Meny

En god plan for drift og utvikling

I slutten av mai flytta Arild Jostein Olset og Heidi Ringstad frå Askvoll kommune buskapen inn i ein heilt ny og moderne robotfjøs med plass til 60 melkekyr inkludert sinkyr. Det var mange delprosessar å halde styr på med mange avgjerder å ta, seier Arild som tok byggeleiinga sjølv. Les deira erfaringar i utvikling av bruket.

Kvoten deira er på 412 tonn, dei har fullt påsett og det skal fôrast fram 75 oksar i året. Roboten er frå DeLaval og fôringsmekanikken er kjøpt frå Felleskjøpet. Innflyttinga i fjøsen har gått over all forventning, med rolege dyr i roboten og i lausdrifta.

Tydeleg på risikoane

Frå planlegginga starta til fjøsen stod ferdig har det gått ca. 1,5 år. I planleggingsprosessen har økonomirådgjevar i TINE Jo Helge Sunde laga driftsplan og vore med i møter med banken og Innovasjon Norge. Det var hans erfaring  og tru på prosjektet som fekk Jostein og Heidi til å tørre å satse. « Jo Helge var tydeleg på risikoane med prosjektet, men samtidig gav han oss mot til å satse» fortel Olset.

Sidan Heidi og Arild er samboarar og ikkje kunne ha samdrift , valde dei DA (delt ansvar) når dei skulle slå saman gardane sine. «Me er heldige fordi begge gardane har lettdreve jord, og i år blir det mykje gras» seier Arild. Foreldra til Heidi har sagt at dei vil setja seg inn i robotdrifta, slik at dei kan fungera som avløysarar når det trengs. Saman har sambuarane fire ungar som òg trivst godt i den nye fjøsen. Draumen til Heidi er å kunne vere meir involvert i drifta og å kutte ned på jobben utanom garden.

God støtte frå bygningsplanleggar

Den nye lausdriftsfjøsen er bygd saman med den gamle driftsbygninga, med felles fôrsentral. Byggeprosessen har gått bra men det var mange prosessar å halde styr på og mange avgjerder å ta. I tillegg til den daglege drifta på garden var Arild òg byggeleiar. Jørgen Wiik som er bygningsplanleggar i TINE rådgiving blei leigd inn når Arild ville ha ei ekstra meining på slutningane som skulle takast. - Med hans praktiske erfaring som bonde og med utdanninga hans, var Jørgen ein naturleg person å spør om råd. Han er ein rådgjevar eg har anbefalt vidare til andre som er i same situasjon, seier Arild. - Sjølv med ein erfaren byggeaktør, har behovet for bistand i frå TINE rådgiving vore stort, og eg er glad for å ha kunne vore til hjelp, seier Jørgen Wiik.

Tydelig fokus på overgang og drift

Ragnhild Jensen, gården sin nøkkelrådgevar, har vore aktiv i byggeprosessen. - Som nøkkelrådgjevar er mi oppgåve å forberede bøndene på det som kjem. Dei må ha nok dyr, også til rekruttering dei neste åra, ein plan for avl, fôring og helse for å kunne drive best mogleg frå dag ein, seier Jensen. Til dømes blei det ein gjennomgang av jurhelsa då buskapane skulle slåast saman. - Vi tok PCR-speneprøvar av alle dyr med høgt celletal. Desse blei enten utrangert eller sinbehandla. Ho har også bidrege til orden i Kukontrollen og formalitene rundt oppretting av DA.  

I tillegg har Runar Haugland bistått i oppstarten av melkerobot og fôringsrådgeving på vegne av TINE og Delaval.

Rådgjevartjeneste for hele prosessen

TINE Bruksutvikling er eit tilbod der me som rådgjevarar jobbar saman for å støtte bonden gjennom planlegging, bygging og drifta til fjøsen står ferdi. Les mer om hva vi kan bistå med her: TINE Bruksutvikling (TBU)

Bilde av familien Ringstad og Olset

Ringstad og Olset 3

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås