Meny

Nytt kufjøs - med eller utan ungdyr?

Når nytt kufjøs skal planleggast, vil mange bygge til både mjølkeku, kviger og oksar. Og mykje taler for å ha all produksjon under eit tak på eit fôrbrett. Økonomien vil som regel avgjere korleis og kor mange kvadratmeter me kan byggje.

Ut frå ein konkret planleggingssituasjon på eit mellomstort mjølkebruk vil me sjå på problemstillingar i planleggingsfasen, og på eit fleksibelt fjøs som enkelt kan utvidast.

Rammene for satsinga

Korleis vert økonomien etter utbygginga? Det er det store spørsmålet. Ein driftsplan vil gje mykje av svara. Tilgang på jord og kvote er som oftast ei utfordring. Særleg kvoteprisane dei siste åra har gjort det vanskeleg å satse. Desto viktigare vert det å stille spørsmålet: kva eg bygge for å utvikle meg som mjølkebonde, og ikkje bare kva vil eg bygge? Difor bør det diskuterast; korleis me vil ha det på garden om til til femten år? Å bygge ut i fleire trinn kan vera fornuftig.

Båsfjøset som utgangspunkt

Mange startar prosessen med å sjå om dagens båsfjøs kan byggast om til eit lausdriftsfjøs.

Dette kan gje løysingar som er rimelege og gode nok, sjølv om det vert ein del kompromiss. Men båsfjøset må ha kvalitetar som gjer det verdt å satse på. Høgda under taket må vera god, betongkvaliteten i gjødsellageret må vera god nok, eventuelt må det gjerast utbetringar.

Utfordringar ved ombygging

Når me planlegg for å bygge om dagens båsfjøs til lausdrift, vil me møte mellom anna desse utfordringane:

  • Får me nok eteplass til kyrne? Dette er ofte ei stor utfordring når eksisterande grovfôrlinje skal nyttast. Eit nytt fôrbrett inn i tilbygget med ny liggebåsavdeling til kyrne vil for mange vera løysinga.
  • Det er normalt ikkje breidde nok i båsfjøset til at ungdyr over eitt år kan få liggebås. Skal kviger mellom 12-21 månader vera på fullspaltebingar, eventuelt med grønt golv for å betre komforten, eller eteliggebås? Eller skal me bygge fleire kvadratmeter og flytte desse kvigegruppene inn i tilbygget saman med mjølkekyrne?
  • Vert logistikken og dyreflyten god nok? Må dyr flyttast på kryss og tvers i bygget? I godt planlagde fjøs kan ein person flytte dyra aleine.
  • Vert det mogleg å bygge på og utvide seinare? Vår erfaring er at det veldig ofte vert nye byggetrinn innafor 8-12 år på dei bruka som satsar, så dette må tenkast gjennom.

Krav til nytt fjøs

Hjå vår aktuelle mjølkeprodusent var båsfjøset for lite, og delvis med for låg takhøgde til å vera utgangspunkt for eit folkefjøs (båsfjøs som er påbygd og ombygd til lausdrift). Brukaren ynskte fleksibilitet (mjølkerobot) i forhold til familieliv, rasjonell drift og fleksibilitet for framtidige endringar. Kvigene skulle inn i det nye fjøset. Han brukar for mykje tid og må ha hjelp til å flytte dyr mellom eige fjøs og leigd fjøs då ikkje alle dyr får plass i hans fjøs. Okseoppdrett er gildt, og det kunne dagens bygning nyttast til.

Løysingane for nybygget kunne godt vera utradisjonelle. Driftsplanen la til grunn kvote 250.000 liter med 30 årskyr og fullt påsett av kviger og oksar.

Fyrste fjøsutkasta

Det ønskelege to-rekkers kufjøset med kviger på andre sida av eit køyrbart fôrbrett kom på 778 m2 husdyrrom. Som reint kufjøs vart det 573 m2 med 16,7 m2 pr. båsplass. Ved å teikna om til eit tre-rekkers fjøs, kom me ned på 711 m2 husdyrrom, eller 543 m2 som reint kufjøs med 14,7 m2 pr. båsplass.

Men i prosessen vart det klart at desse fjøsa låg utanfor kostnadsramma i driftsplanen. Stigande kvoteprisar skapte meir usikkerheit. Kva nå?

- Vil du verkeleg vera mjølkeprodusent?

Det vart neste spørsmål. - «Ja!»- var svaret. Kva kunne endrast i krava til fjøset for å få eit mindre bygg? Han vart utfordra på:

  • Kvifor ikkje kjøpe kalveferdige kviger frå gode produsentar du får avtale med, når du treng å skifte ut kyr? Då treng du ikkje ungdyrplass.
  • Kan me redusere kvigeoppdrettet til 30%, og få plass til dei i nybygget? Kyrne mjølkar mest i 3.-5. laktasjon, så for mange kviger får sjansen på kostnad av gode mjølkekyr.
  • Det er kyrne som gjev inntekta, men dei tek mykje tid og bind opp i kvardagen. Det er mest å hente på nytt lausdriftsfjøs med mjølkerobot for å nå målsettingane om fleksibilitet i kvardagen.
  • Dersom me skal ha med kvigeoppdrett, kan desse vera i båsfjøset etter ei ombygging? Me kan jage kviger frå det gamle fjøset til det nye på permanente drivevegar mellom bygga. Då kan me redusere investeringa og ta lånebelastninga over tid. Det vert ikkje plass til oksane, som må ut av driftsopplegget sjølv om det er ein produksjon han lukkast godt med.

Kompakt kufjøs som kan endrast

Tankerekka leia fram til eit kompakt og reindyrka kufjøs på 403 m2 husdyrrom med 11,5 m2 pr. båsplass. Kviger mellom 22 og 24 månader får òg plass i bygget for å kunne lærast opp. Grovfôr kan tildelast for fleire dagar av gongen med traktor og frontlessar, i form av kløyvde rundballar eller hiv frå tårn-/plansilo. Løysinga kan nyttast anten fôrbrettet er stasjonære fangfrontar, eller ei «cow-pow» løysing frå Irland der kyrne sjølve skubbar frontane framover for å få tak i grovfôret. Denne utforminga av fjøset gjere bygget fleksibelt i storleik og bruk. Fjøset kan enkelt utvidast eller krympast i begge ender avhengig av kor stor produksjon ein ynskjer. Bygget kan enkelt endrast til bruk for ammekyr ved å legge inn fleire kalvingsbingar og kalvegjømme på arealet mellom kalvings- og sjukebingane i teikninga.

Isolert eller uisolert?

Bygget er planlagt som uisolert naturleg ventilert fjøs med mykje luftskifte, då både kyrne og brukaren trivest best med det i sitt kystklima. Tekniske rom er trekte ut frå langsida av bygget, for å bidra til betre tverr-ventilasjon gjennom vindbremseduk eller gardin på langsidene. Men bygget er så smalt at om ynskjeleg kan det byggast som eit isolert fjøs med mekanisk ventilasjon med tretakstolar og isolerte vegger av anten trekonstruksjon, betong- eller sandwichelement.

Me har nå teikna planløysing for ombygging av båsfjøset til kvigene, og prisar på nytt kufjøs vert henta inn. Det er ikkje kome så langt at det er teke avgjerd om bygging endå, bonden vår er framleis i prosess og tenkeboks.

 

 Illustrasjonsfjøs cow pow artikkel medlemtineno

 

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter