Meny

Auke feittprosenten i mjølka

TINE auka betalinga for innhald av feitt i mjølka frå 5 til 7 øre/liter frå 1.mai. Dette er eit signal om behov for meir feitt til industrien. Feittmengda kan aukast enten gjennom mjølkevolum eller gjennom feittprosenten.

Alle bør ha fokus på å fylle kvota best mogleg. Det vil alltid løne seg! Det er kanskje vanskelegare å auke feittprosenten, men mange har eit potensiale i å auke grovfôrandelen til kyrne. Det kan gi ekstra kroner i lomma, både gjennom betalinga for feitt og gjennom sparte kraftfôrkostnader. 

Ta grep om grovfôret

Høgast mogleg opptak av  grovfôr vil nesten alltid løne seg. Det vil gi friske kyr med god vomfunksjon. Med høgt grovfôropptak sparer ein kraftfôrmengder, og under føresetnad av at grovfôret ikkje er for dyrt å produsere vil det løne seg økonomisk. Grovfôret er den enkeltfaktoren som har størst effekt på feittprosenten fordi det inneheld mykje fiber (NDF) som gir eddiksyre og smørsyre i vomma, og disse bygger opp mjølkefeittet i juret. Det er derfor tre forhold ein bør ha fokus på no i inngangen til ny fôrsesong: 

  1. Avlingsmengde
  2. Energiverdi (tidlegare slått)
  3. God gjæringskvalitet, og ta vare på sukker.

Avlingsmengde

Ei vanleg utfordring er avgrensa areal og for lite grovfôr. Dette gjer at mange ikkje tør å ta sjansen på tidlegare slått fordi det kan gå ut over avlingsmengda. Små teigar og mykje køyring er også vanleg. Då er det endå viktigare å prøve å gjere noko med avlingsmengdene. Kvifor ikkje legge meir vekt på høg avling og god kvalitet på fôret hausta nærast garden, så kunne ein kanskje spart seg ein del av arbeidet med jorda lengst unna? For dei fleste er det fullt mogleg å auke avlingane. Det er produsentane i «Grovfôrkampen» gode døme på, med avlingsmengder skyhøgt over dei fleste andre. Produsentane var heller ikkje lokalisert i område med dei beste vèrforholda, men godt spreidd utover landet. Dette burde gi inspirasjon og noko å strekke seg etter. Det er gode råd å få frå rådgjevarane både i TINE og NLR og gjennom prosjektet «Grovfôr 2020». 

Energiverdi – tidlegare slått

Det er vanskelegare å få i kyrne nok energi enn nok protein, og difor er det energiverdien dei fleste bør legge vekt på i grovfôret. Fordøyelegheita av fôret og dermed energiverdien (NEL20) aukar ved tidlegare slått. Høgare energiverdi gir moglegheit til å auke produksjonen per dyr ved same kraftfôrmengde eller behalde produksjonsnivået og spare kraftfôr per dyr. Mjølkekyr bør ha over 6.0 MJ NEL20 per kg tørrstoff, men helst bør det opp i 6.2-6.3 MJ NEL20 per kg tørrstoff for at det skal vere eit godt fôr til mjølkekyr. Tidlegare slått gir mindre struktur (NDF), og då må ein vere meir forsiktig med høge kraftfôrmengder. Målet bør vere at ein slår så tidleg at det gir tilstrekkeleg NDF for at vomma skal fungere godt, men ikkje meir. Passe NDF-innhald er 480 til 520 g per kg tørrstoff. Det er også viktig at kyrne har tilgang til fôret heile døgnet, og at ein tør å halde igjen på kraftfôrmengdene etter kalving. Høge kraftfôrmengder reduserer opptaket av grovfôr. 

Gjæringskvalitet og sukker

Mykje syrer og ammoniakk etter ei intensiv gjæring reduserer opptak av surfôret. Fortørking av graset vil redusere gjæringa i surfôret og auke innhaldet av sukker. Sukker har direkte effekt på feittsyntesen i juret, og ein auke i sukkerinnhaldet frå 50 til 100 gram per kg tørrstoff vil kunne auke feittprosenten med 0,15 prosenteiningar. I tillegg gir sukker god smakelegheit og aukar dermed fôropptaket. Det er difor viktig å ha ei restriktiv gjæring og ta vare på sukkeret i graset. Det gjer ein ved å fortørke til 30-35 prosent dersom vèret tillet det. Ved lange transportavstandar er det ekstra viktig med fortørking for å redusere transport av vatn. Høgare tørrstoff enn 30-35 prosent kan gi vanskelegare pakkeforhold og aukar faren for redusert hygienisk kvalitet (gjærsopp og mugg). Bruk av ensileringsmiddel i riktig dosering er ei billeg forsikring, og bør vere sjølvsagt spesielt når tørrstoffet er lågt. 

På beite

Når kyrne kjem ut på beite går som regel feittprosenten ned. Det kjem av at friskt beitegras har lågare fiberinnhald og høgare innhald av feitt enn gras som er kommet lenger i utvikling. I tillegg inneheld feittet meir fleir-umetta feittsyrer enn konservert gras. Fleir-umetta feittsyrer er gunstig for folkehelsa og sterkt ønskeleg i mjølk. Men utfordringa med vommiljøet er desto større med disse to faktorane å ta omsyn til samtidig, og det vil vere endå viktigare å stimulere til eit godt vommiljø. Følgjande tiltak kan vere aktuelle: 

  • Strukturrikt grovfôr inne i delar av døgnet, for eksempel ved mjølking eller inne om natta
  • Strukturrikt fôr som tillegg på beite, for eksempel høy/halm i fôrhekk
  • Fiberrikt kraftfôr, eller kraftfôr med betefiber eller vomstabiliserande kraftfôrtypar
  • Små mengder kraftfôr i mange små rasjonar, og ikkje for høge kraftfôrmengder per dag.

Søk gjerne råd hos rådgjevar for å få tilpassa fôringa også når kyrne går ute på beite. Det kan vere nyttig og til hjelp både for å halde oppe mjølkevolumet og feittprosenten.

Norske råvarer i kraftfôret

Kravet om å bruke mest mogleg norsk korn i kraftfôret har ført til reduserte import-kvoter på karbohydrat-råvarer som mais og betefiber. Det kan føre til større vom-belastning på høge kraftfôrmengder, og negativ effekt på feittprosenten. Betefiber er ei av dei råvarene som har direkte positiv verknad på feittprosenten, og det verkar også gunstig på vomma. I tillegg er det satt maksimumsgrenser for innhald av palmebasert feitt, som kanskje er den råvara i kraftfôret som er mest brukt for å auke feittprosenten i mjølka. Disse forholda gjer at det er mindre moglegheiter for å auke feittprosenten gjennom kraftfôret enn før. Men i år med dårleg grovfôr og høge kraftfôrmengder vil kraftfôr med grovfôrerstattarar (fiber) og fleire tildelingar per dag vere viktige faktorar for å halde vomma stabil, og det kan verke positivt på feittprosenten.  

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2018

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,21

Snitt fettprosent kumelk august

4,25%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter