Meny

Tørt fôr med brukbar kvalitet

Fôrprøvene hittil i år viser ei positiv utvikling når det gjeld energiverdien, men vèr obs på at proteinet kan vere lågt. Det høge tørrstoffet på 1.slåtten er bra for gjæringskvaliteten og fôropptaket.

Gode avlingar i sør, variabelt nordover

Tilbakemeldingar frå ulike delar av landet tyder på at grasavlingane i år er gode i Sør-Norge. Det er meir variabelt på Nordvest-landet, Trøndelag og nordover. Særleg i indre strøk, der det var mykje snø lenge, er det rapportert fôrmangel, men tilgangen for å få kjøpt fôr skulle vere bra. Med to år med gode avlingsår i sør så er det mange som no har fulle fôrlager, og venteleg vil utnytte grovfôret dei har. Men korleis har det gått med kvaliteten?

Høgt tørrstoff på 1.slåtten

Karakteristisk for årets 1.slått er høgt tørrstoff. Lange periodar med fint vèr i juni gav spesielt gode hausteforhold, og muligheiter til å slå fôret når ein ønskte. Alle fylka, bortsett frå Vestfold og Telemark, har høgare tørrstoff på 1.slåtten enn i fjor. Lågast er det i Vestland med 33,7 % (26,1 % i fjor) og høgast i Viken med 42,4 % (40,7 i fjor) og Vestfold og Telemark med 42,0 (44,0 % i fjor). Det er særleg område med mykje ustabilt vèr der tørrstoffet vanlegvis er lågt som vil merke dette mest. Høgt tørrstoff gir meir fôr i rundballane eller siloen, og ein slepp transport av ein del vatn. På 2.slåtten er tørrstoffet meir likt i fjor med eit gjennomsnitt på 33,0 % på landsbasis. God fortørking gir mindre gjæring og meir sukker, og gir grunnlag for god appetitt på fôret, høgare fôropptak og betre feittprosent i mjølka. For høg tørrstoffprosent kan gi vanskelegare ensileringsforhold som kan gå ut over den hygieniske kvaliteten (mugg og gjærsopp). Mellom 30 og 40 % tørrstoff er gjerne det beste.

Middels energiverdi

Energi- og proteinverdi er dei viktigaste måla for næringskvalitet i grovfôret. Det har vore stort fokus på å utnytte potensialet i godt grovfôret dei seinare åra utan at vi har kunna sjå det att på fôrverdien. I år ser energiverdien betre ut enn på lenge, og er oppe i 6,08 og 6,03 MJ per kg tørrstoff på landsbasis på respektive 1. og 2.slåtten. Høgast ligg Rogaland med 6,2 og lågast i år er Innlandet med 5,97 MJ per kg tørrstoff. Variasjonen mellom fôrprøvene er sjølvsagt stor, også innan område, og det er produsentar i alle område som greier å halde høg fôrverdi år etter år. Kva som er fasit eller mål når det gjeld fôrkvalitet kan variere mellom gardsbruk, men er målsettinga mest mogleg grovfôrbasert mjølkeproduksjon bør energiverdien helst opp på 6,30 MJ pr kg TS. Ei slik målsetting er mest aktuell dersom ein har nok grovfôrgrunnlag i forhold til kvote, men potensialet for avlingsauke er også stort hos veldig mange så det bør strebast etter betre fôrkvalitet generelt. Gruppering av dyr etter energibehov slik at ein kan gi dei forskjelleg grovfôrkvalitet vil også ha betydning. Det er fortsatt 75 % av prøvene i FAS (fôrprøve-databasen) som ligg under 6,3 MJ per kg tørrstoff så det er er ein del å gå på før ein når dette.

Fordøyelegheita betyr mest

Energiverdien er ein utrekna verdi basert på innhaldet av nærings- og gjæringsparametrane som er i fôret, slik at både råprotein, NDF, fordøyelegheit, sukker, syrer og ammoniakk vil påverke denne. Det er likevel fordøyelegheita av fôret som betyr aller mest. I år er fordøyelegheita eit par prosent-einingar høgare enn i fjor. Fordøyelegheita påverkar ein lettast ved å slå graset på eit tidlegare utviklingsstadie. Fordøyeligheta bør opp på minst 75 %, men utan at det samtidig fører til for lågt fiberinnhold (NDF). Figur 1 viser variasjonen i fordøyelegheit mellom fylke på 1.slåtten samanlikna med i fjor. Rogaland skil seg ut med ein fordøyelegheit på 75 % i år, og dette har gitt ein energiverdi på 6,2 MJ per kg tørrstoff. Ein låg fordøyelegheit vil gi låg energiverdi og krev at ein må gje meir energirikt fôr i form av kraftfôr for å oppretthalde same avdråtten. Motsett vil ein kunne spare mykje kraftfôr ved betre fordøyelegheit på grovfôret. Appetittfôring er sjølvsagt slik at fôropptaket ikkje blir ein begrensande faktor. Husk også at meir kraftfôr vil redusere grovfôropptaket, så det er viktig at kyrne får mulegheit til å ta opp godt med grovfôr. Tidlegare slått og betre fordøyelegheit på fôret vil også auke proteinverdien i fôret målt som AAT fordi det vil gi meir energi til produksjon av mikrobeprotein i vomma.

Lågt protein?

Råproteinet på landsbasis ligg på 14 % og dette er i nedre sjikt av anbefalingane (140-160 g/kg tørrstoff). I fjor var det tilsvarande lågt proteininnhald på 1.slåtten, og dette kan ha samanheng med høge avlingar disse åra. Det er nær samanheng mellom råproteinet og PBV. Analyser i FAS (NorFor/TINE sin database over fôranalyser) viser at når råproteinet er 12,5 % så er PBV mellom 0-10 g/kg TS. Kyr som har høgt grovfôropptak bør ha positiv PBV frå grovfôret. I Optifor er det krav om minst 10 g PBV per kg tørrstoff for å sikre at vommikrobane får nok protein. For lågt råprotein og PBV gir dårlegare fiber (NDF)-fordøying og reduserar fôropptaket. Det blir dermed mindre energi og AAT forsyning til kua og redusert mjølkeproduksjon. Pass difor på å kompensere for dette med riktig val av kraftfôr når råprotein og PBV i grovfôret er lågt. Råproteinet i grovfôret bør ikkje vere over 16 % eller 40 gram PBV per kg tørrstoff for å få ei god utnytting av proteinet og unngå tap til miljøet. For høgt protein utgjer også ein helsebelastning for kua. Passe mykje protein i høve til energi har stor betydning for effektiv utnytting av fôret. Det vil gi god mikrobeproduksjon (AAT-forsyning).

God gjæringskvalitet, men sjekk ammoniakken

Auka tørrstoff reduserer gjæringsintensiteten, og det ser vi igjen på lågare innhald av mjølkesyre og eddiksyre, og høgare sukkerinnhald. Dette er positivt smakelegheit og fôropptaket. Sukker er også med på å auke feittprosenten i mjølka. Generelt er ammoniakknivå ganske høgt. Det kan vere teikn på feilgjæra og bør sjekkast.

Ta fôranalyse!

Det er stor variasjon i prøvene, både innan område og innan gardsbruk. For å få ei god utnytting av eige fôr må ein kjenne kvaliteten på fôret. Og ingen greier å tippe næringsinnhaldet eller gjæringskvaliteten i grovfôret, så det er viktig å ta fôranalyse. God tilpassing av både kraftfôrmengde og kraftfôrtype er viktig for at dyra skal halde seg friske, produsere godt og redusere klimabelastninga med dårleg utnytting av næringsstoffa. Føl også med på ureaverdiane i mjølka for å sjekka korleis fôringa verkar i kua.

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås