Meny

Grovfôrmangel – det finst moglegheiter!

Tørken har ført til reduserte grovfôravlingar over heile Sør-Norge, og det er lite fôr å få tak i rundt oss. Det er difor viktig å starte planlegginga med sparing og disponering av fôret allereie no så ein kan greie seg gjennom vinteren utan å måtte slakte dyr. Det er fullt mogleg!

Reduser grovfôret no! 

Normalt vil vi gi mest mogleg grovfôr i rasjonen og tilpasse kraftfôrmengden til govfôrkvaliteten. I år med dårlege avlingar kan ein snu om på dette og likevel halde oppe produksjonen. Då er det snakk om å gi så lite grovfôr som mogleg for å oppretthalde eit godt vom-miljø og gi høge mengder med riktig tilpassa kraftfôrtype. Alle fôrfirma har kraftfôr berekna til situasjonar med fôrmangel. 

Kva har du av grovfôr? 

Produsentar i sør-Norge melder om avlingssvikt ned på under 30 % av normal avling, men variasjonen i avlingreduksjon er storDet er viktig å vite nøyaktig kor mykje grovfôr ein har, og då må ein vite vekta på rundballane (eller kubikk i siloen) og tørrstoffet for å få berekna mengde fôr. På grunn av gode vèrforhold under hausting så forventar vi høgare tørrstoffinnhald enn i fjor då det var mykje regn under haustingaKanskje har du difor litt meir fôr enn du trur ? Så må ein finne ut kor mykje dyra treng i minimum av grovfôr gjennom vinteren. Til dette har vi verktøy til hjelp, rådgjevarane kan bidra for berekning. Det ein har av grovfôr sjølv må ein spre godt utover vinteren og ikkje bruke opp i starten.   

Ekstra grovfôr 

Det gjenstår fortsatt ein del av vekstsesongen, så om det skulle komme regn vil det vere mogleg å skaffe meir fôr, men det er nødvendig å forberede ut frå den situasjonen som er. Dei som ligg på 70-80 %  av normalavling kan løyse utfordringa med å bruke meir  kraftfôr  

For dei som må skaffe ekstra grovfôr så er det halm som er mest aktuelt. Halmen har låg fôrverdi, og aukar litt med ammoniakkbehandling, men halmen er først og fremst til for å oppretthalde eit godt  vom-miljøet. Energien kjem først og fremst frå kraftfôret. Oksarsinkyr og eldre kviger kan få halm som einaste grovfôr, medan mjølkekyr bør få ein porsjon grassurfôr i tillegg. Det er difor viktig å disponere det grassurfôret ein har utover vinteren dersom ein skal bruke halm. Prisen på halm vil vere relativt høg, men sjølv om fôrkostnadene skulle bli noko høgare enn normalt vil dette vere ei god løysing for å ta vare på dyra gjennom vinteren. Det er viktig å gi beskjed om at ein har behov for halm før treskinga startar så halmen blir tatt vare på. Felleskjøpet har ei nettside for å sikre formidling av halm mellom kjøpar og selgar. Gå inn der og registrer deg: 

Ny-dyrking av fôr og beiting 

For dei som har ein tørkestressa kornåker kan det vere aktuelt å slå den som grønfôr/heilgrøde og eventuelt, dersom det er utsikter for regn, dyrke opp korn eller raigras og hauste eller beite som grønfôr. Norsk landbruksrådgiving har tips dersom dette er aktuelt. Sjekk linkane under.

For å spare vinterfôr så blir det også viktig å utnytte utmarks- og innmarksbeita utover hausten.  

Begynn med oksane 

Oksane kan greie seg med lite grovfôr, og dei kan gjerne få ubehandla halm som einaste grovfôr. Ein okse kan få 90 % kraftfôr. Det betyr ein fôrrasjon rundt 0,5 kg ubehandla halm og 7 kg kraftfôr. Då sparar ein mykje grovfôr som kan prioriterast til kyrne, og samtidig få slaktemodne oksar. Dette krev imidlertid god administrasjon av kraftfôret og at ein føl med på at oksane er tilfredse.  

Import av fôr 

På grunn av fare for overføring av smittsomme sjukdomar så frarår TINE import av grovfôr frå andre land enn Sverige og Finland dersom det ikkje er klarert med Mattilsynet.  

Organisasjonane står saman 

Bondelaget og samvirkeorganisasjonane står saman om å hjelpe bidrag i forhold til fôrsituasjonen som har oppstatt. Det har vore og blir arrangert ei rekkje fagmøter, og disse er det viktig å delta på for å få informasjon. Sjå linkane under for aktuelt fagstoff. Det er mykje stoff på NLR og Felleskjøpet sine nettsider også. 

 

Avlingsskadar: 

Økologisk: 

Mattilsynet: 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås