Meny

Forbetra vekstfunksjon og opptakskapasitet for ungdyr

I samband med utviklinga av ny effektivitetsanalyse (TINE Mjølkonomi®) vart alle registrerte brystmål, levandevekter og slaktevekter på ungdyr dei siste åra henta ut frå Kukontrollen. Desse dataene viste at ungdyra veks vesentleg fortare i kalveperioda nå, enn da den tidlegare vekstfunksjonen vart utvikla.

Endringar i TINE OptiFôr Ungdyr

Derfor har TINE justert vekstkurva slik at den samsvarar godt med fakta i norske buskapar nå, og denne nye er teke i bruk både i TINE Mjølkonomi®, OptiFôr og Produksjonskontroll.  Figuren under illustrerer endringa for ein typisk NRF-okse.

Vekst_og_tilvekstkurve

Figur 1.  Ny vekstfunksjon for NRF-okse som skal bli 300 kg slaktevekt ved 16 månaders alder, samanlikna med den gamle vekstfunksjonen.

NorFor driv eit kontinuerleg utviklingsarbeid etter kvart som nye forsøk gjev tilgang på betre datagrunnlag for formlane. Nyleg justerte NorFor berekninga av sannsynleg fôropptakskapasitet for ungdyr, både oksar og kviger. Praktisk utslag for NRF-oksar er fôrplaner med litt mindre kraftfôr totalt ved bruk av energirikt grovfôr, og motsatt på grovfôr med middels og lågt energiinnhald. Endringa er generelt større for tunge kjøttferaser enn for mjølkeraser og lette kjøttferaser.

Både ny vekstfunksjon og ny opptakskapasitet gjeld nå i OptiFôr Ungdyr, og resultata i tabellen under er berekna med desse.

Kor mykje kraftfôr treng oksane?

I tabellen under er vist berekna fôrforbruk i OptiFôr Ungdyr med tre grovfôrkvalitetar. Kraftfôret hadde 7,01 MJ NEL20/kg tørrstoff. 

Forbruk_av_surfôr_og_kraftfôr

Tabell 1.  Forbruk av surfôr og kraftfôr til NRF-okse med 300 kg slaktevekt ved 16 månaders alder. Resultata gjeld frå oksen er 120 kg fram til slakting
1 Kraftfôr-andelen blir noko høgare dersom ein reknar på energi-basis.

Forutsatt fri tilgang på energirikt surfôr med vellykka gjæring kan oksane oppnå bra tilvekst med svært lite kraftfôr.  Kalvane må få ein god start – fylg tilrådingane i brosjyra «Godt kalveoppdrett».  Gje kraftfôr tilnærma etter etelyst (unngå laus avføring) til rundt tre månaders alder, for så å trappe gradvis ned til null ved eitt års alder.

Slakteresultata er fasit

Studêr slakteresultat etter kvar oksepulje.  I figur fire er vist ei bra pulje med NRF-oksar. Fem gjekk i O+ og tre i O, og to fekk fettgruppe to+, fem havna i tre- og ein i tre.  Endringa i kvalitetstilskottet, som trer i kraft frå 01.01.2017, vil her utgjera 1,64 kr ekstra per kg eller 4.144 kr i alt for dei åtte oksane.

Slakteresultat_ung_okse

Figur 2.  Eksempel på slakteresultat Ung okse.

Dersom oksane ikkje oppnår ynskja slaktevekt, klasse og fettgruppe gjeld det å vurdere moglege årsakar og deretter setja inn forbetringstiltak. Begynn med starten – får kalvane ein god start utan diarê og luftvegssjukdomar?  Dårleg tilvekst i kalveperioda gjev ofte oksar som avleirar fett ved beskjedne slaktevekter. Mål/veg kalvar og sjekk mot kalvetavlene opptil 100 dagars alder på medlem.tine.no og eventuelt vidare i Produksjonskontroll Kjøtt. Fagrådgjevar frå meieri eller slakteri er aktuelle å diskutere miljøtiltak og fôrplanar med. Noter tidspunkt for store endringar slik at slakteresultata kan vurderast i ljos av dette. Bruksdyrkryssing bør brukast på kyr som det ikkje er aktuelt å setja på kukalvar unna. 

Slakteoppgjør med kassert lever er eit signal om ubalansert fôrrasjon. Leverbyllar skuldast  sur vom/lite fiber/høg kraftfôrandel i rasjonen. I slike tilfelle har neppe siste kraftfôrkiloen vore lønsam.  Fleire mindre kraftfôr-tildelingar per døgn vil motvirke sur vom.

 

 

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås