Meny

Fôring for auka feittprosent i mjølka

Høgt grovfôropptak er det sikraste for å få eit godt vommiljø, god eddiksyre- og smørsyregjæring og høg fettprosent.
Høgt grovfôropptak er det sikraste for å få eit godt vommiljø, god eddiksyre- og smørsyregjæring og høg fettprosent.

TINE auka betalinga for mjølkefeitt med eitt øre per tidels prosent frå 1.januar. Med tøffe forhold for mjølkeproduksjonen i år så bør auke i feittprosent vere eit aktuelt tiltak for å få inn ekstra kroner.

Feittbetalinga er no oppe i 9 øre per liter, medan betalinga for protein gjekk ned til 5 øre per liter. Basisprisen gjekk ned med 2 øre per liter. Sjølv om mjølkevolumet skal ned vil det altså vere behov for mjølkefeitt. Berre ein liten del av mjølka som blir produsert blir vidareseld som heil mjølk. For få best mogleg lønsemd i meieriproduksjonen er det viktig at samansetjinga av mjølka samsvarar med etterspørselen etter ulike fraksjoner som feitt og protein. Gjennom fôringa er det mange som har potensiale for å auke feittprosenten i mjølka både på kort og lang sikt. Med 9 øre tillegg per liter mjølk vil ein kunne «investere» inntil 27 000 kr per 100 000 liter levert mjølk for å få 4,30 prosent feitt i staden for 4,00 prosent, dersom mjølkeleveransen og proteinprosenten ikkje blir negativt påverka.

Frå fôr til mjølkefeitt

Ser vi vekk frå mobilisering av kroppsfeitt i denne omgang så er det to fôringsmessige kjelder for feittet i mjølka (figur 1): 1. eddiksyre og smørsyre frå mikrobiell nedbryting av karbohydrat i vomma, 2. feitt frå fôret. Innhaldet av feitt i fôret til drøvtyggar er svært avgrensa fordi mikrobane toler feitt dårleg. For mykje feitt i fôret, særleg umetta feitt, vil redusere fordøyinga av fiber (NDF) og fôropptaket. Generelt inneheld gras og grassurfôr lite feitt, men fordi feitt har høg energiverdi så blir feitt tilsett i kraftfôret til høgtytande mjølkekyr. I tillegg vil feitt i fôret, dersom det er av riktig type (til dømes palmitinsyre), kunne auke feittprosenten i mjølka. Det er dermed det første punktet som er viktigast for feittprosenten. I vomma blir karbohydrata i fôret (NDF, stivelse og sukker) omdanna til eddiksyre, smørsyre og propionsyre (flyktige feittsyrer; VFA). Generelt blir gjæringa dominert av eddiksyre, som utgjer 50-70 % av den molære konsentrasjonen av VFA. Eddiksyre kjem i hovudsak frå nedbrytinga av fiber (NDF). Propionsyre kjem frå nedbryting av stivelse, og utgjer 15-40 % av den molære konsentrasjonen, medan sukker blir brote ned til smørsyre som utgjer 5-20 % av den molære konsentrasjonen. Fordelinga mellom syrene blir endra når fôrrasjonen blir endra. Eddik- og smørsyre går over i juret og inngår der i feittsyntesen medan propionsyra går til laktoseproduksjon og er mjølkedrivande.

Fiber og struktur er viktigast

For å få ein høg produksjon av eddiksyre er det viktig å ha eit godt vommiljø. Med godt vommiljø meiner ein at pH i vomma ikkje må gå for mykje ned; det bør halde seg over 6,2. Mikrobane som bryt ned NDF er følsomme for pH-svingningar. Ein rasjon med mykje stivelse frå kraftfôr vil vere ugunstig, sidan propionsyra som blir danna under nedbryting av stivelse er surare enn eddiksyre og smørsyre, og kan føre til lågare pH i vomma enn det som er optimalt. Stivelse og sukker blir også brote raskt ned, slik at syremengdene kan bli høge på kort tid. Dersom pH blir verande låg over tid vil det føre til sur vom, og det har ei rekkje negative helseeffektar, reduserer fôropptaket og mjølkeproduksjon og ikkje minst feittprosenten. Dette vil igjen gi seg utslag i mindre effektiv nedbryting av NDF til eddiksyre. Det er difor viktig med riktig balanse mellom stivelse og fordøyeleg NDF med nok struktur (stive strå) slik at kua tyggjer mest mogleg drøv (lang tyggetid). God drøvtygging gir mykje spyttproduksjon, og det inneheld bikarbonat som er med på å «bufre» vomma når syreproduksjonen er høg. I NorFor brukar vi vombelastninga som eit uttrykk for miljøet i vomma. Vombelastninga er eit uttrykk for summen av sukker og stivelse dividert på NDF, og ein høg vombelastning vil altså føre til surt miljø i vomma og dårlegare forhold for fibernedbrytande bakteriar, redusert eddiksyreproduksjon og redusert fôropptak.

For at mikrobane skal få god tilgang på energi slik at nedbrytinga av NDF blir mest mogleg effektiv, er det viktig med et kraftfôr som er tilpassa grovfôrkvaliteten, og som blir tildelt i riktige mengder. Då vil ein også få høg produksjon av mikrobeprotein som vil kunne auke proteinprosenten. Fôrrasjoner som gir en høy andel smørsyre i vomgjæringa vil være gunstig for feittinnholdet. Eksempel på slike fôrmidler er betefiber (roesnitter) og sukker i gras/grassurfôr. For mykje sukker igjen kan gi høg vombelastning.

Kjelder frå kraftfôret

Feitt tilsett i kraftfôret er ofte vombeskytta for å unngå at vommikrobane blir påverka negativt. Vombeskytta feitt passerer gjennom vomma og blir fordøygd i tynntarmen saman med andre næringsstoff som døde vom-mikrobar (mikrobeprotein). Feittsyrene kan vere metta eller umetta. Det har vore vanleg å bruke palmeolje som feittkjelde fordi det inneheld mykje palmitinsyre (C16:0) som ofte har positiv effekt på feittprosenten. Palmitinsyre kan påverke feittkulemembranen negativt og er forbunde med forhøga nivå av frie feittsyrer. Produsentar som har konsentrert kalving og kjem høgt i frie feittsyrer på slutten av laktasjonen bør difor unngå kraftfôr som inneheld palmeolje. TINE ønskar å redusere bruken av palmeolje, og har avtale med kraftfôrfirma om maksimum 3,0 % palmeolje i kraftfôret. Det er mål om at palmeolje skal fasast ut av kraftfôret til drøvtyggarane. Feittkjelder med stor andel umetta feittsyrer har lett for å redusere feittprosenten, og er difor mindre aktuelle når feittprosenten skal aukast. Av karbohydratråvarer så er innslag av fiber brukt for å betre vommiljøet, og særleg betefiber har ein gunstig verknad på vomma og god effekt på feittprosenten i mjølka. I år har det vore høge kornavlingar og mykje norsk korn i kraftfôret og importkvotene for karbohydratråvarer er dermed lågare enn i fjor. Tilgangen på betefiber er difor avgrensa. Import av stivelseskjelder som til dømes mais som har lågare nedbrytingsgrad i vomma enn norske kornslag er også brukt til høgtytande kyr for å gi mindre belastning på vomma og samtidig auke glukoseforsyninga til tarmen. Det er også viktig å fokusere på at vi skal bruke mest mogleg norske råvarer framover, og det er no utvikla metodar for å benytte luta korn i kraftfôrblandingane. Det vil kunne gi større innslag av norsk korn utan at det går ut over vommiljøet, og samtidig vil det forbetre proteinutnyttinga. Også proteinkjeldene kan verke på feittprosenten. På Fôringsdagen i Danmark i september blei det testa korleis hestebønner (åkerbønner) kom ut i forhold til soya og raps som proteinkjelde, og der kom feittprosenten gunstig ut. Det skuldast at stivelsen i hestebønnene har lågare nedbrytingsgrad i vomma. I tillegg er det ulike tilsetningsstoff som er brukt for å fremme eit godt vom-miljø (buffer-stoff, levande gjær). Det er gode råd å få frå rådgjevarane når det gjeld val av kraftfôr med riktig råvaresamansetning for å auke feittprosenten.

Høgt grovfôropptak

Høgt grovfôropptak er det sikraste for å få eit godt vommiljø, god eddiksyre- og smørsyregjæring og høg feittprosent. Får ein i kyrne mykje godt grovfôr vil det gi høg produksjon med mindre bruk av kraftfôr, høg feitt- og proteinprosent, og i tillegg gi friske, bærekraftige og klimavennlege kyr.  Fordøyelegheita av fôret og dermed energiverdien (NEL20) aukar ved tidlegare slått. Til mjølkekyr bør ein prøve å oppnå minst 6.2 MJ NEL20 per kg tørrstoff. Målet bør vere at ein slår så tidleg at det gir tilstrekkeleg NDF for at vomma skal fungere godt, men ikkje meir. Passe NDF innhald er 480 til 520 gram per kg tørrstoff. Det er også viktig at kyrne har tilgang til fôret heile døgnet, og at ein tør å halde igjen på kraftfôrmengdene etter kalving. Høge kraftfôrmengder reduserer opptaket av grovfôr. Fortørking, god gjæringskvalitet og høgt sukkerinnhald er viktig for å oppnå høgt fôropptak. Sukker vil også gi smørsyreproduksjon som bidreg direkte til auka feittsyntese i juret. Ein auke i sukkerinnhaldet frå 50 til 100 gram per kg tørrstoff vil kunne auke feittprosenten med 0,15 prosenteiningar. I tillegg gir sukker god smakelegheit og aukar dermed fôropptaket. Det er difor viktig å ha ei restriktiv gjæring og ta vare på sukkeret i graset. Bruk av ensileringsmiddel i riktig dosering er ei billeg forsikring, og bør vere sjølvsagt spesielt når tørrstoffet er lågt. Det er stort potensialet for å utnytte grovfôret betre, og med auka fokus på norske ressursar bør dette vere ein langsiktig strategi. Både Grovfôr 2020 og grovfôrkampen viser at både avlingsmengde og grovfôrkvalitet har store potensiale for å betrast.

Tips for høg feittprosent på kort sikt:

  • Pass på vommiljøet og gi nok strukturfôr.
  • Nok fordøyeleg NDF i rasjonen i ein godt balansert fôrrasjon
  • Tilgang på grovfôr/strukturfôr heile døgnet
  • Gi kraftfôr i små porsjonar
  • Kraftfôrval tilpassa høg feittprosent
  • Reduser avdråtten

Tips for høg feittprosent på lang sikt:

Auk verdien av grovfôret for å oppnå høgare fordøyelegheit og høgare fôropptak frå grovfôret ved å

  • Slå tidlegare!
  • Fortørk graset til 30-35 %
  • Tilstekkeleg sukkerinnhaldet (bør vere over 50 g/kg tørrstoff)
  • Bruk ensileringsmiddel
  • Auke avlingsmengdene dersom det er nødvendig, eller ta ein ekstra slått
  • Søk faglege råd i grovfôrproduksjonen

Figur Omsetning av næringsstoff frå fôret til mjølka

Figur 1. Omsetning av næringsstoff frå fôret til mjølka.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,28

Snitt fettprosent kumelk juni

4,32%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås