Meny

Tørketid for å nå 30 % tørrstoff

Under gode hausteforhold tar det ca. 6 timar å oppnå 30 % tørrstoff i 1.slått gras når det er breispredd, og då har stengelknekkar liten hensikt.

I ensileringsbrosjyra vår anbefalar vi å fortørke graset til 30-35 % dersom vèret tillet det. I ei utprøving i sommar testa vi kor lang tid 1.slåtten må ligge for å oppnå dette tørrstoffet, og om graset tørkar raskare når ein brukar stengelknekkar kontra om ein ikkje har stengelknekkar når graset er breispredd?

Uttak av grasprøver

Utprøvinga blei gjort hos Torgeir Ulsrød i Aremark i Østfold. Torgeir slo eit område på ca 10x10 m2 med utstyr der han hadde stengelknekkar og eit tilsvarande område utan bruk av stengelknekkar på breispredd gras under hausting av 1.slåtten. Graset blei slått kl 9.00 om morgonen, og det blei tatt ut grasprøver kvar time fram til kl 17, deretter blei det tatt ei prøve frå kvart felt kl 19.00. Graset vart liggande over natta og neste dag blei det tatt prøver kvar andre time med start kl. 9.00 om morgonen fram til kl.15.00.

Vèrforhold

Vêrforholda var gode den dagen det blei slått, med sol og en god del vind, temperatur ca. 20 grader. Den andre dagen var graset noko fuktig frå morgonen av. Det var overskya og regntungt, men opphaldsvêr og noko vind, temperatur ca. 15 grader.

Tørketid

Resultata av utprøvinga ser de i figuren nedanfor. Under disse hausteforholda så tok det omlag 6 timar å nå 30 % tørrstoff uavhengig av om graset var behandla med stengelknekkar eller ikkje. Tørkehastigheita var svært lik for gras som var behandla med stengelknekkar og gras som ikkje var behandla med stengelknekkar opp til graset nådde 30-35 % tørrstoff. Det viser at investering i stengelknekkar ikkje lønar seg på tørrstoff opp til ca. 30 % på 1.slått under gode hausteforhold.  

Resultata viser imidlertid at dersom ein ønskjer eit høgare tørrstoff enn 35 % så går tørkinga raskare om ein brukar stengelknekkar enn om ein ikkje brukar stengelknekkar, då det er tydeleg høgare tørrstoff med stengelknekkar kl. 17 og 19 første dag og ved alle tidspunkt dagen etter. Høgaste tørrstoffnivå vart målt til 46,7 % kl 15 dag 2 med bruk av stengelknekkar, og dette var ca. 5 % einingar høgare enn utan bruk av stengelknekkar.

Tørking og Stengelknekkar

Graset tørka elles lite om kvelden og natta, så det er ingen grunn til å utsetje innhaustinga til dagen etter under gode hausteforhold dersom ein vil oppnå 30 % tørrstoff.

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås