen i vinter ?

Svært mange mjølkeprodusentar går innefôringssesongen i møte med vesentleg mindre grovfôr på lager enn i normale år. Men kan hende er situasjonen litt betre enn antal rundballar skulle tilseia i og med at god fortørking gjev meir fôr og dermed meir energi pr ball, slik som vist i tabell 2.  Ta ei full opptelling av lager både i siloar og antal rundballar så snart innhaustinga er ferdig. Dersom du i tillegg har sørga for analyser av iallfall 1.slåtten og kanskje 2.slåtten (må vente 4-6 veker på prøveuttak for å få riktig gjæringskvalitet) har du eit godt utgangspunkt for å få vurdert fôrsituasjonen din. Ved hjelp av kukontrolldata, ei god Mjølkeprognose for inneverande og neste kvoteår og fôrlager-opplysningane dine kan fôringsrådgjevar gjera ei god vurdering av behov for å bruke «grovfôrerstattar-kraftfôr» og evt. kjøp av grovfôr. I store delar av landet finns det neppe rundballar til salgs, så det er nok halm som er mest aktuelt å kjøpe. Takk til kornprodusentane som har vore flinke til å ta vare på halmen i år.

I delar av landet har 2018 gjeve god avling, og det same hjå bønder i tørkeområda med stor kapasitet på vatningsanlegga sine. Grovfôranalyser er svært nyttig i denne situasjonen også. Her bør målet fortsatt vera å få dyra til å produsere/vekse på mest mogleg grovfôr, og dermed spare kraftfôr – slik vi i TINE vanlegvis oppfordrar til. God tilpassing av både kraftfôrmengde og kraftfôrtype er viktig for at dyra skal halde seg friske og produsere godt. Passe mykje protein i høve til energi har stor betydning for effektiv utnytting av fôret. Og ingen greier å tippe næringsinnhaldet eller gjæringskvaliteten i grovfôret. 

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter