Meny

Nytt kufjøs er meir enn bygningen

Den store innflyttingsdagen er komen. Fotograf Kay Arne Aarset, Tine Rådgiving
Den store innflyttingsdagen er komen. Fotograf Kay Arne Aarset, Tine Rådgiving

Å bygge nytt fjøs krev mykje meir enn å planlegge sjølve bygget. Produksjonen aukar og vi må planlegge og meistre overgangen frå båsfjøs til nytt lausdriftsfjøs og ny teknologi. Eit fjøsprosjekt må difor delast opp i fasar, slik at vi kan ha rett fokus til rett tid.

 

Fjøsprosjektet er ein totalpakke. Dette krev ein god planleggingsfase, for å få godt resultat med
planlegging av dyr, kvote, fôr, arbeidsrutinar i nytt fjøs, sjølve bygningen osv. I endringsfasen skal
vi byggje og flytte inn. I ny-driftsfasen skal vi få opp produksjonen og optimalisere drifta raskast
mogleg. Dei forskjellige fasane krev altså ulike fokus, og vi må få gjort arbeidet til rett tid for å lukkast.

Utbyggingsfaser

Sjå på ulike løysingar 

Å gå frå fjøs med 15-25 kyr til nytt fjøs med 40-50 kyr krev mykje dyr for å fylle det med produksjon. Ei av dei viktigaste erfaringane frå brukarane i undersøkinga er å planlegge korleis du skal få nok dyr til det nye fjøset, og at ein må starte planlegginga tidleg!

Når fjøset skal planleggast bør du besøke ulike fjøs, små og store, for å sjå ulike løysingar og høyre om erfaringane. Besøk fjøs som har vore i drift nokre år, slik at bonden har testa og røynd drifta og bygget.

Endringsfasen er ein intens periode. Du skal drifte dagens produksjon, byggje nytt fjøs, du skal kanskje vera byggeleiar eller delta i byggjearbeidet. Når bygget er klart skal du ha nok dyr og kome raskt i gang med produksjonen. Ny teknologi skal lærast, både for dyr og folk. Og i tillegg har mange eit familieliv å ta omsyn til. Her bør du kritisk vurdere kvar du skal nytte din kapasitet, og kva du skal leige inn andre til å gjere.

Overgang frå båsfjøs til lausdrift med ein større produksjon krev stor omstilling hjå deg som bonde, både praktisk, mentalt og som leiar og driftsleiar. Fokuset og oppgåvene endrar seg, slik denne mannen i 40-åra som hadde auka frå 20 til 100 kyr, uttrykka det:

- Hendene var den viktigaste arbeidsreiskapen eg hadde før, nå er det hovudet. Det er meir planlegging, tilrettelegging, optimalisering og slike ting, det er meir det eg driv med nå. Brukar mykje meir tid til å planlegge enn eg gjorde før.

Meir fyldig artikkel om dette temaet kan du lese i Buskap nr. 2-2016.

I prosjektet «Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon» har 36 brukarar frå Rogaland delt sine erfaringar med å planlegge, bygge og ta i bruk nytt fjøs.

Ta gjerne kontakt med din Nøkkelrådgiver hvis du har behov for støtte i en bruksutviklingsprosess.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås