Meny

Årets grovfôr: Gode avlingar, men fôrverdien er låg

Etter avlingssvikt i Sør-Norge i fjor, og året før med elendig fôr på Vestlandet, er det gledeleg å registrere at grasavlingane i år jamt over er gode, men sjekk kvaliteten på grovfôret.

Gode avlingar

Gode avlingar i år har gitt tryggheit for at det er nok fôr, og mange har fått bygd opp att fôrlagera. Utfordringa i år har i enkelte område, også på Austlandet, vore at marka ikkje har fått tørka opp mellom regnbyene slik at det har vore vanskeleg å komme utpå med traktor. Dette har gjort at ein del har slått graset noko seint. I tillegg har regnet redusert moglegheitene for fortørkinga av graset.  

Sjekk grovfôret!

Sidan det var viktig å få høge avlingar i år så har fôrkvaliteten med omsyn til næringsinnhald vore mindre viktig, og det pregar årets fôr når ein ser resultatet av fôrprøvene. Det er fortsatt tidleg i fôrprøvetakinga, og hittil er det cirka 25 % av normal prøvemengde som er analysert. Dei fleste fôrprøvene er frå 1.slåtten og det bør gi eit brukbart bilde av kvaliteten, medan for 2.slåtten er det tidleg i sesongen, og knapt 300 prøver ligg til grunn på landsbasis. Det er vanskeleg å bedømme næringsinnhaldet i fôret ut frå korleis det ser ut, og difor er det viktig å ta fôrprøver for å kunne velje riktig kraftfôrtype og mengde.

Mer om dette kan du lese i den ferskeste utgaven av Buskap.

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås