Meny

Grovfôrkvaliteten lovar godt for vinteren

Årets sommar har vore våt og kald i store delar av landet og det innebar seinare slått enn vanleg. Frå det ganske land er det rapportert om gode avlingar, men på grunn av mykje regn under haustinga mange stader er fôret relativt vått. Dei første fôrprøvene er på plass og kvaliteten ser så langt ut til å vere bra.

I FAS (grovfôrdatabasen vår) er det no komt inn over 700 grassurforprøver, og vi kan no danne oss eit bilde av kvaliteten. Fjoråret bar preg av mykje ufordøyeleg fiber (iNDF) og det reduserte fordøyelegheita av fôret og dermed energiverdien (NEL20). I år er innhaldet av fiber (NDF) omtrent som i fjor, men iNDF er lågare og dermed så aukar fordøyelegheita og energiverdien har stege til frå 5,92 MJ på 1.slåtten i fjor til 6,11 MJ NEL20/kg tørrstoff på 1.slåttsprøver hittil i år, sjå tabellen.

Tabell 1.  Gjennomsnittleg næringsinnhald og gjæringskvalitet i 1.slått grassurforprøver hittil i år og for 1.slått 2014.

Tabell forkvalitet

Lågare råprotein

Dei siste åra har råproteinet vore på opp mot 16 %. I årets prøver så har råproteinet synke og ligg no på 14,0 %, og dette er ein betydeleg reduksjon. I gjennomsnitt så ligg PBV20 på 15 g/kg tørrstoff mot 36 g i fjor. Sjølv om det jamt over er lågare råprotein i år enn før, så er det også ein del forskjellar på distrikta. I område med ein del prøver som grunnlag så er det spesielt lågt i Rogaland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

Sukker

Innhaldet av sukker i fôret ser ikkje ut til å vere lågare enn vanleg trass i vått og kaldt vèr. Det ligg på 54 g/kg tørrstoff mot 45 g/kg i fjor, men også her er variasjonen stor. Når det er ein del sukker så kan det tyde på del bladmasse i grovfôret eller at sukkeret er godt i varetatt under gjæringsprosessen. Høgt sukkerinnhald er bra for smakelegheit på fôret og for feittprosenten i mjølka.

Våtare fôr

Den gjennomsnittlege tørrstoffprosenten ligg på 30,6, og det er cirka 3 %-einingar under fjoråret, men variasjonen er sjølvsagt stor. Det er ofte meir krevjande å få til ei god gjæring på våtare fôr, og av prøvene som er komt inn så ligg ammoniakk-innhaldet relativt høgt med eit snitt på 75 g/kg N. Grensa for god gjæringskvalitet ligg på 80 så det nok ein del prøver som overstig dette. Innhaldet av syrer er derimot omtrent som i fjor. Redusert gjæringskvaliteten kan gå ut over fôropptaket.

Ta fôrprøver

Med bra grovfôrkvalitet og rikeleg mengde bør mange prøve å få kyrne til å ta opp rikeleg grovfôr med muligheit for å spare litt på kraftfôret. God tilpassing av protein og unngå negativ PBV blir viktige stikkord for å få ei god utnytting av fôret. Stor variasjon i næringsinnhald i grovfôret gjer at det lønnar seg å ta ut fôrprøve når ein skal lage fôrrasjonar.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås