Meny

Geit – lite grovfôr

Situasjonen hos geitmjølkprodusentane med omsyn til avslingssvikt på grunn av tørke i Sør-Norge er til dels den same som hos kumjølkprodusentane. Men variasjonen i avlingsreduksjon er stor og strategien for å handtere fôring og mjølkeproduksjon komande sesong må rette seg etter graden av fôrmangel.

Første bud er at ein tidlegast mogleg skaffar seg oversikt over fôrmengde og fôrkvalitet slik at ein kan planlegge disponering av grovfôret og vurdere om ein kan greie seg gjennom komande sesong ved å bruke større andel kraftfôr i rasjonen eller om det er heilt naudsynt å prøve å skaffe seg meir grovfôr for å sikre fibertitførsel.

Alle kraftfôrleverandørar tilbyr kraftfôrtypar med høgt fiberinnhald som er særskilt utvikla til bruk i situasjonar med lite grovfôr. Desse kraftfôrblandingane er høgst aktuelle også til geit og ein kan  bruke betydeleg større mengde av desse enn dei tradisjonelle blandingane -  enten som einaste kraftfôr eller i kombinasjon med andre kraftfôrsortar.

Beitesesongen:

Den største skilnaden mellom ku – og geitmjølkprodusentane   no er at geitene nyttar utmarks- og fjellbeiter og er mindre avhengige av innhausta grovfôr før innsett om nokre månader.

Men tørken går i mange områder også utover beitetilgang og beitekvalitet.  For å halde oppe avdrått må ein sannsynlegvis auke kraftfôrmengda også på beite denne sesongen. Vår tilråding om kraftfôrmengder i beitesesongen er avhengig av beitekvalitet.

Middels beitekvalitet

Utmark med mykje skog, lyng, fjellbeite dominert av dvergbjørk, krekling, smyle.

Dei fleste beiter etter 1. august med unntak av håbeite

Yting per dag

Kraftfôr

FEm per dag

2 kg mjølk

0,5- 0,6

3 kg mjølk

0,8 – 0,9

4 kg mjølk

1,0*

 

Er beitene uttørka og dårlege kan ein ta utgangspunkt i tilrådingane for middels beitekvalitet og auke kraftfôrnivået med dette som utgangspunkt. Ein må vurdere utviklinga i avdrått og prøve å justere kraftfôrnivå etter eventuell respons i avdrått.

I beitetida vert kraftfôr i mange buskapar tildelt kun to gonger per dag og når ein aukar kraftfôrmenga er det svært aktuelt å bytte til fiberrikt kraftfôr no. Auken i kraftfôrmengde skal ein sjølsagt ta gradvis, med 1 hg kvar 3- 4 dag.

Nokre buskapar tilleggsfôrar med grovfôr i beitesesongen når geitene kjem inn om kvelden. Å bytte til fiberrikt kraftfôr og gi større mengder no kan bidra til at ein kan spare dette grovfôret til seinare.

Spar grovfôr i seinlaktasjon og sinperiode

Buskapar med kjeingstid i januar/ februar/ mars bør no planlegge for å spare grovfôr etter innsett til hausten og ikkje minst i sinperioden.  Tre månader sinperiode er ikkje uvanlig og her er det moglegheiter for å spare betydeleg med grovfôr ved å bruke kraftfôr med høgt fiberinnhold. Eventuelt innkjøpt fôr med låg fôrverdi slik som frøhøy eller halm bør brukast i ein stor del av sinperioden.

Mest mogleg av det antatt beste grovfôret bør sparast til overgangsperioden omkring kjeing og til dei første to månadane av laktasjonen slik at geitene får ein god start.

Ein del besetningar har kjeing om hausten og tidleg førjulsvinter. Her må ein sjølsagt disponere fôrkvalitetane på ein annan måte etter innsett, og det er svært viktig å kome tidleg i gang med fôrplanlegginga.

Kjøp av grovfôr:

For å få oversikt og ei vurdering av kor mykje kraftfôr ein kan planlegge med ein ha opplysningar om både fôrkvalitet og mengde fôr. TINE  Fôrplan Geit bør nyttast for å få vurdert minimumsmengder med grovfôr som er forsvarlig med tanke på vomfunksjon.  Innhald og fordøyelegheit av fiber i grovfôret er viktige opplysningar for å gjere ei slik vurdering.

Avlingsreduksjon på 20 – 30 % kan i mange høve handterast ved å bruke kraftfôrtypane som er utvikla for å erstatte grovfôr.

Frøhøy og halm: Får ein ikkje kjøpt anna grovfôr, er frøhøy og halm også aktuelt til geit for å sikre et minimum av fiber. Er det mogleg å få tak i frøhøy er dette å føretrekke framfor halm. Erfaringar frå produsentar som har brukt frøhøy er at geitene tar dette bra.  Tørr ubehandla halm eller behandla halm kan vere eit alternativ dersom ein har svært lite grovfôr.  Luta/ ammoniakkbehandla halm har vore brukt av enkelte tidlegare og etter ei viss tilvenning ser det ut til at geitene også tek opp ein del av slikt fôr. God lufting av halmen før utfôring er viktig.

Oppsummering:

Ta fôrprøver så tidleg som mogleg.  Få oversikt over tørrstoffinnhald og fiberinnhald og berekn fôrmengde du har til disposisjon av eige grovfôr.

  • Beite: Oppretthald mjølkeavdrått ved å auke kraftfôrmengda dersom beita er uttørka og har dårleg kvalitet. Det er aktuelt å bytte til fiberrikt kraftfôr.
  • Spar eventuell tilleggsfôring med grovfôr i beitesesongen ved å bruke fiberrikt kraftfôr i større mengder.
  • Etter innsett: Hald fram med fiberrikt kraftfôr for å spare grovfôr i seinlaktasjon.
  • Holdvurder geitene, start eventuell fôring for holdoppbygging i seinlaktasjon ved å justere kraftfôrnivået.
  • Sinperiode: Bruk fiberrikt kraftfôr og auk mengde kraftfôr ut frå mål om å spare mest mogleg grovfôr dersom avligssvikten tilseier det. Kraftfôrmengde må også tilpassast trongen for holdoppbygging.  Eventuelt innkjøpt grovfôr med låg fôrverdi, t.d. frøhøy eller halm bør brukast i ein stor del av tørrperioden.
  • Spar det beste grovfôret til overgangsperioden ved kjeing og dei 2 første månadane av laktasjonen
  • Bruk TINE Fôrplan Geit for å finne minimumsmengder grovfôr det er forsvarleg å bruke i ulike periodar og ved ulik avdrått med omsyn til å oppretthalde produksjon og normal vomfunksjon.
  • Ved lite grovfôr og bruk av store mengder kraftfôr er det viktig at ein har eteplassar til alle slik at nokon geiter ikkje vert taparar ved fôrbrettet heile tida.
  • Er det mogleg bør ein sette fast geitene når ein fôrar restriktivt med grovfôr for å sikre at alle får ete.
  • Viktig å tildele også grovfôret meir enn to gonger per dag når ein har lite grovfôr.
  • Er avlingsreduksjonen så stor at det er heilt naudsynt å kjøpe inn grovfôr er frøhøy eller halm brukbare fôrmiddel for å sikre fibertilgang hvis ein ikkje får tak i anna grovfôr.
  • Kvist og «gnag» monnar ikkje mykje som vinterfôr men får ein til å gi geitene noko slikt innimellom kan det hjelpe på fibertilførsel, tyggeaktivitet / spyttproduksjon for bufring av vom ved bruk av store kraftfôrmengder.

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås