Meny

Utbygging av geitebruk på Stranda

Geitebonde Eva Kristin Fjørstad har gjennomført ei trinnvis utbygging på garden, og har i dag 160 årsgeiter.
Geitebonde Eva Kristin Fjørstad har gjennomført ei trinnvis utbygging på garden, og har i dag 160 årsgeiter.

Om kort tid er det klart for å setje i gang med bygging av ny fôrsentral på geitebruket til Eva Kristin Fjørstad på Stranda. I dette trinnet er det viktigast å få til enda lettare handtering av grovfôr og å kunne hauste inn grovfôr utan å vere avhengig av siloar med vanskeleg tilkomst.

Fôrsentralen skal gi plass til grovfôrkuttar med reservoir for rundballar, noko lagerplass for rundballar og transportør for grovfôret frå fôrsentral til det rullande fôrbrettet. Fôrsentralen kjem og til å ha plass til ei blandevogn hvis dette skulle bli aktuelt i framtida.

Eva Kristin har drive garden sidan 2004, - dei første tre åra ilag med faren Hallvar Fjørstad . Ho tok over garden for fullt frå 2007, men Hallvar er framleis ein viktig person i drifta. Produksjonsomfanget på garden er i dag ca 120 000 liter geitemjølk produsert på 160 årsgeiter. I tillegg har ho 66 vinterfôra sauer. Tilknytinga til garden og plassen der ho er vokse opp har alltid vore sterk og Eva har alltid tenk at ho skulle ta over garden. Gardsarbeid og særleg arbeid med dyra har ho alltid hatt interesse for. Av utdanning er Eva pedagog med spesialområde hørsel og språk og har enno 20 prosent jobb i barnehage.

Ynskje om å drive geitebruket på heiltid

Skulle Eva satse på geitmjølkproduksjon og verte bonde på heiltid slik ho ynskte, var det heilt naudsynt å utvide produksjonsgrunnlaget og modernisere geitefjøsen. Det var ikkje eit alternativ å halde fram i den gamle geiteavdelinga med tungvint grovfôrhandtering og mjølking på låge pallar inne i fjøsen. Betre velferd for geitene var også avgjerande. Prosjektet «Friskare geiter» var i gang og var mest et «spark bak» for å kome i gang med utbygging.

Diskusjonsrundar om ulike løysingar

I den aller første fasen av planlegginga var dei viktigaste diskusjonspartnarane far Hallvar og TINE-rådgjevar Steffen Nordang. Dei første fjøsteikningane vart utarbeidd hos Fylkesmannens Landbruksavdeling. Gjennom prosjektet «Geit i Vekst» kunne prosjektleiar Ola Søgnesand som no er bygningsrådgjevar i TINE,  også tilby bygningsrådgiving på geitebruk. Han har vore ansvarleg for planlegginga av både første og andre utbyggingstrinn på garden. Ola og Eva brukte lang tid på planlegginga og hadde mange diskusjonar om alternative løysingar. Det var særs viktig for Eva at ho fekk løysingar som ho i etterkant ikkje ville angre på. Ei god mjølkeavdeling var særleg viktig. Dyreflyten er avgjerande for å få til effektiv og «smidig» mjølking utan stress og jaging. Besøk i andre geitefjøsar for å sjå nye tekniske  løysingar og høyre om erfaringar med nytt utstyr var viktig.  I mange høve var det sparsomt med erfaringar og kompetansen hos firmaene som forhandla nytt utstyr til geit var heller ikkje alltid svært høg.

 ved_kjebingen_Bygningsrådgjevar Ola Søgnesand, Hallvar Fjørstad og Eva Fjørstad ved kje-bingen.  

Tilråding om trinnvis utbygging

Ved hjelp av ØRT Geit utabeidd av TINE og driftsplan frå lokalt rekneskapskontor fekk Eva grunnlag for å vurdere økonomien i det planlagte prosjektet og å kunne søke Innovasjon Norge om lån og tilskot. Denne prosessen gjekk svært greit. Økonomirådgjevarane som sette opp driftsplan rådde til å ta investeringane i to trinn. Det første trinnet omfatta modernisering av driftsbygningen som var kostnadsrekna til ca 3 mill kr. Det vart ein liten overskriding av  kostnadane grunna avvik på betongarbeid og uforutsette kostnadar ved el- installasjonar.  Neste investeringstrinn vart planlagt ca 5 år fram i tid slik at det planlagte produksjonsomfang var godt etablert og gir no tryggleik for nye investeringar.  Kostnadsoverslaget  for ny fôrsentral er på 1,2 mill.

Verdiar i eldre bygningsmasse vart utnytta

Bygingsrådgjevar Ola Søgnesand, Hallvar og Eva var enige om at så sant det var mulig skulle ein utnytte verdien i bygningsmassen i den eldre driftsbygningen. Utfordringane med å finne gode løysingar var større enn om ein skulle bygge  heilt nytt, men planleggaren fann ei god løysing ved å bygge på ny geiteavdeling i tilknytning til den gamle bygningen.

I den nye avdelinga går alle mjølkegeiter saman i ein stor binge. Kraftfôret vert fôra ut via tre kraftfôrstasjonar og det rullande fôrbrettet lettar utfôringa av grovfôr. Mjølkestallen er ein  2x12-stall med frontutgang og elektronisk identifisering av geitene.

tilbyg_på_geitefjøs_Eva_FjørstadTeikning: Ny geiteavdeling var klar i 2011.

Overgang til nytt fjøs og nye dyr

Oppstart og overgang til ny geiteavdeling med berre nye geiter og nytt utstyr gav sjølvsagt utfordringar. Forsinka montering av mjølkestall då geitene starta kjeinga var ein tøff periode men lot seg løyse med lån av transportabelt spannmjølkeanlegg frå ein kollega. Å lære geitene å gå på mjølkestallen er ein øvelse som krev tålmodighet og uthaldenhet.

Produksjonen kom likevel godt i gang i ny geiteavdeling i november 2011 og allereie i 2012 vart kvota om lag fylt. Ei viktig årsak til god produksjon første året var 80-90 geiter som var blitt nesten 1 ½ år før dei kjea første gang. Dei var store og robuste og mjølka svært godt. Med kjeingstid i november får Eva utnytta ein del av sesongtillegget på mjølk og ho bidreg til at TINE Ørsta får mjølk til Snøfrisk i vintermånadane.

I åra etter den første utbygginga har produksjonen gått etter planen og det økonomiske grunnlaget for å gå i gang med trinn to i utbygginga er no solid.

Mjølkestallen 
Eva, faren og bygingsrådgjevaren i mjølkestallen

Kva kunne ein gjort annleis?

Noko som kunne vore gjort annleis i planleggings- og byggefasen er i større grad å  samanlikne prisar og innhente tilbod frå fleire forhandlarar. Det var lett å bruke det firmaet ho kjente best frå før. Når Eva no er i gang med ny byggeprosess er dette noko som vert tenkt meir på. Ho er også meir bevisst på kva som er mulig å forhandle om når ein får tilbod på utstyr eller arbeid.

Funksjonell og god arbeidsplass

Den nye geiteavdelinga fungerer godt. Den er lettvint med god luft, godt lys og god plass til mjølkegeitene. Mjølkestallen er ein god arbeidsplass der ho får riktig arbeidshøgd og god oversikt. Utslusing av geitene kan vere litt utfordrande og ho ynskjer at det var mulig å setje fast alle geitene på ein gong, særleg ved vaksinering og ved paring og inseminering. Eva tenker no på om kjea burde hatt litt meir plass. Dei veks svært godt og er store og i god trivnad. At dei har god plass til ei kvar tid ser ho som svært viktig.

 «Sjå dyra».

Utfordringar i produksjonen er der heile tida  men det gjer også jobben interessant: skape god kvalitet på mjølk, fôre riktig, drive avlsarbeid og halde geitene friske og holdbare .

Gode rutiner er kjernen i alt arbeid for å få til det ein ynskjer seier Eva . Erfaringane som kjem etter kvart der ein greier å «lese» dyra , vite kva ein skal sjå etter hos enkeltdyr og i flokken er avgjerande.

Eva brukar god tid på dyra. Sjøl om ho ynskjer eit rasjonelt opplegg for mjølking og fôring er det ikkje eit mål å bruke kortast mulig tid i fjøsen. Ho vil ha det lettvint og unngå slit, men vil bruke den tida som skal til for å få eit resultat ho er nøgd med.

Diskuterer fag

Nære naboar som også driv med geit er gode å diskutere det meste i drifta med. Det vert gjort nesten dagleg. Fjøsskule med ein engasjert veterinær som drivkraft gir fagleg påfyll. Nøkkelrådgjevaren i TINE fram til siste årsskiftet, Steffen, var ein person som vart brukt mykje. Hans engasjement og interesse for geitebruka gjorde det lett å ta kontakt. Både til fôringsrådgiving og bygningsrådgiving brukar Eva TINE–rådgjevarar og ho understrekar betydninga av å ha rådgjevarar som verkeleg har stor interesse og engasjement for geit og geitmjølkproduksjon.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås