Meny

Korleis kan Lean lette din kvardag?

Torill Nevland Fallet(t.h) og avløseren Irene Kaupang Tangen(t.v) på Austmo Gård var et av prøvebruka. Studerer sin tavle.
Torill Nevland Fallet(t.h) og avløseren Irene Kaupang Tangen(t.v) på Austmo Gård var et av prøvebruka. Studerer sin tavle.

Kva er Lean, og korleis kan Lean-metoden hjelpe deg å jobbe smartare? Å tenkje meir bevisst, er noko av det bøndene i eit prøveprosjekt trekkjer fram. Mange har også fått meir orden på ulike utfordringar. Lean er sunt bondevett satt i system. Les meir om Lean satsinga i Tine Rådgiving.

Saman med Geno og Nortura har TINE fått støtte frå Matmerk til prosjektet Lean i landbruket. Alt før prosjektet er sluttførd,  går Tine Rådgiving inn for å tilby dette som ein ordinær rådgivingsteneste over heile landet.

TINE Rådgiving tilpassar Lean til landbruket

Lean er eit engelsk ord som tyder slank eller mager, og går ut på å få mest mogleg ut av dei ressursane ein har. Bonden har ei krevjande leiaroppgåve, og ei av dimensjonane i Lean, er å ta i bruk leiingsverktøy som gir mental avlasting. Dette aukar trygghet og minkar stress. Me kan sei dette er sunt bondevett sett i system.

Mange bedrifter i Noreg brukar og verktøy frå LEAN filosofien, og  i prøveprosjektet har vi testa ut om dette kan nyttast også i landbruket. Me ser at mange av grunnprinsippa og verktøya  kan nyttast i landbruket, sjølv om vår næring er ulik andre næringar.

Sertifisert leanrådgivar nær deg

Tilbakemeldingane frå bøndene som har vore med, er såpass tydelege, at dette bør TINE spreia vidare. Tine rådgiving og medlem legg opp til at det skal vera ein sertifisert Lean rådgivar i kvart distrikt. Sjå oversikten øvst til høgre i artikkelen.

Setter også deg i sentrum

Eit av grunnprinsippa er at me må erkjenna at me heile tida må forbetra oss. Dette er så sentralt, at me arbeider bevisst for å finna små detaljer som kan gjera at me arbeider meir effektivt.  Eit av fundamenta er respekt for mennesket, og  er viktig å ha med seg når me skal arbeida med Lean. Difor vart også vilje til berekraftig utvikling ståande som ein felles visjon for pilotbruka som er med i prosjektet.  Det betyr at ein ikkje skal springa fortare, men jobba smartare.

Metodar og verktøy

Lean tek i bruk ulike verktøy alt etter kva som er utfordring eller forbetringsområde. Det skal vera enkelt, og du jobbar med ein ting om gangen. Skal du auka fokus på eit område, så få det opp på ei tavle, og ha tett oppfølging. Det visuelle er viktig, og gir resultat.

Faste arbeidsbeskrivingar som sikrar at alle gjer arbeidet likt på kritiske oppgåver , aukar trygghet for alle, og sikrar minst mogeleg variasjon i produksjonen. Orden og system gjer arbeidsdagen meir effektiv.  Me søkjer etter fakta, og løyser oppgåva i fjøset.

Kva kan Lean hjelpe deg med ?

  • Få alle til å bidra til den beste måten å gjera arbeidet på
  • Hjelper deg til å stille spørsmål om eigen arbeidsmetode
  • Hjelp til å bli ein betre leiar seg sjølv og tilsette
  • System for å følgje opp over tid. Nå dei oppsette måla for drifta og familien

Lean er ikkje noko som ein vert ferdig med, men er måten ein jobbar på i det daglege.

I tida framover vil det kome fleire artiklar om Lean i landbruket. Her ligg linkar til tidlegare artiklar om Lean. Ikke nøl med å ta kontakt med ein leanrådgivar.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås