Meny

Tavler gir betre oversikt og kommunikasjon

Ei enkel tavle i inngangspartiet sikrar god oversikt og kommunikasjon
Ei enkel tavle i inngangspartiet sikrar god oversikt og kommunikasjon

Medlemene i samdrifta Figgen Forever DA har hatt nytte av tenkinga omkring Lean ved at dei er meir bevisst dei oppgåvene som skal følgjast opp. 3 store tavler er hengde opp i fjøset, og desse er i bruk i den daglege drifta. Les korleis dei jobbar meir effektivt saman.

Her får me opp dei oppgåvene som er viktig å følgja med på. Tavlene er i dagleg bruk, og viktige ting vert notert her. Det har letta kommunikasjonen mellom dei som utfører arbeidet.

Viktig påminning ved inngangsdøra

I inngangspartiet  ved smitteslusa heng den første tavla. Her skriv dei opp viktige ting som alle skal vera klar over. På tavla heng også eit ark med arbeid som skal utførast i nær framtid. Me fann ut at det var like greitt å notere planlagde arbeidsoppgåver  på eit ark som me heng opp, og så stryk me ut etter kvart.

Tavle bidreg til færre telefonsamtalar

På tavle ved mjølkeroboten vert ført opp alt omkring  mjølking og dyrestell. Kyr som skal sjekkast i forhold til mjølking og sjukdom vert notert på tavla. Her heng og arbeidsprosedyre både til kalvefôring og reinhald. Tavlene brukar me heile tida. Det er mykje greiare når eg kjem i fjoset no, seier Helene. Det tek vekk mange telefonar, og Torstein måtte tidlegare opp for å visa meg då eg kom på arbeid. Dette er bra for meg og, seier Torstein. Eg skriv her, og er sikker på at dei andre får det med seg. Det lettar presset på meg, men det er ikkje fritt for at i hektiske periodar kan det «koka» sjølv om ein har aldri så gode system.

På bedriftsbesøk for å læra meir

Dei er glade for at dei har fått innføring i denne måten  tenkja på, og har meld seg på bedriftsbesøk hjå Felleskjøpet for å få inspirasjon til vidare Lean-arbeid. Les meir om besøket i neste nummer av Buskap.

Samdrift

Samdrifta Figgen Forever DA har vore med som pilotbruk i prosjektet Lean i landbruket. Samdrifta produserer om lag  750 tonn mjølk, og har omkring 250 dyr i fjøset. Det er familien Torstein Lima som har hovudansvaret i drifta. Dei har og 75 vinterfôra sau. Helen Haga Moe overtok heimegarden for 3 år sidan, og denne garden var med i samdrifta. Ho har hatt deltidsstilling i samdrifta, men trappar opp arbeidsinnsatsen sin når den faste avløysaren no pensjonerer seg.

Figgen Forever samdrift

Foto: Helen Haga Moe, Trond Kåre Hetland og Torstein Lima framom tavla som heng ved inngang til mjølkeroboten.

Stor endring for avløysaren

Den dagen me var på besøk i samdrifta hadde den faste avløysaren Trond Kåre Hetland sin siste arbeidsdag. Han skulle no pensjonere seg.  Han har vore avløysar samanhengande sidan 1976. - I starten avløyste eg på 10 bruk, så vart det 5 bruk, og dei siste åra har eg bare vore her. Tidlegare var det stort sett munnlege beskjedar, og mange gonger vart det bare sagt at stellinga var som sist. Det kunne vera utfordrande, men etter kvart vart bøndene flinkare til å skriva opp beskjedar. Det gjorde arbeidet lettare, seier Hetland.

Lean er også for dei mindre bruka

Samdrifta Figgen Forever DA er eit stort melkebruk. Prosjektleiar Eivind Vik presiserer at Lean ikkje er eit metode som kun er tilpassa store bruk, men heilt klart kan ha nytte også på mindre garder 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås