Meny

Kostnader, kapasitet og CO2-utslepp ved hausting av grovfôr

Tal frå prosjektet Grovfôr 2020 syner at haustekostnaden og CO2-utsleppet minkar kraftig når kapasiteten i MJ pr. time aukar. Foto: Rasmus Lang-Ree
Tal frå prosjektet Grovfôr 2020 syner at haustekostnaden og CO2-utsleppet minkar kraftig når kapasiteten i MJ pr. time aukar. Foto: Rasmus Lang-Ree

Kapasitet målt som tal Megajoule (MJ) grovfôr hausta pr. time har mykje å seie for CO2- utslepp og kostnader ved hausting av grovfôr. Det syner resultat frå Grovfôr 2020.

Av Bjørn Gunnar Hansen,
Spesialrettleiar økonomi, TINE Rådgiving

I Grovfôr 2020-prosjektet rekna  me på haustekostnader, utslepp av CO2 og haustekapasitet på 184 bruk frå heile landet. I reknestykket tok me med eige og leigd arbeid samt kostnader med eigne og leigde maskiner knytte til slåing, raking, lessing og transport til fôrlageret. Sjølve lagerkostnaden var såleis ikkje med. Eige arbeid vart verdsett til 200 kr pr time. For alle arbeidsoperasjonane tok me med tida som går med til rigging av utstyret. Bruka hadde i middel 455 dekar og 43 årskyr.

 Rundballar, silo eller båe deler

Deltakarane i prosjektet brukte anten berre rundballar, berre silo eller båe deler. Først samanlikna vi bruka med rundballar med dei som nytta både rundballar og silo. Bruka med berre rundballar er litt større, har litt høgare haustekapasitet, litt mindre avling og litt lågare kostnad jamført med bruka med to hausteliner. Rundballar er mest vanleg i Nord-Norge, noko som forklarer kvifor avlinga i denne gruppa er mindre. På Vestlandet er det meir vanleg med kombinasjon av rundballar og silo. Bruka med både rundballar og silo haustar mesteparten av fôret i rundballar. I praksis er difor dei to gruppene nokså like. 

20 øre i snitt

Haustekostnaden varierer mykje frå bruk til bruk, sjå figur 1, frå 10-15 øre til 30-35 øre pr. MJ.

Figur 1 grovfor

I middel er kostnaden 20 øre pr. MJ, som svarar til kr 1.42 pr. fôreining. To faktorar avgjer skilnadene i kostnad; haustekapasitet og avling. Av desse to er kapasiteten viktigast.

Figur 2a grovfor

I figur 2a ser me at kostnaden minkar kraftig når kapasiteten i MJ pr. time aukar. All den tid me reknar med vederlag for eigne og leigde arbeidstimar, vil auka haustetid auke kostnadene. Tilsvarande ser me i figur 2b at kostnaden minkar med aukande avling pr. dekar, sjølv om utslaga for avling er langt mindre.

Figur 2b grovfor
Ein høg og tett plantesetnad av god kvalitet gjer at ein kan hauste mange MJ pr. time.

Om du lurer på kva fôrhaustinga kostar på ditt bruk og korleis du ligg an i høve til dine yrkesbrør, kan rettleiarar i NLR eller TINE hjelpe deg med å rekne på dine tal. 

Høg kapasitet viktig for å redusere CO2 – utsleppet

I denne studien målte vi CO2-utslepp frå forbrenning av diesel. Utsleppet var i middel 18.6 kilo CO2 per dekar, som tilsvarar eit dieselforbruk på om lag sju liter. Då er òg all transport av grovfôr inkludert. Variasjonen i dieselforbruk var stor, frå 3.9 liter til 10.1 liter per dekar. Haustekapasiteten er i særklasse den enkeltfaktoren som påverkar CO2 – utsleppet mest. Tjue prosent auke i kapasitet reduserer utsleppet med om lag 11 prosent. Låg kapasitet jev mange traktortimar og dermed relativt høgt dieselforbruk og CO2-utslepp. Auka avling bidreg òg til å redusere utsleppet, medan bruk av innleigd entreprenør i haustearbeidet har motsett effekt.Bruk av entreprenør aukar både CO2-utsleppet og kapasiteten.

Veg ein desse to effektane mot einannan, er nettoeffekten at bruk av entreprenør reduserer CO2-utsleppet. På prosjektbruka vart innleigde traktortimar gjerne nytta til tunge arbeidsoperasjonar. Difor vart dieselforbruket for innleigde timar sett til 15 liter pr. time, noko som kan forklare det relativt høge CO2-utsleppet. I middel nytta dei 184 bruka berre 14 prosent innleigde traktortimar, men variasjonen var stor. Fleire av deltakarane på regionsamlingane nytta entreprenør til deler av haustearbeidet. Å leige entreprenør til dømes til å slå eller pakke graset kan såleis vere eit alternativ å vurdere i ei tid der tal arbeidstimar er ein minimumsfaktor på stadig fleire bruk.

Resultata frå Grovfôr 2020 syner ingen direkte samanheng mellom bruk av entreprenør og haustekostnad, til det er andelen innleigde traktortimar for låg. Derimot  finn me at bruk av entreprenør er ein effektiv måte å auke haustekapasiteten på, og kan såleis indirekte bidra til å redusere kostnadene. 

God agronomi og fortørking viktig

I tillegg til bruk av entreprenør, syner resultata at haustekapasiteten aukar med aukande avling, fôreinings-konsentrasjon og tørrstoffinnhald i fôret. God agronomi og fortørking er såleis viktig for å auke kapasiteten og redusere utsleppet utan at kostnadene aukar. Eit interessant funn er at haustekapasiteten er om lag 10 prosent lågare i grovfôrsonene 4 og 5, det vil seie på Vestlandet med unnatak av Jæren, i Agder samt i indre bygder på Austlandet og i Trøndelag. Relativt små teigar og lange transportavstandar kan vere ei forklaring. Resultata frå Grovfôr 2020 syner òg at transportavstand har mindre å seie for grovfôr enn for husdyrgjødsel. Medan fortørka gras inneheld om lag 30 prosent tørrstoff inneheld  blautgjødsel berre 5-10 prosent tørrstoff. I høve til transport av grovfôr er transport av husdyrgjødsel såleis å samanlikne med vasstransport.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås