Meny

Start kvotetilpassinga no

Mjølkeinngangen vart god i 2018 etter at forholdstalet vart sett opp til 1.04. Mange går difor inn i 2019 med høg produksjon, og redusert forholdstal til 0,98 i 2019 tilseier at bremsene bør settast på. God planlegging og iverksetting av ulike strategiar bør vurderast allereie no for å unngå raske og ulønsame kvotetilpassingar til hausten.

Utsiktene framover tilseier mindre behov for mjølk til industrien når eksportstøtta til Jarlsberg forsvinn i 2020. Det er dermed føringar for at det blir ein merkbar reduksjon i kvotene også i 2020, men kor mykje er foreløpig usikkert. Difor er det viktig å starte planlegginga for å treffe kvota best mogleg no, og vere førebudd på at produksjonen må ytterlegare ned i 2020.

Når ein ser på data i Kukontrollen, ser ein at kraftfôrmengdene har auka kraftig i haust og vinter. I januar var mengde kraftfôr 0,6 kg høgare per ku per dag enn i januar 2018. Dette har ført til at avdråtten også er høgare enn nokon gong, og i januar var avdråtten 0,9 kg høgare per ku per dag enn året før. Foreløpige tal for februar viser same trenden. Det må no gjerast grep for å få ned produksjonen så det ikkje går ut over mjølkeprisen framover, for å greie å treffe kvota og for å unngå unødige fôrkostnader.

Start i tide og køyr TINE Mjølkeprognose no

TINE tilrår å køyre Mjølkeprognose no for å få ei god vurdering av kva tiltak som eignar seg best i din buskap. Med tanke på kvotefylling bør optimalt tal kyr og avdråttsnivå sjåast i forhold til gardens forutsetningar, som eksempel fjøsutforming, grovfôrtilgang, grovfôrkvalitet og driftsopplegg. 

Ta kontakt med din TINE-rådgjevar - kom i gang med kvotetilpassinga no og få best mogleg økonomisk utnytting av kvota!

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juli

Kr 5,16

Snitt fettprosent kumelk juli

4,27%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås