Meny

Vil ha kontakt med deg som registrerer timar

"Smart tidsstyring i min bedrift" er eit samarbeidsprosjekt som Geno, Nortura og TINE rådgiving no arbeider med. Målet er at deltakarane skal få ei meir bevisst haldning til eige arbeidsforbruk. Dette kan styrka effektivitet og konkurransekraft.

Arbeidet vert retta mot mjølke- og storfeprodusentar som satsar for framtida. Det vil og vera interessant om me kan få på plass ein enkel måte å registrere tidsforbruk, og kunna gi måling mot andre.

I første omgang vil me konsentrera oss om arbeidsforbruk med dyrestellet. Då kan ein samanlikne enten fjøsen ligg i Finnmark eller på Austlandet.

Ta kontakt

Me veit at mange alt i dag registrerar timeforbruk, både for eigen interesse, og som fordelingsgrunnlag i samdrifter, eller utlønning av arbeidstakarar. Me er svært interessert i å koma i kontakt med dei som har registrering på dette feltet. Både for å høyra kva system de nyttar, og få innspel frå dykk som alt jobbar med dette. Ta derfor ein telefon , eller send ein mail til prosjektleiar Eivind Vik, tlf  95 12 61 62, epost: eivind.vik@tine.no

Matmerk har støtta prosjektet gjennom kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket. Prosjektet vart til etter eit innspel frå bøndene i prosjektet LEAN i Landbruket.

 

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås